Skal gardane eigast av bønder, pensjonsfond eller framande bankar?
Det danske landbruket er i krise, melder avisa Politiken. Men ikkje verre enn at danske pensjonsfond gjerne kjøper opp eigedomane. No vurderer regjeringa å la utanlandske selskap sleppe til.
Landet sørom oss, som er eit landