Her ser du alle hovudpremiane for BG-nøttene 2016. Ikkje rart at BG-nissane er stolte!

Svar, vinnarar og kommentarar - BG-nøttene 2016

KOMPLETT: Spørsmål, svar, vinnarar av dagspremiane og - ikkje minst - eit lite utval av alle dei strålande fine kommentararne BG-nissane får på bonusspørsmåla! Her er alt, frå 1. til 24. desember.

Publisert

Premiesekken inneheld gåver med ein samla verdi på over 200 000 kroner. Resultatlista under inneheld både dyktige nøtteknekkarar og mykje nyttig kunnskap. Bonussvara inneheld kvardagsgleder, ettertanke og stor humor. Og BG-nissane er veldig glade for at dei kan dele desse gledene med alle nøtteknekkarane!

Lista blir oppdatert sånn cirka fortløpande. Hovudpremiane vert trekte i løpet av romjula.

Vil du lese meir om hovudpremiane, klikk her. Dagspremiane kan du lese meir om her. Sjekk også instagramkonkurransen vår!

Til dei fantastisk mange nøtteknekkarane som legg inn strålande kommentarar på bonusspørsmålet: Hald fram slik! Nissane har berre plass til å publisere ein veldig liten del av alt som kjem inn. Men både publiserte og upubliserte kommentarar er med i trekninga om kommentarpremien.

24. desember


Spørsmål: Kva fire traktormerke er traktoren på biletet bygd opp av?

Svar: Massey Ferguson, McCormick, New Holland og Valtra.
Noko unikt for traktorane i denne oppgåva, er at to av BG sine journalistar har køyrd og testa akkurat desse traktorane du ser på biletet, i tillegg til fem andre traktorar i same storleik, grundig og omstendeleg gjennom fleire veker i haust, i den største testen i Bedre Gardsdrifts historie. Resultatet frå testen kan du lese i papirutgåva av Bedre Gardsdrift på nyåret, vel å merke om du abonnener på bladet.


Andel rette svar: 80 prosent
Sjølv om gamlenissen klarte oppgåva ganske fint, var bastardtraktornissen litt bekymra. For då oppgåva vart testa på julegjestene, var det ingen som klarte den. Nissedottera på 12 var den første som såg alle fire merka.
Mellom nøtteknekkarane meinte mange å sjå både Zetor, Fendt og Kubota. Faktisk fekk samtlege merke på lista, frå Kioti til John Deere kryss. Og nokon etterlyste CaseIH, som BG-nissen utelot frå lista for å unngå blanding med New Holland.

Premiar julaftan: Gardsnamnskilt i stål, 2x1 meter, frå Dalen. Lego Technic Claas Xerion frå Lego. Siku Control modelltraktor frå Siku. Duplo Min første bondegård frå Lego. 

Premiar:
0 til 5 år:
Åtte månader gamle Håkon Sørbøen Torsgard, 3570 Ål, vinn Duplosettet Min første bondegård, gitt av Lego. BG-nissane er imponerte over innsatsen!
6 til 10 år: Sju år gamle Sofie Eline Loch Nyløy, 7725 Steinkjer, vinn ein Siku Controll fjernstyrt modelltraktor, gitt av Siku. Sofie har alt rett!
10 til 16 år: Linn Kvammen, 5936 Manger, har tatt traktorlappen i år og er akkurat innanfor aldersgrensa for å vinne Technic-settet med Claas Xerion, gitt av Lego. Ikkje berre har ho alt rett på julaftan, ho har svart rett 21 av dei 22 dagane ho har deltatt i BG-nøttene. Vel fortent premie til Linn, tykkjer BG-nissane!
Dagspremie: Gardsnamn-skilt i stål på 2 x 1 meter frå Dalen, utforma i samråd med vinnaren, og i tillegg helgepass til Agrisjå, går til Gudbrand Hoff, 2760 Brandbu. Gudbrand er bonde med husdyrproduksjon, planteproduksjon og skog. Om ikkje BG-nissane har bomma aldeles med teljinga si, står namnet Gudbrand Hoff nemnt 24 gongar i alt rett-lista. Då er det heilt på sin plass med ein gjæv dagspremie!

Berre så det er sagt til alle dagspremievinnarane: Når hovudpremiane skal trekkjast, er vinnarsjansane akkurat like store for alle som er kvalifiserte, uavhengig av dagspremie eller ikkje.

24. desember var det ikkje bonusspørsmål, men nøtteknekkarane kunne sende julehelsingar. Desse helsingane kan du lese her.

23. desember

Premie 23. desember: Lego Technic 42054, ein modell av Claas Xerion, gitt av Håmsø Patentbyrå. 


Spørsmål: Korleis har utviklinga for Bedre Gardsdrift vore dei seinare åra?
Svar: Samanhengande opplagsvekst dei siste seks åra, til skilnad frå alle andre publikasjonar retta mot landbruket.
Bedre Gardsdrift har ligge utruleg stabilt i lange tider. I 2003 vart BG det største abonnementsbladet retta mot landbruket, ein posisjon som er blitt styrka kvart år sidan då. Opplaget i 2016, ut frå Fagpressen sine offisielle målingar, er 17 722. I 2011 var talet 15 604.
Andel rette svar: 95 prosent
Vinnar: Nils Magne Vole, 2686 Lom
Premie: Lego Technic-versjonen av Claas Xerion, sponsa av Håmsø Patentbyrå (avtroppande redaktør Magnus Østby sin nye arbeidsgivar)

Bonusspørsmål: Kva skulle du gjort om du ikkje gjer det du gjer no?
Nøtteknekkarane skulle helst ha ligge i senga eller vore i gang med dagens dont, men dei måtte berre svare på nøttene først. Og dei som svarer veldig seint på natta har veldig mykje anna "skal berre" i tillegg.
Nokre skulle hatt ein annan jobb, men veldig mange fleire skulle helst vore heiltidsbønder. Og veldig mange skulle ha gjort alt som skal gjerast før jul. Så har vi da også ein stor flokk som berre vil halde fram å gjere det dei gjer akkurat no, og som er godt nøgde med det.

Ole: Vært ute å bygd fjøs
Svein Magne: Vore heiltidsbonde
Guro: Vasket, ryddet, baket, pakket inn julegaver, lagt unger, matet dyr, redd senger, brettet klær, pyntet juletreet - eller allerhelst i sofaen med beina høyt og tenkt at vi kom i mål i år og.. Kanskje jeg er der når klokka bikker midnatt..
Marit: Svensk reiseleder for pensjonister på Gran Canaria.
Anne Merete: Sovet!,istedetfor å svare på dagens nøtt halv to på natta:))
men nå skal jeg tasse pent i seng..og dermed gjøre det jeg osv osv ;)
Anders: Skulle gjerne vore bonde på heiltid.
Men då måtte eg hatt større gard, ny fjøs og betydeleg større gjeld, nesten som "Kongen av campingplassen" (Ole Ivars).
Forskjellen er at kjerringa mi er ganske nett, og at ingen tar meg for å låne meg betre enn eg er.
Inge: Skismører
Borghild: Sett nestsiste episode av Snøfall på nett-tv.
Ketil: Selv om ingen av fremtidsplanene fra barne-og ungdomsårene ble noe av må jeg si meg fornøyd med tilværelsen og tingenes tilstand. Familie, venner, meningsfylte dager og verdens beste premie under dagens kalenderluke (hint hint).
Bente: Rydding med div. førebuande arbeid, slikt som å fullføre arbeid med ulike slag dokument før dei vert sett i permar som vert tatt bort frå bordet og arkivert.
Då kjem eg vonleg ned til spisestove-/kontor-bordoverflata før julaftan. :)
Arild: pensjonert meg
Frank: Om eg ikkje hadde svart på BG-nøttene nå, hadde eg vert ute I verkstaden å sveisa litt trur eg
Ivar: No har eg masse gjeld.
Da må eg berre halde på med det til eg blir rik.
Trond Kirkvaag sin figur Jacob Winche Lanche har ein fantastisk passiar med Otto jespersen sin antihelt Birger. Der seier JWL: Det er en ting jeg aldri har angret på, og det er at jeg ble rik....
Ronny: Laget middag, vasket og stelt til jul, men man har jau kjerring til slikt😂 Ligger selv på sofaen og venter på middagen og leser bedre gardsdrift👍
Jan Petter: Køyrt rundballer!
Kristian: Kjørt anleggsmaskiner igjen. I stedet for å mjølke ku😨
Lars: Kanskje sørget for at andre også i framtida får muligheten til å gjøre det jeg gjør nå: jobber innen landbruket. M.a.o. sparket visse politikere dit pepper'n gror.
Johan Peder: Ikkje drivi med naut, men vore astronaut !
Olav: Hvis jeg ikke gikk I 5 klasse skulle jeg ha drevet en gard
Vegard: Hadde nok vært i Alaska da. Drevet som jager og fangstmann
Jan-Harald: Gått å sparka i smågrusen, slått hovudet i veggen og vert tom i blikket. Nei, takk vår herre at me får BG 10 ganger i året.
Lars Magne: Flytta på hytta, blitt selvberger og gitt skogen mye mer oppmerksomhet.
Bjørn Oskar: Finns d nå anna einn bonde da?
Jan Ove: Då skulle eg vel våre stortingsmann og bestemt att norsk landbruk er det me skal satse på i framtida, og bygge opp våre lagre istaden for og bygge ned.
Ola Tormod: Då kunne eg tenkt meg og vore med i den fantastiske gjengen som produserar Norsk Mat!
Lisbeth: Drevet stutteri med fjordhest, for å være med og redde våre særnorske hesteraser :)
Lena: Det er så mye man skulle gjort og plasser man skulle vært og man kan drømme om så mangt, men når man lener panna mot den varme kua og hører lydene av drøvtyggere og melken som strømmer i koppen da kan drømmer være drømmer. Klart jeg vil ønske meg til kortere dager men ingen er så heldig som meg ☺
Joakim: Betalt regninger
John-Petter: Alt kona maser om

Premie 22. desember: Tørrstoffmålar for å fastslå næringsinnhald i husdyrgjødsel, frå Agromiljø. 

22. desember


Spørsmål: Korleis luktar rein nitrogengass?
Svar: Ingenting
Nitrogen, med det kjemiske symbolet N, finst i store mengder rundt oss. Tørr, rein luft inneheld 78 volumprosent fritt nitrogen, altså rein nitrogengass. Nitrogen kan også finnast i ymse sambindingar, mellom anna ammoniakk. Slike gassar luktar stundom mindre godt, men då snakkar vi ikkje lengre om reint nitrogen.
Nitrogen er det viktigaste næringsstoffet for dei fleste kulturplantane våre, og stimulerer til vekst og volum. For høge nitrogenmengder kan vere uheldig, ikkje minst for kvaliteten på avlinga.
Andel rette svar: 95 prosent
Vinnar: Anders Orset, 6639 Torvikbukt
Premie: Husdyrgjødselmålar frå Agromiljø.

Bonusspørsmål: Ojojoj - det er snart jul! Og når nettene blir lange....

Her har nøtteknekkarane stor breidde i svara sine. Frå dei som så optimistisk peikar på at nettene no er i ferd med å verte lysare att, til dei som gler seg over alt som kan gjerast i ly av mørkret. Enten det er å sove på sofaen, vente på at det skal snø, eller heilt, heilt andre ting.

Ketil: ... Og julestresset setter inn, så sier vesle konemor til julenissen sin:
hvis du ikke går i momsfella, og steller godt med meg, skal alle sammen nok få feire jul igjen.
Daniel: ... og pappa jobber seint, da venter ungeskokken på at pappa skal ta fri...
Ragnhild: .... så kommer marerittet om monstertraktoren sigende på.
Siren: ...kan man sove ekstra lenge!
Arild: ...sover far i sengen sin, mens hustru svinser rundt i huset frem mot morgenstellet.
Stephan: ...så venter jeg på musemor ;-)
Simen: Blir det mye soving
Lars Johan: Blir kjærringa veldig stressa
Kari: Då vert det travelt med å verta ferdig med alt...
Agnethe: Er det godt å ha noen å dele seng med :)
Ivar: Er det veldig slitsomt å stå opp
Lars: Jada, men nå blir nettene kortere igjen, sola snudde i går.
Jakob: Kan vi finne på mykje rart, spesielt det som kan vere fint å gjere i skumring😘
Kjell: Nå har sola snudd så nettene blir kortere, snart er det våronn, så her er det bare å stå på.
Hans: Når man bor i en dal hvor sola ikke når ned til bånn om vinteren, er det ikke så nøye hvor lange nettene er.
Jon Morten: Når nettene blir lange, blir minene mange, og det er lett for at lunta blir for kort. Kort lunte er ikke bra, for da rekker du ikke å snu i tide!
Arnstein: Når nettene blir lange, og nedbøren blir stri
då passar me på brønn og mark, som kanskje då kan skli.
Men om marka ikkje flyttar seg, og brønnen står heilt still,
får folk og fe vatnet sitt, i minst eit døger til.
Bodil: -og kulda setter inn, da koser jeg meg fælt med julestaken min!

Så trivelig med lys i vindu ;-)
May Elisabeth: Og kulda setter inn....... ;-)
Ja sannelig blir nettene lange no rett før jul ja, masse som skal gjøres for å få alt ferdig. Og bare såvidt jeg får tid til å svare på BG-nøttene også, men det viktigste må selvfølgelig gjøres ;o)
GOD JUL om jeg ikke rekker å svare imorgen!
Magnus: Og stormen setter inn, drar nissefar og drengen ut med lommelykten sin,
De må ikke gå i grøfta, så de passer seg for den,
og er de riktig heldig kommer lyset igjen.
Heisann og hoppsann og fallerallera,
Nå får gå i fjøs og sånn og bare være gla',
Heisann og hoppsann og tuddelituddelidei,
Der slokna lommelykta så da får lukta vise vei.
Jannike: Sovna gubben på sofaen
Christian: Så bi du bættremæ trøtt ja...
Mette: Å kalvingen er i gang.
Då må en ut i fjose, for å sjå om det er blitt gang.
Kansje går det fort å kansje går d seint,
men en håper det er gjort i en kjempe fei.

Premie 21. desember: John Deere-jakke frå Felleskjøpet Agri. 

Heisan å hoppsann å falle ralle ra ,
eg håper jo at kalven å morå har det bra.
Heisann å hoppsann å falle ralle ra ,
kalven kom seg ut å det gjekk jo så bra
GO jul

21. desember


Spørsmål: Kva heitte ho som var gudinne over jordbruk og korn i romersk mytologi?
Svar: Ceres
Det er namnet frå denne gudinna vi finn att i det engelske ordet for kornprodukt, cerealia. Svaret kunne du finne ved å slå opp i ulike leksikon på nett eller i bokhylla. Store Norske Leksikon omtaler ho slik: Ceres, romersk gudinne for kornavl og åkerbruk. Hun ble tidlig likestilt med den greske Demeter (...), mens Wikipedia nemner at Ceres var dotter av Saturn og Ops.
Andel rette svar: 92 prosent
Vinnar: Arne Olav Munkvold, 7340 Oppdal
Premie: Ei John Deere-jakke frå Felleskjøpet Agri.

Premie 19. desember: To jakker og litt andre greier frå RL teknikk AS. 

Bonusspørsmål: Kva har du i ditt beredskapslager?
Skal vi tro nøtteknekkerne, står det en rekke fulle frysere og velfylte barskap rundt omkring på gardene. Andre har beredskapslageret i fjøset, og ikke minst er det mange som passer på å ha diesel og slitedeler til traktoren. Uten traktoren stopper Norge.

Nils Olav: gjødsel , diesel, såfrø, akevitt
Jakob: Buskapen i fjøsen og vatn i elva
Ole Martin: 4 pils å en pizza
Lena: I år har vi satt to dunker med juleøl..det er et realt godt beredskaps lager nå før jul ☺
Elisabeth: En fettreserve rundt belgen som kanskje blir mer fyldig i løpet av julen.
Peder: Før Trump:4 flasker akkevitt. Etter Trump:3 flasker akkevitt,10 kg ris og 3 frysere elgkjøtt.
Anne Merete: Gaffa. Kokesjokolade. Vann.
Einar-Andre: 300 sau. Holder godt i 7 år det.
Erik: ingenting, her i gården får det enten bære eller briste!
Kristian: Har silofor på lager,
For svoltne mager.
Det gjer melk på tanken
Og pengar i banken.
Arnt: Jeg har det meste av bla.skruer,muttrer,hydraulikkdeler,oljer,filter,diesel,stål,rørdeler osv, for at man skal kunne holde apperatet i gang (som han sa han Oluf,)24/7
Anders: Beredskapslager?
Ketil: Telefonnummer til alle Askeladdens hjelpere. Ett nummer for ethvert problem og enhver anledning.
Johannes: Sju sorter og ein nissesekk med pakker.
Sondre: Kan mjølketanken regnes som beredskapslager?
Fredrik: Kornprodukter, om enn litt foredlet og noe mere flytende
Ragnhild: Siste årgang av Bedre Gardsdrift ligger på en sentral plass i stuen.
Joakim: Diesel, oljer og smørefett. Uten traktorn stopper Norge
Bodil: Et kjempestort matlager, fiskestang og hagle! Jeg er all set når zombieakopalypsen kommer!!

20. desember

Spørsmål: Kva heiter dei to siste magane hos drøvtyggarane, etter vomma og nettmagen?

Svar: Bladmage og Løype/løypemage
Om du ikkje har dette lagra i den store harddisken, kan du finne svaret i ymse lærebøker og på ei lang rekkje nettsider og leksikon om du slær opp på drøvtyggar, ku eller liknande. Til dømes Store Norske Leksikon, eller denne artikkelen frå Universitetet i Oslo.
Som vi kunne slå fast av spørsmålet i forgårs, er to tredelar av det dyrka arealet i Noreg brukt til grovfôr, i tillegg til at vi har enorme beiteressursar. Det å utnytte prosessane i desse fire drøvtyggarmagane er slik sett essensielt for å kunne hente ut den næringa naturen byr oss her nord.

Andel rette svar: 95 prosent

Vinnar: Kari Moa Solstad, 7320 Fannrem

Premie: To valfrie jakker (boblejakke eller softshell, dame eller herre), caps og litt anna stæsj frå RL Teknikk AS.

Premie 19. desember: Avfallstralle, jubileumsbok, gensar og t-skjorte frå Serigstad Agri. 

Bonusspørsmål: Favorittpremie? spurte BG-nissene, uten å spesifisere det noe mer. Flere av dere drømmer om en telefon fra Hamar, enten dere tipper eller ei, og enkelte ser for seg at det kunne vært praktisk med en ekstra mage eller tre de nærmeste dagene. Ikke uventet er det traktorer på lån i en måned som står høyt i kurs hos nøtteknekkerne, men mange drømmer også om en tur, enten det er til Paris eller Stjørdal. Klær og ferdig oppsatt gjerde er heller ikke å forakte.

Christian: Hadd vert artig å prøvd Kubota'n da...
Trond: Den du får av fruen....
Anders: Pokalen i cupen "BONDE I NORGE" - haken med den cupen er at det ikkje er 0-stilling og lik start for alle neste sesong, -det er vinn eller forsvinn kvar dag, og alle mot alle....
Bernt: Abonomang på bedregårdsdrift
Øyvind: Har fått ho. Odelsjente med mye større gård enn den jeg har selv.
Esten: Alt annet enn forsikringspremien er bra, men en hovedpremie fra BG må være bra
Lars Even: Må bli en tur til messe I Paris, det
Anne Berit: Næh.. Det viktigaste er ikkje å vinne,men å delta! Særlig...
Daniel: Favorittpremien fikk jeg etter at jeg hadde klart meg gjennom heile bryllupsdagen min. Måtte til og med pakke ho ut.
Ottar: Samlepermar for Bedre Gardsdrift. Veldig nyttig premie som dessverre ikkje er på premielista?!
Morten: Generelt: Alle, eller flest mulige riktige svar på BG nøttene, ikke minst for bastardtraktoren på julaften, er en premie i seg sjøl. BG nøttene for i år: HMR/HMV hurtigkoblinger.
Asbjørn: Større melkekvote
Espen: Pappa meiner 42 millionar. Eg kan jo vere enig i den, samtidig trur eg slangemerkingssettet kan vere gull verd og vil spare folk for mykje frustrasjon.
Jon Gustav: Så mange gilde premiar at eg er usikker på kva som blir favoritten! Hadde vore artigt å prøvt ein Kubota, eller fått ein tur, men gjerdepremien er sjølvsagt meir fornuftig og nyttig!
Sondre: Alt fra RL-teknikk og GEA kommer høgt opp på lista for en som drømmer om en grønn mjølkerobot!
Jon Axel: Klær, så man slepp å gå nakjin i jula.
Arnstein: Trur kansje eg er ein av dei som hadde takla 88 millionar i lotto Onsdagskveld, men i denne samenheng må eg vel seie grill.
Stephan: En god kaffekopp
Jan Henrik: Kvit Jul !
Andreas: En ekstra mage til jul, så man kan nyte maten ekstra godt uten fare for å legge på seg:)
Rikke: Hadde dansa naken på gårdstunet her om jeg hadde vunnet 300 meter med gjerdet eller kamerasettet fra Elotec. Kanskje jeg heller skulle ha ønska meg arbeidstøy...
Sven-Ruben: Det er så mange flotte premier at det er vanskelig å velge. Låne traktor/redskap blir vel mest som mobbing. Tur er alltid spennende.. Det viktigste er nå uansett å slå jentene i den interne bonusspørsmålkonkurransen 😂😂

19. desember


Spørsmål: Kor stor del av arealet det vert søkt produksjonstilskot på er brukt til grovfôrproduksjon?
Svar: Ca. 67 prosent.
Det finst fleire måtar for å finne dette svaret. Om du frå før veit at omlag tre prosent av arealet her i landet er dyrkajord, og koplar med opplysninga i oppgåveteksten om at kring ein prosent av landarealet er i bruk til korn, åkervekstar o.l., står du att med at to tredelar (ca 67 prosent) mest truleg må vere grovfôr.
Ei anna tilnærming er å sjekke statistikken hos Landbruksdirektoratet. Der kan du finne at det i siste runde vart søkt tilskot til omlag 6,5 millionar dekar. Oppgåva opplyser om totalarealet det er søkt på (9,8 mill daa), og 6,5/9,8=ca 67 prosent.
Det kan elles nemnast at gjennomsnittsarealet pr. grovfôrsøkjar siste runde var 205 dekar, og Rogaland har størst grovfôrareal med nær ein million dekar.

Andel rette svar: 81 prosent

Vinnar: Gina Ragnhild Haugen, 2680 Vågå

Premie 18. desember: Stor kjettingtang frå Lilleseth kjetting. 

Premie: Ein pakke med avfallstralle, jubileumsbok, genser og t-skjorte frå Serigstad Agri.

Bonusspørsmål: Hvem er det fjøsnissene steller for hos deg?
Troa på fjøsnissen lever i beste velgående, og det er BG-nissene godt fornøyde med. Mange av dere er flinke til å sette fram ei skål med julegraut til nissen, mens andre har fått føle vreden om grauten har uteblitt. Atter andre har ingen fjøsnisse som hjelper til på garden og har derfor tatt den rolla sjøl.

Ottar: Store bukken bruse som ikkje kom seg til seters for å gjere seg feit.
Anders: Det må vere seg sjølve; Kvoten er bortleigd, fjøset er tomt, til og med katten har rømt.....
Ragnhild: Barnebarnet har en hjemmelaget adventkalener som henger på veggen hos farmor. Nissene er innom og fyller opp med godterier.
Bjørn Olav: Vet ikke egentlig men tror han er fornøyd for jeg bruker å finne en julepakke fra han hvert år i fjøset ;)
Torbjørn: Dei pleie å stella istand nåke hekkan med enten foringsanlegg eller måkeanlegg nå rundt juletider. Eg må nok gå i meg sjølv å servera betre graut!
Trond: her steller eg m fjøsnissen, graut kvar jul. me vill jo nødigt ha nogen fantastreker.
Øyvind: Fjøsnissen steller for sauene, og småfuglene som spiser så mye kraftfor at de ser ut som julegriser med fjær og vinger.
Truls Olve: Fjøsnissane her steller for kontrorottene!
Anne Merete: De jobber åpenbart for regjeringen. Kun fantestreker,ingen hjelp å få ;)
Steinar: Kan sjå ut for at fjøsnissene har tatt julaferie allereie. Testa med å vera sein ikveld. Hadde ikkje vore nissa å stelt dyra likevel.
Kristian: Setter alltid ut grøt,og en juleøl til fjøsnissen. Han spiser opp grøten,men setter igjen ølen til bonden. En veldig snill nisse her på bruket!
Jakob: Det er eg som steller for fjosnissane.
Guro: Hønsepønsen, hoppegeitene og de trauste sauene.. og ho pusi
Ivar: Er nok bare bonden som er nisse her i gården
Guttorm: Fjøsnissen steller kjerringa mens je tek fjøset sjøl.
Karl: Dei sørger for at fjoslukta held seg i fjoset.
Astrid: Jeg tror på nissen, jeg!
Siren: Det er én skikkelig fjøsnisse på bruket og han steller for de som ikke er nisser.

18. desember

Premie 17. desember: Fendt-jakke frå Eikmaskin. 


Spørsmål: Kva kallar vi koplinga på biletet?
Svar: Stiftkopling
Det seiest at stiftkoplinga er ti gongar sterkare enn ein vanleg D-sjakkel. Med høveleg verktøy kan stiftkoplinga lett demonterast, og du treng berre ein hammar for å montere den. Stiftkoplinga finst til alle kjettingdimensjonar.
Stiftkoplinga er omtalt i denne vesle filmen frå Bedre Gardsdrift, saman med ymse andre tips og opplysingar om bruk og montering av kjetting.
Andel rette svar: 96 prosent
Vinnar: Per Anders Dalen, 2634 Fåvang
Premie: Stor type kjettingtang frå Lilleseth kjetting.

Bonusspørsmål: Kva er din største styrke?

Skal vi tro nøtteknekkerne, er bønder kjennetegnet ved pågangsmot, godt humør og suverene tekniske kunnskaper. Noen er flinke til å si nei, mens styrken til andre er aldri å si nei. Og ganske mange finner styrke i partneren.

May Elisabeth: "Min" største styrke er at mine to barn begge har svart belte i kampsporten Taekwondo, noe jeg er veldig stolt av :o)
Sven-Ruben: Gode nerver i bratta, eller kanskje det var lite vett, litt usikker..
Rikke: Pågangsmot og drivkraft. Jeg bare er som ei lita dachshund på jakt. Utrolig sta, litt søt og du hører kjefta på ho lenge før du ser ho...
Mia: Min største styrke er nok min utrolige tålmodighet. Jeg får stadig høre at jeg er det. Mulig jeg bare er flink til å koble av. Lyset er på, men ingen er hjemme.
Guro: Og få mannen til å gjøre ting jeg vil, og la han tro at han kommer på det selv..
Kjell Magne: Er å være lat, det fører til mange forenklinger i gårdsdrifta
Runar: lese bruksanvisning, før jeg begynner å gjøre noe med nytt utstyr.
Arild: Å være fornøyd med det man har.
Ivar: Er en djevel på å pakke rundball
Øyvind: Kunsten å si nei
Johannes: Høyrearmen, føler jeg er uovervinnelig og råsterk, storsekkene flyr høyt i været når bevegelsen i høyrearmen blir omsatt til rå kraft via lasterspaken :)
Steinar: Holde hjulene igang for en billig penge
Guttorm: At je itte e så frelst te eit traktormerke at je itte klarer å kjøre andre.
Jon: I allefall ikkje traktorkjettingar for ein Jærbu
Sven Erik: Min største styrke er å svare på rare spørsmål.
Arne: Spurde kona om det. Då lo ho, så eg får svara humor..

Premie 16. desember: SafetyMark merkesett for hydraulikk frå Maskin & Sikkerhet AS. 

17. desember

Spørsmål: Kva traktor oppfyller spesifikasjonane i oppgåveteksten?
Svar: Fendt 209 P Vario
Legg du inn nokre av søkekriteria på Utvida søk i Bedre Gardsdrifts traktoroversikt, vil du ganske fort finne ein traktor som samsvarar med spesifikasjonane i oppgåva. Du kan også gjere det enkelt, og til dømes berre søke på kvart av dei oppgitte modellnamna frå sida med enkelt søk.
Andel rette svar: 85 prosent
Vinnar: Bjørn Hegstad, 9321 Moen
Premie: Ei Fendt-jakke frå Eikmaskin.

Bonusspørsmål: Om du fritt kunne sette saman din heilt eigen traktor, kva eigenskapar skal den ha?

Lett, enkel og stabil er gjengangere. Flere ønsker seg en kompakt traktor med fire like store hjul, stor effekt og midtmontert hytte - gjerne svingbar. Eksempelvis Alutrac som ble utviklet på 90-tallet, på det som da het NLH og i dag NMBU, eller en miniutgave av Claas Xerion. Mange vil også ha det enkelt, uten eksosrensing og elektronikk.

Anne: Min traktor skal være passe stor og rosa 💕 Den skal starte lett uansett vær, være varm og god å sitte i. Ha en nett snøfres bak og en hendig skuffe foran.
Arne: Midtmontert hytte. Like store hjul. Firehjulsstyring. Fjæring på begge akslinger. 130hk. 3500kg og vendbar førerplass.
Bente: Låg vekt og tyngdepunkt til å kome seg fram på mange slags jord og hellingsvinklar, høveleg kraftig motor i forhold til vekta, breie dekk, god plass inni til å ha med seg ulike ting ein har bruk for gjennom arbeidsdagen, god sikt både framover og bakover, ventilasjonsdyser som når alle vindauga litt kjapt med varme-/kjøleapparat som virker på alle innstillingane, aircondition med skikkeleg effekt, justerbart sete i høgde- og lengderetning med luftfjæring, stillbart ratt i både lengde og vinkel på rattstamma, ergonomisk plasserte pedalar og girspaker, høve til å gå ut og inn også på høgresida av traktoren utan å henge seg opp i noko, takluke, bakvindauge med lukke-/opnemekanisme som kan festast i to posisjonar og utan å vere i vegen når armen må ut av vindauget under arbeid, smidig hydraulikk, vendegir med parkeringsbrems, innvendig spegel som viser heile vegbreidda bak, litt breie sidespeglar som held seg der dei blir innstilte, perforert solgardin som er lett å heve/senke, gode køyrelys på både nær- og fjernlys, trekkrokkobling som fungerer utan mykje kraftbruk, ein del hydraulikkuttak, enkel tilkomst til motorrom, girspakhandtak der delane i handtaka held seg stabilt saman, og for all del knappeklutch og smidige (ikkje hoppande) hurtiggir på dei. :)
Bjarte: Den skal fyst og fremst starte gå når eg har brukt for den. Ellers skal den være lett (ca 3 tonn) og smidig, store og breie hjul, stabil i bratta og i arbeid med lastar. Må være nokolunde brukbar i skogen med ok bakkeklaring og
Christian: Xerion i 150-200hk segmentet. Lav vekt, med hjulvekter med hurtigkobling.
Endre: Lågt tyngdepunkt, smal, god svingradius, nødbrems for bratt lende, sterk motor, lett, fronthydraulikk og ikkje minst...forbausande rimeleg :-)
Erik: FEILFRI !!!
Erlend: Hydraulikk og hytte til Deutz. Påliteligheten og driftsikkerheten (samt garanti) til Valtra. Girkasse frå Fendt?
Gaute: MF-farge og komfort, Deutz-design, Valtra-turbinkløtsj, Fendt-kvalitet og Zetor-pris
Helge: Seks sylindra motor utan eksosrensing, lyddemper og styr!
Håvard: Gode justeringsmuligheter på dieselpumpe fra armlen i hytte, ingen eksosrensing, store dekk, DAB radio, koppholder, kaffitrakter, klimaanlegg, hyttefjøring, framakselfjøring, hytte på midten så traktoren kan brukes begge veier, front PTO.
Jan: lettstarta om vinteren,god I skogen,lett og kompakt.
Jørn: Kraft til å flytte fjell, og en lyd som ikke kan beskrives. Traktoren eksisterer, og heter 110-90. En traktor som for lengst har oppnådd legendestatus, noe som gjenspeiler seg i bruktmarkedet...
Mia: Jeg skulle hatt en til mannen som var brei og super stødig. Så jeg slipper å se på med hjertet i halsen når han kjører i bratta. Lamborghinien vi har er i grunn veldig bra, men skulle gjerne hatt sånn hydraulisk lås foran på lasteren. Så jeg slapp gå ut når jeg må ta av min manns elskede rundballklype.
Morten: Den skal være lett, kunne bære og trekke det jeg har behov for, store hjul med breie dekk, være pålitelig og fungere dag ut og dag inn med beskjedne vedlikeholdskostnader.
Ronny: Null elektronikk, kun mekanikk.
Runar: En lett traktor til vanlig, mye Nm og hk på motoren, sterke akslinger slik at man kan overføre mye vekt fra redskap å veie ned traktoren mye ved behov eller ved henger kjøring, slik at man kan dra en stor henger forhold til vanlig vekt på traktoren.
Tom: Sterk som en oksen, utholdende som en hest, smidig som ei fjellgeit og maler som en katt.
Tore: Alutrack til NTNU og Hydro må eg si er ein traktor som vekker interese, fått eit gjensyn med den snar nå! 30års jubilant snart!
Øystein Edvard: Den skal ha 0 i marktrykk, trekke 100 tonn og ha 1 meter bakkeklaring

Premie 15. desember: Driver's kit frå McHale. 

16. desember

Spørsmål: Kor stor er den mest vanlege ISO-koplinga (hurtigkoplinga) for ekstern hydraulikk på traktoren?

Svar: 1/2 tomme.
Om du tok med meterstokken ut til traktoren for å måle tvers over sjølve koplinga, vart du kan hende noko forvirra. For dimensjonen som er oppgitt for hydraulikkoplingane skal målast på den enden som vert gjenga innpå hydraulikkrøret eller hydraulikknippelen. Der er dei utvendinge gjengane, typisk nok for slikt som fører væske, utført i gamle engelske tommemål.

Andel rette svar: 83 prosent
Vinnar: Reidun Kvalvik, 7822 Bangsund
Premie: Eit sett SafetyMark slangemerking frå Maskin & Sikkerhet.
Bonusspørsmål: Er julestemninga stigande, eller er den i ferd med å senke seg?

Guro: Den er stigende, det samme er stressnivået over alt som ikke er gjort enda..
Ragnhild: Julestemninga er stigande så lenge BG-nøtter pågår.
Einar-Andre: Fruen stresser noe fryktelig, mens jeg jobber med å få henne ned på bakken
Jan Terje: Julesteminga er stigende, i takt med økende melkeytelse i fjøset!
Bjørn Olav: Stigende som arbeidsmengden før jul.
Kristin: I en travel adventstid med julebakst og paringstid, så er det vanskelig å si om julestemningen stiger eller senker seg. Men med lukt av vær i fjøset og julebakst på kjøkkenet så nærmer det seg ihvertfall jul.
Lisbet: den senker seg, lasta med influensa her
Magnus: Samme som i juli den.
Bjørn Ivar: Stiger ikke før eftan den 23, da stiger den til gjengjeld parallelt med pulsen når jeg som vanlig finner ut at jeg har noen timer på å ordne til jul
Stein: Julapresangen-te-kåno-panikken leve i beste velgåande
Tuva Marika: litt synkende, siden snøen er borte.. men det er kalt så tror å håper den kommer tilbake
Ketil: Julestemninga kommer vel i år og som julenissen på kjerringa.
Henning: Dønn i vater.
Knut Ole: Har god tid til å få panikk ennå.
Jan-Harald: Julestemninga stiger og toppar seg når hovedpremien til BG vert trekt, og då går eg i kjelleren og tenker ja ja eg får prøva att til neste år.
Jørgen: Det blir jul - uansett
Håvard: Svakt stigende, men hos de små er kjenningen til å ta og føle på. De har observert nissefrakken blant halmballene, men ikke turt å gå bort for å sjekke.
Per Ole: Stiger stadig til nye høgder... Juletreet blir større for kvart år.......
Arild: På sør-vest landet er det varmegrader, og ikke noe som minner om jul ute. Det hjelper bare litt når hustru har pyntet inne med ca 150 nisser i alle hyller og skap.
Arne: Alt rett solangt, så stemninga er stigande.

15. desember

Spørsmål: Kva år vart rasenamnet Norsk kvit sau innført?

Svar: 2000/2001.
Svaret er både å finne på Wikipedia og på Norsk Sau og Geit sine nettsider. Norsk kvit sau er, på same vis som Norsk raudt fe, avla fram ved kryssing av andre rasar, med meir vekt på eigenskapane som eit helsesamt og teneleg produksjonsdyr, enn på rasetypisk eksteriør.
Denne kryssinga har føregått seg sidan 70-talet, men det var først i 2000/2001 at Norsk Sau og Geit innførte rasenamnet. Det er NSG som driv det organiserte avlsarbeidet på Norsk kvit sau.

Andel rette svar: 93 prosent

Premie 14. desember: Claas modelltraktor, Rollant kombipresse og Lexion skurtreskar. 

Vinnar: Kristian Nytrøen, 2485 Rendalen

Premie: Drivers kit med jakke, t-skjorte, kjeledress, caps og lommelykt frå McHale.

Bonusspørsmål: Kva vektlegg du i avlen?

Den store gjengangaren i svara kan oppsummerast til bra jur, følgd av god beinstilling, gode morseigenskapar og godt lynne. Mange svarer grundig om indeks, grovfôropptak og helsestatus, mens for andre er tilgang til rette traktormerket også eit moment.

Jon Gustav: Godt lynne kjem framfor eit strøkent eksteriør...
Håkon: Gode bein og god helse er første bud. Dyret må bygges i sin helhet, ikke hug etter høy produksjon på et dårlig dyr!
Håvard: Jeg satser mest på hunn dyrene. Der har jeg sett at det er to store fordeler som det er viktig å ha med seg. Godt kjøttfylde og godt lynne.
Sven-Ruben: Jeg er vel strengt tatt ferdig med avlen, men trener nå fortsatt på det, i tilfelle det skulle bli aktuelt igjen..
Rikke: Jeg vektla godt gemytt, god helse og fast jobb. Men han ryker ut i mars grunnet dårlig morsevne på mora hans, dog broren hans var det bra tilvekst på....
Tor: God evne til å reprodusere seg. Høy benføring og pen estetisk fremstilling av jur.
Maiken: So lenge gutten har muskla nok til å bæra sponsekkane er eg fornøyd.
Astrid: Må kanskje lære om blomsten og biene før vi går videre på avlen?
Hans: Siden jeg bygger opp besetning, så ser jeg mest på kjønn når jeg velger avlssøyer.
Ragnar: Det er en yrkeshemmelighet !
Tom: Praktiserer ikke så mye på den fronten for tida og da blir det ikke så mye å legge vekt på.
Einar-Andre: Jobber på ulike plan her, men måla er vel hovedsakelig felles både privat og i drifta; god framgang mellom hver generasjon på grunnlag av stor genetisk variasjon.
Arnstein: Har tatt samfunnsansvar og sterilisert katten, for så eit sært dyr er ikkje noko å avle vidare på. Så eg må seie lynne.
Bernt: Intlegens og utseende
Jørgen: Målet må være passe lang omløpstid og utrangering ved naturlig avgang. Det er best for husfreden.
Gaute: På rypejakt ser eg sjølvsagt etter gode verdiar for fruktbarheit. Store hofter, sterke bein og godt lynne er gode eigenskapar som vert vektlagt i kvinnfolka. Har endå ikkje funne ei då....
Are: E: H-TOUCH
Jan: Mest mulig besøk av den fine Inseminøren
Vegard: Jeg slå gresset to ganger i året og pløjer hvert tredje år.
Andreas: Rolige dyr som går sjøl i melkeroboten. Gærninger får blybehandling

14. desember

Spørsmål: Kor mange traktorar vart nyregistrerte i effektklassane frå 130 til 169 hk til saman i 2015?

Svar: 970 traktorar. Altså nær ein tredel av totalmarknaden. Det svaret finn du ved å summere klassane 130 til 149 og 150 til 169 hk, på side 46 i BG nr. 1/2015. I same bladet kunne du få hjelp til oppgåva 13. desember. Her finn du ein grundig, solid og detaljert gjennomgang av traktormarknaden, med eigne tabellar mellom anna for effektklassar, dei mest populære modellane og dei mest populære seriane.

Premie på Luciadagen: To 80 W Durin led arbeidslys frå JDD utstyr AS. 

Andel rette svar: 70 prosent

Vinnar: Fredrik Smidsrød, 3171 Sem
Premie: Ein Claas traktor, ei Claas rundballepresse og ein Claas skurtreskar, alle i skala 1:32, frå Norwegian Agro Machinery. Dessutan eit helgepass til Agrisjå i Stjørdal i august 2017.

Bonusspørsmål: Betyr fargen noko? I så fall, kva er favoritten?

Ja, det skal være sikkert. Veldig mange svar denne gangen, og overraskende mange har en forkjærlighet for Terracotta, en farge fra italia som ikke finnes på nye traktorer lenger. Ellers er både rødt, grønt og blått i ulike nyanser gjengangere. Og ikke glem felgene, traktorens smykke.

Johannes: Juletrer skal vere GRØNNE. Så fansy no tildags med all slags farger??
Njål: Gult er kult :)
Håvard: Finnes ikke noe i verden, der fargen betyr mer enn på traktorn!
Harald: Den skal være blå og hete Ford eller New Holland. Som noen sa en gang: "If God didn't love Fords, why did he create the heaven blue and white?"
Kjetil: Den nye Fendt fargen er sexy
Jannike: Fargen betyr alt! Terracotta er tingen!
Tonje: Gud skapte ikke alt gult og grønt, bare det beste!
Kåre: Farge gir glede og er skjønt, min favoritt farge er grønt.
Jeg blir gira og tent, når eg fyrer opp min Fendt!"
Rikke: Bittelitt så.. Kunne vel ha tenkt meg å lakkert den gamle traktoren rosa, og merket den med navnet "Yes Deere"
Ivar: Er man patriot så er man patriot. Fiaten er alltid en legende
Bjørn k: Er vel samme hvilken farge man har, så lenge man kommer hjem om kvelden og får fakturert en gang i måneden..
Grønn traktor med gule felger er min personlige favoritt, har store forhåpninger til nye JD 5R"
Bjørn E: Nei, men lakken er jammen dårlig på mange merker. Mye stygt å se på Finn.no
Runar: Ja, ellers hadde de vel ikke hatt forskjellige oppgaver på trafikklyset. Rød, stopp. Gult, gjør klar til og stoppe eller kjøre. Grønt, kjør i vei. Selv liker jeg blått best fortiden. For bilen min som jeg er fornøyd med, er det.
Gunnar: Spiller ingen rolle, skikkelige traktorer leveres i valgfri farge:)
Bjørn Ivar: Startet med Zetor, prøvd brune,diverse grønnfarger og røde. Må nok tilbake til Zetorn
Anna: Kun grå elghund som gjeld!
Ola: Kvit jul er favoritten!
Øystein Edvard: Jag er färjeblind sa svensken og kjørte utfor kaia
Hans: Det blir som med folk, jeg forskjellsbehandler ikke på bakgrunn av farge.
Anders: Lakk er dyrt, så hvis farge ikke betyr noe bør den kuttes ut. Rød passer best i landbruket.
Magnus: Speler ingen rolle. Er fargeblind. Men favoritten er lys grå.
Lars Magne: Fargen betyr alt. Det værste er feil farge på felgene...
Anders: "Raud og gul og kvit og svart er det same har HAN sagt" -Definitivt feil på traktor: Det er raud som gjeld, fargen er stammespråket!

13. desember

Når du monterer elektrisk utstyr, er der ein leding frå batteri/brytar (pluss) og ein ledning som går til jord.

Spørsmål: Kor mykje straum går gjennom den jorda ledningen (minusledningen)?

Svar: Det går akkurat like mykje straum i minusledningen som i plussledningen.

Det er fort gjort å gå litt i surr på straum, spenning og alle dei andre elektriske omgrepa. Ein enkel hugseregel er at straumen kan samanliknast med vatnet som strøymer gjennom ein vasslange. Om du kappar slangen og set inn ein propell, (som ei lampe i ein straumkrins), er det likevel akkurat like mykje vatn som skal ut som det kjem inn.

Altså må minusledningen vere like godt dimensjonert og ha like god tilkopling som plussledningen.

Dette står mellom anna å lese i vedlikehaldssaka i BG 1/2016. I BG 2/2005 står elektrisitetslæra grundig forklart. Mykje av stoffet i Bedre Gardsdrift går aldri ut på dato...

Premie 12. desember: Tre stroppesett for rundballar frå TM-stroppen.no.

Andel rette svar: 74 prosent

Vinnar: Vegar Næss, 3610 Kongsberg
Premie: To kraftige Durin led arbeidslys på 80 W frå JDD Utstyr AS. Dessutan eit helgepass til Agrisjå i Stjørdal i august 2017.

Bonusspørsmål: Favorittreiskap?

Det er helt klart ikke størrelsen det kommer an på. Faktisk er ulike håndredskap som drill, høygaffel og trillebår noe av det mest populære. Kunnskap og tilgang til kunnskap er også nevnt av flere på ulike måter. Setter vi på motor, er minilasteren en stor favoritt, og traktoren selvsagt. Det ser heller ikke ut til at plogen står i fare får å bli parkert hos nøtteknekkerne.

Sveinung: Heilt klart den hydrauliske høygaffelen bedre kjent som minilaster. Burde vert påbudt av helsedirektoratet for alle bønder:)
Torbjørn: Til traktor: Tanco rundballedele. I fjos: melkerobot. I heimen: kaffitrakter
Svein: Fysj for en nisse. Det kunne vel nissen ha tenkt ut selv.
Sondre: som agronom må ein vel seia plogen.
Rikke: 2007-modell border collie, 4-hjulstrekk, trimma og lett senka, men litt for lett på gassen. Lavt forbruk og kommer på innkalling. Det er mer enn hva jeg kan si om traktoren...
Sigrun: Stemmen min
Ola: Mjålkekrakken
Ola: Vanskelig å velge, men traktoren med hans funksjoner hadde vi nok savnet fælt etter ei vekes tid
Kristin: Borsleggeskruvmeiselspetthammer !!
Ketil: Det må være bondevettet det!
John: Høgtrykkspylaren! Deilig å sjå at alt blir reint etterpå.
Jakob: Kjøkkenmaskina til fruen
Hilda: Trillebår! Kan brukas til nesten alt...
Henrik: Min favorittredskap? Å bruke? Champagnekorken såklart!
Tom: Nå i adventstida er nøtteknekkeren viktigste redskap når de morsomme BG nøttene skal knekkes!
Mette: Sååå klart fullforvognå. Hadde ikke sakt det for 2 måna siden. Det heila starta med innflytting i nytt fjos, og planen var å fore med heile rundballer til storfenå i nogen år, mye utgifter ut og lite inn så var ikke dette det første en tenkte på. Dagene gjekk i nytt og flott fjos, men dyrå drog jo grase inn i garden og det er jo ikke bra. Med tanke på det dette ner i kanalane og tetter seg her og der når lorten ska ut.
Så kæ gjør me. Hmmmm tenke tenke tenke. For tilbud om å prøve ei demo vogn. Å eg som likte å fore på gammle måten å få gratis trim å greier . Men det var viktigere å tenke på det dyrå drog inn eller den der treningå mi he he . Første foring me fullforvognå var ikke kjekt. Når eg kom inn i fjoset var det jo ingen som blei glad for at hu mor kom og sko gje mat. Neeei då var dei jo Mette å gode å ville heller sove. Etter demo prøve blei vi enige om at dette var jo bare toppsaker. Ingen gras i garden, bedre opphakka for og meir ro i fjose. Alså me måtte bare få ei slik heim. Å ja julagaven kom nogen år for tidleg , men det er vert det og me trege ikke. Dette er min favoritt . Må ha d bare må ha fullforvogna . "
Harald: Leatherman!
Espen: Har lært meg at appetittforingsvogna er gull verd. Men eg likar best å sitte frammom rundballepakkaren.
Elisabeth: Det må være iPaden, med den kan jeg kose meg med BG nøttene i godstolen.
Sven-Ruben: Nå er det jo ikke særlig fint å stå å skule over på annen manns redskap så jeg kjenner jo med få unntak kun til min egen. Men må si jeg er veldig fornøyd med både størrelse og fasong på rundballeklypa...
Arnstein: Akkurat no er det vel hårfønaren som nyleg redda drillen som hadde hatt ei natt ute i regnet.

12. desember

Spørsmål: Kva er korrekt om lastsikring i landbruket?

Svar: Lastsikringskrava for traktortilhengar er akkurat som for lastebil (bortsett frå at ved konstruktiv hastigheit til og med 30 km/h blir det berre stilt halvparten så strengt krav til sikring framover).

Alt for ofte ser vi traktorar langs vegen (eller bilete av slike) som satsar på dei to svaralternativa som er heilt feil: Landbruket er unntatt frå krav til lastsikring ved hastigheiter inntil 40 km/h – eller: Ved tilstrekkeleg innbyrdes friksjon er det ikkje krav til ekstra sikring (gjeld m.a. rundballar med klebande plast, potetkassar av tre osv.) om ikkje lasset er i meir enn ei høgde, ved hastigheiter inntil 40 km/h.

Det er slik sett slik sett oppløftande at over 97 prosent av nøtteknekkarane svarer rett! Til dei som har svart feil, og for den del til alle andre, tilrår BG-nissane at du les denne leiarartikkelen frå Bedre Gardsrdift: Å skite i eige reir

Andel rette svar: 97 prosent

Premie 11. desember: Veggmontert dobbelt drikkekar frå Atec AS.

Vinnar: Torfinn Nygård, 4376 Helleland
Premie: Tre sett TM-stroppen, lastsikringsstropper for rundballar, inklusive strammarar, frå TM-stroppen.no. Dessutan eit helgepass til Agrisjå i Stjørdal i august 2017.

Bonusspørsmål: Hva køyrer du heim til jul?

Relaterte artikler

    I stor andel nøtteknekkerne er bønder som kjører hjem fôr til dyra til jul. Men det er også mange som skal frakte seg selv et eller annet sted med ymse transportmidler. Faktisk bruker nøtteknekkerne det meste som finnes av ymse transportmidler med og uten hjul.

    Esten: I can't wait to see those tractors
    Guttorm: Driving home from Landbrukskulen to fjøstell and brøyting.
    Mia: Det er Caravelle det. Skjønner ikke hvordan andre mennesker kan ha mindre bil. Jeg kan ha alt inni der! Sauer, planker, halve IKEA osv
    Johannes: Køyrer rundballer med stroppesikring.
    Marianne: Kjører ikke hjem til jul,men bort!
    Jan Morten: nå kjøres neste års bjørkeved ut av skogen å inn på tunet.
    Ådne: Bil med henger, fekk hengerlappen i dag. Hurra!!!
    Maria: Fly
    Helge: Ford 3000 med ettermontert turbo og1,5 bar ladetrykk;)
    Joakim: Jeg kjører hjem gull til kona, leker til unga og ribbe til meg selv.
    Aslak: Er langt ifra edru nok til og kunne kjøre heim!
    Teo Martin: Rattkjelke er gøyest.
    Sondre: Må nok bli gjødsel og såkorn, slik at man er klar til at våren kommer på ny.
    Siren: Kjører elbil, og er derfor sjeldent langt hjemmefra
    Håvard: Kjærleik te ho mor
    Arnstein: Helikopter, fly, drosje, buss og så håpar eg mi kjære står der i Subaruen sin og tar meg imot.
    Toralf: Om jeg ikke kjører hjem noe så prøver jeg ihvertfall så godt jeg kan "å ta hjem" hovedpremien i BG-nøttene.
    Njål: Sannsynligvis i en servicebil.. Neppe med reinsdyr og slede i hvertfall... :)
    Tom: Med bobilen full av julestemning gleder jeg meg til å kjøre hjem til kjerringa.
    Jon Ole: Ja, på torsdag drar eg og BMWen over Filefjell og heim att til vakre vestlandet!

    11. desember

    Spørsmål: Omlag kor mange liter vatn treng ei ku for kvar liter mjølk ho produserer?

    Svar: Tre liter vatn.

    Kyr har ulikt behov for drikke, akkurat som nissar og folk. I gjennomsnitt er det rekna at ei mjølkeku drikk mellom 60 og 100 liter pr. dag, men nokre drikk enda meir.

    Denne artikkelen frå KSL Matmerk inneheld ei kjapp oppsummering om behovet kua har for drikke.

    Der er det også poengtert at det er viktig å sjekke og reingjere drikkekara ofte, helst dagleg. Pedagogisk leiar på Hvam VGS nemner der at du samstundes med reingjering får sjekka at drikkeutstyret fungerer. Det kan løne seg. BG-nissane har høyrd om for mange tilfelle der dyrlegar er blitt tilkalla til dyr som er blitt skikkeleg dårlege, der diagnosen er så enkel som "tett drikkekar".

    Premie 10. desember: Ymse klede frå Tokvam.

    Andel rette svar: 88 prosent

    Vinnar: Linda Meltveit, 4139 Fiste
    Premie: eit La Buvette Polystall Twin Premium veggmontert drikkekar frå Atec AS. Dessutan eit helgepass til Agrisjå i Stjørdal i august 2017.

    Bonusspørsmål: Hva er din favorittdrikk og når spurte vi i går, og svarene vi fikk inn bærer preg av at spørsmålet ble stilt en søndag i julebordsesongen. Det var nok en og anna som løste søndagens BG-nøtter med Paraceten innen rekkevidde. Men vi må også kunne slå fast at Bedre Gardsdrifts lesere i stor grad må være en sunn gjeng. Sjøl om det er en og annen cocaholiker blant de som har svart, er vann, mjølk og kaffi de desidert mest populære tørsteslukerne hos nøtteknekkerne.

    Jon Ole: Tankmjølk! Når eg kjem heim på "ferie"
    Kåre: En god kopp kakao med krem til julefrokosten.
    Einar-Andre: Prøvde meg på et par sorter på julebordet i går, men kjenner i dag at det ikke var noen suksess...
    Karl Daniel: Melk, gjerne til alle måltider..
    Har meldeplikt til Tine når jeg forlater kongeriket Norge.. Akkurat nå jobber jeg med å dra opp konsummelkforbruket på sagaøya!
    Elisabeth: Er som ku og liker vann veldig godt hver dag.
    Marit: Ingenting slår en god karsk etter fjøsstellet!
    Bjørn: Varm solbærsaft, når eg driver på skogen om vinteren.
    Torbjørn: Kaffe, i litersvis døgnet rundt.
    Magnus: Vodka og energidrikk, når eg er på mitt aller dummaste. Heldigvis svært sjeldan. Året blir då 2 dagar kortare kvar gong.
    Gaute: Cola. Alt for ofte
    Knut Trygge: må vær en pinnacolada når sola varme,og palman vaie i sydens land :-D
    Knut Halvard: Tequila, kanel og appelsin shot, smaker som marsipan etter nr4
    Kristian: En kald carlsberg, etter en varm dag på treskern!
    Inge: På sommaren er ei 50/50 blanding av surmelk og kaldt vatn det beste som finnst .
    Erik: I går var det aquavit, i dag er det vann.........

    10. desember

    Spørsmål: Om motoren gir konstant effekt, kva skjer om du endrar kraftuttaksturtalet frå 540 til 1000 o/min?

    Svar: Effekten er den same, mens dreiemomentet ca. blir halvert.

    Vi skal ikkje ta heile fysikkpensum her, men ein forenkla formel ser slik ut: Dreiemoment = effekt / turtal. Der er nokre fleire faktorar inni reknestykket for å få einingane til å gå ihop, men grovt sett er det slik. Hugsar du skulematematikken, ser du også at effekt = dreiemoment x turtal.

    Dette betyr at di høgare turtal effekten blir overført med, di lågare vert dreiemomentet. Men dreiemomentet blir jo ikkje borte. Girar du nedatt turtalet, aukar dreiemomentet tilsvarande. Ein fordel med høgt turtal i kraftoverføringa er at du kan klare deg med ein spinklare aksling. Det er også grunnen til at drivhjula på traktoren har sluttdrev med nedgiring.

    Andel rette svar: 69 prosent

    Premie 9. desember: Parkas frå Valtra/Eikmaskin.

    Vinnar: Lars Magne Lihaug Lund, 7200 Kyrksæterøra
    Premie: Ein pakke med ymse profileringsartiklar frå Tokvam AS. Dessutan eit helgepass til Agrisjå i Stjørdal i august 2017.

    Bonusspørsmål: Kva produkt som ikkje finst kunne du tenkt deg?

    Nok ein gong er det praktiske ting i drifta og slikt som kan betre kvardagsliv og familieliv som peikar seg ut på nøtteknekkarane si ønskeliste. Eit pittelite utdrag av dei innkomne svara her:

    Arnstein: Eit kundevenligt og effektivt byråkrati.
    Torgeir: Sprøytemiddel mot stein.
    Anders: Selvgående "ulvefanger" med kvern.
    Øystein Edvard: En tidsforlenger og en vindvender hadde gjort susen. Kanskje en værstyrer også.
    Eivind: Julekalender med lego, leker OG godteri i samme luke!
    Ingunn: Heile Norge gror igjen! Kunne tenkt meg en laserpenn som effektivt hadde fjerna kratt/småskog/skog så åpent landskap kom fram igjen. Ville hatt bare aske igjen av de trea jeg hadde peika på! (Ja, det høres ut som et eventyr) :-D
    Knut Halvard: En traktor som faktisk går mer en 1000 timer
    Anders: Ei alltid fornøgd kone, -men det er vel strengt tatt heller ikkje eit produkt...
    Sven Erik: Evigvarende PTO aksler.
    Ruben: Ny traktor omtrent uten ledninger
    Kristin: Kombinert avløser, gjeterhund, snekker, rørlegger, reparatør, maskinfører, barnevakt og hushjelp som man kan slå på ved behov og sette bort når den ikke er i bruk. (nærmere bestemt en bonde med av og på knapp)
    Tom: Hvis fred er et produkt så ønsker jeg meg aller mest fred i verden.
    Jørgen: Traktor uten problemer
    Bottel: Arbeidslyst på boks
    Thor Anders: Kjærring som aldri blir sur når ein kjæm seint inn om kvelden.
    Bjørn Oskar: Det kan jeg ikke si, for da kan noen ta patenten før meg...
    Steinar: Ein versjon av yr der ein kan leggja inn kva vær ein vil ha neste dag, og faktisk få det.
    John-Petter: En selvreparerende traktor! Da kunne slik lørdagskvelden tilbringes sammen med kona, og ikke med skruing på traktor
    Christian: Ei regjering som KAN LANDBRUKSPOLITIKK, og som gjør nå positivt for næringa...

    9. desember

    Spørsmål: Kva fôrslag har kyrne hos Hulleberg tilgang på 12 timar i døgnet?

    Svar: Potetsuppe.

    Bedre Gardsdrift besøkte Simen Hulleberg i gardsanalysa i BG 7/16. Simen lar kyrne få potetsuppe, som består av drank, skal og mindre potetbitar, levert av Hoff. Han har også andre alternative fôrslag, og gjer seg sine tankar om korleis dyrkajord og ulike fôr vert verdsett. Det betyr at verken havresuppe eller restebollar frå Espa er rett...

    Gardsanalysa er eit fast innslag i kvar andre utgåve av Bedre Gardsdrift. Der kan du møte andre bønder, og kanskje få litt inspirasjon og innsikt basert på andre si drift og deira økonomi og tankar.

    Andel rette svar: 92 prosent

    Premie 8. desember: 1000 vedekker fra Vepak AS.

    Vinnar: Jakob Eimhjellen, 6829 Hyen

    Premie: Valtra parkas for dame eller herre, frå Valtra-folket i Eikmaskin. Dessutan eit helgepass til Agrisjå i Stjørdal i august 2017.

    Bonusspørsmål: Årets suksess?

    Gode avlingar, vellukka maskininvesteringar er naturleg nok typiske svar. Nokre har laga bra ting sjølve, nokre har forvalta pengane på god måte, og mange er glade for hendingar i familielivet. BG-nissane gler seg over alle dei glade folka!

    Anders: Samme kjerringa på 27. året! -If it works, dont fix it....
    Anne-Berit: Hjemmelaget multelikør :-)
    Arild: Ny hofte. Sprek som en kalv etterpå.
    Arne: Traff på brunsten til ho eg delar bosspann med. 4 skal verta 5 i juni.
    Brit: Fiber i mi bygd!
    Christopher: Høstet druer ute 425 meter over havet!
    Frank: At dottre vår fekk traktorlappen
    Gaute: Fysteslåtten
    Guttorm: Det hadde vøri å vønni hovedpremien på BG-nøttene.
    Ivar: Fått dame i hus.
    Jan: Enda eit driftsår i Pluss
    Johan: Årets suksess må være at jeg kom inn på Blæstad, fikk billig hybel på en ganske stor gård ikke langt unna, og får i tillegg jobbe litt på den gården. :) :)
    Johan Peder: Bruce Springsteen konsert
    Kristin: En beitesesong uten rovdyrtap var toppen i år.
    Magnus: Tannlegetimen idag. Slapp både amputasjon og avliving. Er heilt i ekstase.
    Magnus: Stilte ut kua slik at me fekk Seljorsprisen og vann øve storesøstrene mine i mønstringen.
    Ruben: Få traktoren jeg kjøpte billig til å gå.
    Svein Magne: Det må være da kjærringa sa ja ved alteret og man ble storbonde ved å kjøpe hele hjæmgården.... så får man se om man blir nedgradert til førstekjempe..:)
    Thomas: Alle dyr hjem fra fjellbeite på første samling

    8. desember

    Premie 7. desember: Ensileringsmiddel og profilklær fra Alltech Norway.

    Spørsmål: Kva treslag har høgast brennverdi av osp, rogn og furu?

    Svar: Rogn.
    Som det står i ingressen gjeld spørsmålet brennverdi pr. kubikkmeter. Brennverdien pr. kg er nemleg ganske lik. Vi tok ikkje med bjørk på lista, berre fordi BG-nissane er ganske snille og ikkje vil forvirre. Ikkje enno. Bjørka er det mest vanlege treslaget i Noreg, og det desidert mest populære til ved. Men rogn har høgare brennverdi, med kring 2700 kWh pr. kubikkmeter. Merk deg at desse tala varierer ein heil del mellom ulike kjelder, men rekkefølga mellom treslaga er grei. Furu har omlag 2300, mens osp har kring 2000 kWh pr. kubikkmeter. Bjørka ligg midt på - treet - med ca. 2600.

    Andel rette svar: 93 prosent

    Vinnar: Erik Tilset, 7397 Rennebu
    Premie: 1000 vedsekkar på 40 eller 60 liter, med hurtiglukking og norsk flagg, frå Vepak AS. Dessutan eit helgepass til Agrisjå i Stjørdal i august 2017.

    Bonusspørsmål: Kva får deg i fyr og flamme?

    Dagens klare vinner er dama, kona, samboeren, kjerringa og gubben. Noen har prøvd seg med fyrstikker og verktøy med varierende hell, og igjen konstaterer vi at regjering og politikere er flinke til å få opp temperaturen hos mange nøtteknekkere.

    Magnus: Bg i postkassa, dieselmotor under belastning eller Eddie Meduza på popanlegget.
    John-Petter: Blir i alle fall varm i toppen når kårkallen finner ut han skal brenne av et par tuer. Resultatet ble full fyr og vannbøttebæring. Unger og sauer fikk klare seg selv - og heldigvis slapp vi utrykning av brannvesen.
    Kåre: Budeia mi
    Lars: d e derre tåskan som sløkke fm-nettet.
    Trond: det må være fruen kun ikledd ein slik striesekk...
    Kjetil: Ei lekker budeie med bunad
    Sondre: En kveld sammen med ei pen jente på sætra, foran peisen. Og med kyrne på sæterlykkja.
    Harald: Et øyeblikks uoppmerksomhet og ikke-flammesikre klær i kombinasjon med vinkelsliper. Been there, done that...
    Håvard: Fyr i bålpanna å kaffekjelen over
    Kari: Gubben får meg i fyr og flammer av og til....
    Erik: Jeg blir i flamme og fyr,
    når handelen ikke blir så dyr.
    Selv om det motsatte ofte skjer,
    blir det bare så man handler mer.
    En god kveld med dama,
    Uten for mye drama,
    Gjør godt i sinn og kropp,
    Da er livet helt topp!
    Toralf: Jeg er en fyr som tenner lett:
    -på gode ideer fra sunt bondevett,
    -eller på alle pluggene over urett,
    -og ihvertfall på min kjære så vakker og nett.
    Martin: lakk og lær , .. lukta av ny bil/traktor
    Ingunn: Når det gjelder dyr,
    da kan det fort ta fyr..
    Det med flamme lan være det samme
    Guttorm: Når ein fyrer så hardt at kvinnfølket starter å kle tå seg.
    Guro: Når gubben pakker inn en vedkubbe under juletreet - og lover han skal holde meg varm det neste året.. (tro om han gjentar det løftet i år også..)
    Knut Åge: Når strømmrekningen kjem i januar.
    Harald: Politikere som ikkje har peiling på landbruk, og som da har meninger på kordan tilskuddsordningene skal funger i dæmmes øya. Da blir æi illsint og i fyr og flammer
    Joakim: Synet av konas BH på gulvet med lapp om å følge spora etter en lang dag i skauen med go saga
    Rikke: Vel det var den gangen jeg kom hjem med nytt leketøy. Den var ikke av den største typen, men passe stor. Å sånn som den vibrerte i henda mine når jeg starta den.. WOW tenkte jeg, en helt ny motorsag, og den er bare min <3
    Anna: Ein stor elgokse!
    Ivar: Når vi drar for å høste første vossakassa om sommeren
    Ketil: Oppatarbeid - enkelt og greit!
    Erik: Øking av dieselprisene

    7. desember

    Spørsmål: I 2012 var middelprisen for leiekjøring med slåmaskin, ca 3 m slep, pr. time, kr 700. Hva er prisen i lista for 2016?

    Premie 6. desember: Verktøysett frå Olssons i Ellös. 

    Svar: Kr 800.
    Svaret finner du i Maskinleieprislista i BG3/2016, side 55. Maskinleieprislista inneholder priser på omlag 500 arbeidsoperasjoner og redskaper, og den er forbeholdt våre abonnenter. Hvis du ikke er abonnent, og vil sikre deg neste års prisliste kan du tegne abonnement her. Prislista bygger på innrapporterte priser fra flere hundre kilder over hele landet. En av nøtteknekkerne fant ingen middelpris, men da har nok vedkommende vært uheldig og kikket et annet sted. Bedre Gardsdrifts maskinleieprisliste er nemlig unik ved at der er en middelpris som indikerer hva som er den mest vanlige prisen i markedet.

    Andel rette svar: 72 prosent

    Vinner: Vidar Nilssen, 8484 Risøyham

    Premie: Sil-All 4x4 ensileringsmiddel, nok til 100 tonn fortørka gras. I tillegg får du med pilotjakke, fleecejakke og caps frå Alltech Norway. Dessutan eit helgepass til Agrisjå i Stjørdal i august 2017.

    Bonusspørsmål: Hva står høyest på ønskelista i år?

    Nye traktorer av ymse merker står høyt på ønskelista hos mange. Det samme gjelder turer til varmere strøk og god helse til seg selv og familien.

    Erik N.: Hmm.. må vell være 24 rette :-)
    Jan Ove: Snille barn og sokker og deodorant til jul.
    Kåre: En fornuftig å god landbruksminister.
    Olav: En god og fredfylt julekveld
    Erik: Foruten å havne i dødmannskista,
    står det ikke så mye på ønskelista.

    Foringsanlegg hadde vært knall,
    frosent for uten ball.
    Set skulle også vært ny bil,
    Jeg får se om jeg får en god deal
    Jan Erik: Rosa kone traktor
    Jan Ove: I år må det bli att babyen held seg i magen til mor til over nyttår. Men seier ikkje nei takk til ei Husqvarna 550xpg heller;)
    Johanne: Dundyna til en kalde leiligheita mi
    Ketil: Harde pakker som bruker strøm!
    Lena: Konetraktor...med henger :)
    Ola Ludvig: Ækstralys på pikkupen!! så det går an å sjå nåkkå ætte vægan
    Ole Martin: 7 rette på lørdag
    Ove H: Bedre ordenssans så jeg finner igjen lista med leiepriser ;)
    Rikke: En diamantbelagt teslatraktor som går på regn..
    Sondre: regjeringsskifte
    Steinar: Å få behalda jobben min. Det fekk eg bekrefta idag. Så då er ynskjet oppfyllt.
    Sveinung: Eit nytt årsabonnement på Bedre Gardsdrift selvfølgelig;)
    Sverre: Snille barn og kone
    Vegard: Minilaster og kjerring
    Øystein: Har vel handla det meste på lista i år....
    Øverst på ønskelista må være 7 rette i Lotto
    Mette: En bonde har ikke bare et ønske men opp til fleire ønsker.
    trur det største ønske mitt måtte vere at 2017 blir et godt år. Med traktorer som holder året ut, lange dager med sol å ikke regen og sol annenhver dag. Gode avlinger. Mye posetivt og lide motgang. Glade mennesker og dyr. Det står høgast sjå meg.

    6. desember

    Premie 5. desember: 1:32 modell av Fliegl gjødselvogn frå Felleskjøpet Rogaland Agder. 

    Spørsmål: Kva heiter den store landbruksutstillinga i Rogaland som er ein del av det nasjonale utstillingstriangelet?

    Svar: Agrovisjon.
    Dei tre store fagmessene for landbruket har fordelt åra mellom seg, slik at Agrovisjon i Stavanger no vart arrangert i 2016. I 2017 er turen komen til Agrisjå i Stjørdal, og i 2018 vert det Agroteknikk på Lillestrøm. Og slik held dei det gåande.

    Andel rette svar: 94 prosent

    Vinnar: Anfrid Guleng, 9321 Moen
    Premie: Verktøysett frå Olssons i Ellös. Dessutan eit helgepass til Agrisjå i Stjørdal i august 2017.

    Bonusspørsmål: Kor skulle du helst ha vore no?

    Svaret her varierer etter tid på døgnet: I fjøsen, i senga, på sofaen, i traktoren. Men også destinasjonar med noko større geografisk avstand er populære, kan hende i særleg grad plassar med eit meir triveleg krima enn kva delar av landet opplever for tida.

    PS til Jon Ole: Kom deg avgarde på den ferda di!

    Gunhild: Nå er klokka 23:35 og jeg skulle vært i senga for lenge siden. Men når Jon Blund ikke kommer så sitter jeg oppe litt til.
    Rikke: Jeg skulle vært på den andre enden av alle gjøremåla...
    Finn Roar: skulle ha vore på topp
    Signe: Akkurat nå er jeg fornøyd med å være her jeg er:-)
    Arnt: Jeg trives godt (hjemme) på min egen grunn for her er det altid noe å finne på,men jeg kunne godt ha vært 20 år yngre. :-)
    Torbjørn: På romstasjonen ISS
    Håkon: I sofaen med en kald øl, i stedet for å bruke kvelden i fjøset på vannlekkasje...
    Einar-Martin: Inne i huset til min samboer som mener jeg er for mye i fjøset
    Jan Eivind: Skulle helst vært på bomullsfarmen til min onkel i Santos, Brasil og hjulpet de lokale damene med driften akkurat nå.....
    Jon Ole: Langs ei vestlandsfjord på friarferd..
    Jan Ove: På Jan Tore Sanner sit kontor å bytta ut ja stempelet med NEI
    Line Diane: 25 år tilbake i tid, akkurat her på Seljebakken.
    Tore: Har det fint der jeg er: Mellom kujur og snøfonner
    Gjermund: Oppi en diger Claas lexion på et endeløst jorde - sitti å sett åkern bli tygd unna med et smil rundt munn
    Inge: E på jobb, men skulle ynskje eg var heime i dag og fekk reparert på transportbandet slik at det er klart til haustesessongen 2017 :-)
    Svein Magne: På kontoret til innovasjon Norge
    Pål: Det spørs no om ein skal gå etter lyst eller næring det da.....
    Martin: Ein plass med mykje snø og skikkelige timeprisar så ein kunne kose se i traktorn å tjene peng
    Lars: I fjøset, men dette er viktigare..

    Premie 4. desember: Teknisk Helly-Hansen allværsjakke frå A-K maskiner. 

    5. desember

    Spørsmål: Kva er omtrentleg frysepunkt for ei kjølevæske med 50 prosent glykol og 50 prosent vatn?

    Svar: Ca. -35 grader Celsius.
    Bedre Gardsdrifts eminente vedlikehaldsjournalist Håkon Bjerke, mannen med den mest fotograferte venstrehanda i norsk landbrukspresse (biletet over er speglvendt), presenterer i kvar utgåve av bladet ein nyttig og lærerik artikkel om vedlikehald av ulike maskiner. I BG 9/2016 tar han for seg kjølevæske og byte av den. Der finn du ein tabell som viser frysepunktet for ulike blandingsforhold. Slike tabellar finst også her og der på internettet. Men BG-nissane vil absolutt hevde at lærdom som den Håkon formidlar, det er det vanskeleg å finne andre plassar.

    Andel rette svar: 96 prosent

    Vinnar: Sverre Guddal, 6798 Hjelledalen
    Premie: Modell av Fliegl gjødselvogn frå Felleskjøpet Rogaland Agder. Dessutan eit helgepass til Agrisjå i Stjørdal i august 2017.

    Bonusspørsmål: Kva har du lært i 2016?

    Mens Astrid har lært å stupe kråke, har Birger lært å vere forsiktig med elektrisk verktøy. Han måtte berre miste ein finger før den lærdomen gjekk inn. Og mange meiner det har lært mykje av å lese Bedre Gardsdrift. Takk for det!

    Hans: At å gjøre feil i snyltebehandlingen gir direkte økonomiske konsekvnenser.
    Johan: Jeg har lært mye forskjellig i 2016, b.l.a. har jeg lært meg å like John Deere mye mer, men fortsatt er det Valtra som er best ;)
    Are: At de gamle romerne brukte å tørke seg i rompa ikke med papir, men med en svamp på en pinne som de dyppa i eddik. denne gikk da på rundgang
    Sven-Ruben: Jeg har lært at en ikke burde sette seg ned å regne på grovforkostnadene, det er bare deprimerende..
    Oddbjørn: Jeg har lært at det er greit å sjekke om alle ledninger er plugga i, før en legger det ut på "gis bort" på finn.no "grunnet defekt"
    Magnus: Å ikkje fare på julebord også glipp av en dag med bg nøttene.
    May Elisabeth: I 2016 har jeg lært at man må gjøre ting man har lyst til å gjøre og ikke bare tenke på det ;o)
    Espen: Har lært meg å begynne på bg-nøttene 1. desember, kontra 10. desember.
    Sveinung: Bytte bleier
    Anders: Det ble ikke flere timer i døgnet i år heller... Men neste år da blir det bra!
    Svein: Lyn nedslag i fjøset er dyre greier.
    Bodil: At man ikke skal hoppe bukk med enhjørninger!
    Hans: At Kygo ikkje er ein frukt
    Ariold: Ikke bestill anleggsarbeid midt i sauelemminga og våronna.
    Ole Martin: Happy wife = happy life
    Torbjørn: At kven som helt kan bli president!
    Sondre: Bytte frå knappatelefon til kloretellefon, trur eg treng eit år til.

    4. desember

    Premie 3. desember: Kjettingar til SUV/varebil frå Lilleseth Kjetting.

    Spørsmål: Til kopling av stor reiskap finst der ei såkalla BM-kopling. Kva står bokstavane BM for?

    Svar: Bolinder-Munktell
    Dette står ikkje eksakt pressisert på noko nettside som vi har funne, men sjekkar du dei tre alternativa, er det berre det korrekte som gir treff som viser store reiskapskoplingar. Forresten kan du lese deg opp på stamfaren til Volvo sine anleggsmaskiner her, i ein artikkel om Bolinder Munktell BM 35. Der er også ei lenke vidare til Bjarne Vestmos interessante tekst Verdens beste maskin, som Bedre Gardsdrift har fått løyve til å gjengi.

    Andel rette svar: 72 prosent

    Vinnar: Leif Arne Strøme, 6220 Straumgjerde
    Premie: Helly-Hansen allværsjakke frå A-K maskiner. Dessutan eit helgepass til Agrisjå i Stjørdal i august 2017.

    Bonusspørsmål: Kva brukar du når du koplar stor reiskap?

    Rent landbruksteknisk er det tre merkevarer som går igjen: Triangel, HMV og Walterscheid, der vi aner en viss uenighet mellom Triangel- og HMV-leirene. Noen påpeker dessuten at triangel og trekant ikke nødvendigvis er det samme, når stor redskap skal koples. Mer om det i en egen seksjon med aldersgrendse litt lenger ned. Vi merker oss at både muskler, ektemenn, list, rå makt og spett oppgitt som aktuelle hjelpemidler på generelt grunnlag.

    Vi starter med svarene som mest trolig har en mekanisk tilnærming:
    Rikke: Min mann... Neida jeg har triangelkobling på traktoren. En gammel snasen Fiat 540 <3
    Jan Ove: Det må bli råmuskelkraft og spett.
    Jakob: Triangel sjølvsagt. Me som køyrer med triangel er som regel i gang med arbeidet lenge før HMV klanen har greid å kople reiskapen sin. Når me skal kople av derimot....
    Ola: Vett og forstand er bra.
    Magnar: fattern ;)
    Bernt: Hmv. Og clutch.
    Jon Ole: Nokre gonger fristar det med sveis, for då slepp ein å kobla det til meir, men det er vel for dyrt i lengda... Triangel eller eller utan hurtigkobling er vel meir realistisk.
    Tom: I tillegg til ei god mekanisk kobling bruker jeg hodet for sikker handtering av store redskaper.
    Sigve: her må det brukes list og lempe, og ikkje leke att du er kjempe
    Erik: Stort utstyr er lett å koble,
    særlig om koblingene er doble.
    Det går mest i Euro og trekant,
    ja det er helt sant.
    Tor: Presisjon! Utanom det fortrinnsvis klauer, euro eller kule!
    Jens Torleif: Jeg bruker triangel til å kople redskap. Selv om naboen kaller det trekant, men jeg er ikke i ett så åpent ekteskap..
    Sindre: Då brukar eg dei store musklane mine!
    Anders: Walterscheid haker funker flott, har kuler sittende på de redskapene det er aktuelt. Triangel på resten.
    Helge: 2*4 og gaffateip, masse gaffateip!
    Sveinung: Svigerfar;)
    Hans-Edvard: HMV hurtigkobling , og sundt bondevett.
    Einar-Andre: Strips og ståltråd gjør stort sett nytten.

    Så hever vi aldersgrensen til 18 år, for her er det trolig (men slettes ikke sikkert) at det ligger mer biologiske tanker bak de avgitte svarene om kobling av stor redskap - eller?
    Trond: Det hender kun under dyna, å er ikkje noe for offentligheten...
    Torgeir: Det blir litt privat, men bruker en kombinasjon av 1" hannkobling og trekant.
    Øystein: Nok smurning og forsiktige bevegelser til det er på plass
    Torbjørn: Det er nå ikkje størrelsen det kjem an på.. eller?
    Ole: Det får fruen ta seg av :)
    Joakim: Litt vin og kos bak øret fungerer best
    Anders: Må ha skikkelig fart og tyngde bak, har man stor redskap som skal kobles. Teknikk og erfaring er også viktig. Er jo også bra å ha prøvd forskjellige koblingteknikker.
    Anne: Hi-hi.. Kan no ikkje spør om slikt..
    Jørgen: Glidemiddel

    3. desember

    Premie 2. desember: Boblejakke og siloklubbe frå TKS Agri. 

    Spørsmål: Kva år vart Magnus Østby fast tilsett i Bedre Gardsdrift?

    Svar: 2007
    Om du søkjer etter noko av teksten som låg i oppgåva, kjem du til denne artikkelen, datert 1. februar 2007.

    Andel rette svar: 88 prosent

    Vinnar: Brynjar Myhre, 9050 Storsteinnes
    Premie: Kjettingar til SUV/varebil frå Lilleseth Kjetting. Dessutan eit helgepass til Agrisjå i Stjørdal i august 2017.

    Bonusspørsmål: Kva ville du sakna mest om det vart borte?
    Vi har sett det før: Nøtteknekkarane er familiekjære, men også veldig glade i garden sin, traktoren sin og dyra sine. Og det er veldig kjekt å sjå kor mange som vil sakne Bedre Gardsdrift, eller enda til spesifikke artiklar i Bedre Gardsdrift. Og BG-nøttene!

    Ekstrapremie 2. desember: Pepperkakeform frå Downscale 3D. 

    Arnstein: Dopapir, internett, straum, vatn, og mat. Men når eg har tenkt meg skikkeligt godt om har eg komen til at om sola skulle verta borte for godt hadde eg nok savna ho kvart eit minutt livet ut.
    Anders: Det er sjølsagt fruen, og gutta våre! Andre ting kan erstattes!
    Thomas: Kona? Neida, såklart Deutzhen, D5206!
    Lars Arne: Kjerringa, radiohørselverna og kaffetrakteren.
    Enok Aleksander: det må være savnet, når du ikke har det så er det ikke noe og savne
    Ståle: Selvfølgelig Kjerringa og ongan
    Lena: hmm..nå før jul bør man vel svare taktisk å si gubben eller til og med BG nøtter..men..en spade er en spade og hadde nok savna vaskemaskina mest! hehe
    Peder: Snøen. Hovedgrunnen til å finne fram halvbeltene etter....våronna. Sesongen uten belter er heldigvis kort. Begrensa til tida det tar å så 80 mål med Ford 4000.
    Knut Halvard: Rust, for da er det ikke no utfordringer i hverdagen
    Ketil: Bortsett fra min nærmeste familie og venner, kolleger og omgangskrets, måtte det bli mobiltelefonen. Ikke fm-nettet som mange påberoper i disse tider.
    Kåre: Mi kjære budeie med raude kinn,
    når ho kjem trippande på tunet inn,
    med gras på stakken og ku eim ikring.
    Då vert eg mo i knea.
    Kristian: Snus,brus og bollemu....
    Erik: Dersom strømmen forsvann,
    måtte jeg ha melka i spann
    Den brukes til det meste,
    så at den er her er det aller beste.

    Dersom kona stakk,
    hadde jeg blitt blakk
    Jeg vil ikke noen av delene,
    de har jo begge disse fordelene.

    I denne trivelige førjulstid,
    er det noen som sitter og gjør seg flid.
    Vi må huske å takke, i spann og bøtter,
    verdens beste BG-nøtter!
    Sven-Ruben: Traktor, motorsag, rifl... ehh... unnskyld kjære.. kremt.. unnskyld at jeg ikke var like direkte som deg. Jo jeg ville jo savne min kjære, kjære kone, mine søte barn og fantastiske venner...
    (og rundballeklypa)
    Bjørn Olav: Ongan, kjerringa, som de selfølgelige. Av andre ting el-kraft, og hadde nokk ikke takla å gå over til hest, så traktoren
    Siren: Humlene
    Astrid: Lørdagsgodt
    Eivind: Fredagspannekaker
    Magnus: Vettet, Gården og kjæresten.
    Håvard: Det hadde jeg først visst når det ble borte
    Ingebjør: Før ville eg sagt husbonden, men etter at me fekk minilaster i fjøset er eg neimen ikkje heilt sikker lenger...
    Mia: I lys av en hendelse med en god kamerat som endte på sykehus, har jeg tenkt mye på hvor redd jeg er for at mannen skulle bli borte.
    Christian: Nån å lægg skylda på når nåkka går gæli...
    Johan: det jeg ville savna mest hvis det ble borte, er landbruket i Norge, det vil jeg si er noe av det viktigste vi har
    Elise: Silokutter og hjulgrabben
    Sondre: Eg har eit nært og kjært forhold til høgrefoten.

    2. desember

    Premie 1. desember: Fire sjeldne 1:32-modellar frå Traktormodeller.no. 

    Spørsmål: Kva kornslag vert det dyrka mest av i Noreg?

    Svar: Bygg.
    Både i areal og avling er bygg normalt sett det mest dyrka kornslaget. Om du ikkje valde eliminasjonsmetoden, kunne du søke deg fram til svaret til dømes via Opplysningskontoret for brød og korn, eller på Wikipedia.

    Andel rette svar: 97 prosent

    Vinnar: Tone Irgens, 5948 Fedje
    Premie: Boblejakke og siloklubbe frå TKS Agri. Dessutan eit helgepass til Agrisjå i Stjørdal i august 2017.

    Ekstrapremiar: Pepparkakeform med eksakt profil av New Holland T7.225 frå Downscale 3D
    Ekstrapremievinnarar: Oddvar Snekkevåg, 6967 Hellevik. Arild Saasen, 1482 Nittedal. Stein Ove Skilbrei, 6975 Skilbrei.

    Bonusspørsmål: Sju slag?
    Ja visst, sju slag står sterkt mellom nøtteknekkarane, ikkje minst i form av småkaker. Men også på mangt slags anna vis. Alternativt i omfang frå eitt til veldig mange slag.

    Aileen: Neitakk, jeg kjører.
    Anders: Eigentleg skulle det vere sju slag av både brød, sild og småkaker..... Far sa dessutan: "Det som er laga til til jul, skal gå til til jul." -Men hans jul starta først julafta.
    Arnt: Det er desverre lite hjemmebakte kaker, for jeg mangler baksterkone.Så da får jeg bare prøve å trøste meg med BG-nøttene i stedet.
    Bjørn Olav: Blir fort mye mer enn 7 slag med 1 litt nerdete far, 2 gutter og 3 datamaskiner.....
    Britt Unni: Jeg er nok ingen baker, men veldig glad i kaker.
    Disse sju slag det snakkes om, gjør desverre mine kakebokser tom.
    Ingen av disse kan jeg bake, så da får jeg desverre ikke disse smake.
    Brynjar: Næi, motparten bruke å gje sæ etter 2 eller 3 slag :P
    Erik: Det blir ikke sju slag,
    kun noen bøker med jordbruksfag.
    Er ikke så mange slagene på jordet heller,
    her er det raigras, timotei og bygg som gjelder!

    Edel, tiril eller brage,
    uansett må vi et godt såbed lage.
    Avlinga i år ble bra,
    mange turer til mølla jeg måtte dra
    Esten: Har du ei god siloklubbe klarer du deg med tre!
    Gaute: Når julebaksten blei gjort saman med BG-nisse Jogeir og Tomb-lærar Hustvedt var det 12 slag på det meste trur eg. Men etter at tradisjonen med den årlige bakehelga blei avslutta, så er det nok nede i 7 slag
    Guro: Sjøslag, julekaketyper eller kornsorter??
    Ris(boller),
    Havre(makroner, også kokos-),
    Hvete(brød, julekake),
    Bygg (pepperkake((hus)),
    Ru-g(oro),
    Hir-se(rinakaker)
    Mai-s(multring)
    +++
    John Andreas: sju slag per staur,
    bygge gjerde som ein maur
    Knut Vegard: Sju slag i veggen etter å glemt 1.des nøtten...!! #%@@%%!!!!#
    Odd Erling: Fruktnøtt, Melkesjokolade, Firkløver, Kvikklunsj, Daim, Stratos, Smørbukk ...
    Ola: Tante Olga fikk 7 slag til jul, hun ble helt målløs
    Olav: Samboeren har vært helt oppe i 27 slag, men har moderert seg litt og ligger nå bare på 9-10 slag :)
    Rikke: Har en haug med venninner ifra byen som kommer på besøk i helga og jeg lurer på om noen har en oppskrift på økologiske eller biodynamiske, kortreist, glutenfrie, laktosefrie, lavkarbo, veganske, ikke tilsatt sukker eller nøtter og inneholder 0% fett... sandkaker...?
    Steinar: Fendt, Massey Ferguson, Bucher, Can Am, Yamaha, Volvo og Suzuki. Skule bli sju slag køyretøy på tunet det ja.
    Stephan: Klarer meg med 3! Kaffe, cola og snus
    Torbjørn: Er snart nede på det nå, for kjerringa hadde ikke gjemt julebaksten godt nok
    Trond: ja her på gården er det: storfe, sau, gris, hest, lama, kanin og hund.

    1. desember

    Spørsmål: Kor mange bønder er det på sjakkbrettet?

    Svar: Det er totalt 16 bønder på sjakkbrettet. Åtte kvite og åtte svarte. Vel å merke når du startar spelet. Elles kan vi gjerne tipse om gardsdrift.no sin kommentar om likskapen mellom bøndene på sjakkbrettet og bøndene i det verkelege livet.

    Andel rette svar: 93 prosent

    Vinnar: Terje Manneråk, 4534 Marnardal

    Premie: Ein gåvepakke frå Traktormodeller.no: Landini Starland 270, Kubota M5-111, Kubota M9960 og vendeplogen Gregoire Besson RWY8. Dessutan eit helgepass til Agrisjå i Stjørdal i august 2017.

    Bonusspørsmål: Føler du deg matt, eller er du i slaget?
    Det er ingen tvil om at bønder, til liks med store delar av det norske folket elles, har fått med seg kva som skjedde på den tida årets første BG-nøtt vart laga til, og i vekene før: Magnus Carlsen har spelt sjakk. Og der er visse paralellar mellom sjakken og livet, kan det sjå ut til. Her er eit veldig lite utdrag av dei svært mange svara som kom inn på årets første bonusspørsmål:

    Helge: Alltid i slaget når jeg leser Bedre gardsdrift <3
    Ola: Det er godt å være i slaget men er ikke klar for "dronningbytte"
    Sondre: Eg brøyter kommunale vegar med springfart og spissplog, ka trur du.
    Torbjørn: Eg har følt meg matt dei siste dagane. Eg lurer også på kven denne Remi er..
    Arnstein: Er i slaget no, har samla alle utgavene av BG i ein fin bunke, så eg føler pila seier 24 rette i år.
    Anne Lene: Føler meg som en dansende hest, et steg fram og to til siden!
    Eivind: Kven er det som står i framste rekke? Jau, bønder som er i slaget!
    Bjarne: Litt matt etter å ha motatt regning på 140 storsekker gjødsel...
    Bjørn: Matt ? Nei ikkje nå når BG-nøttene er i gang att.
    Jone: Matt av julehandel. I slaget av å koma i fjøset
    Leiv Sturla: matt som ei vinylrute på ein gammal massey ferguson
    Erik: Natta vart lang med selskap av sjakk,
    Selv om fristelsa var stor ble det ingen cognac.
    Carlsen han vant,
    fikk en brukbar pengeslant.
    En bonde fra eller til har ikke så mye å si,
    mener dem som ikke har så mye å gi.
    Jordbruksmeldinga er like om hjørnet
    -vi håper regjeringa ikke er ei kløne.
    Selv er jeg i slaget, fått ny lakk på slåmaskindraget!
    Johann: Ofret dronninga, så da er man vell i slaget
    Bjørn Oskar: Prøve å sætt begge fotan på gølvet samtidig på mårrån, sånn at æ ikke sti opp me feil fot.
    Torgeir: Som konge på bruket burde en jo alltid føle seg i slaget, men når både dronninga og småbøndene av og til setter en i sjakk, og en er nødt for å opptre som både springer og løper, blir en fort litt matt.
    Aimee Cathrin: Veldig i slaget, ofrer ihvertfall ingen bønder!

    Powered by Labrador CMS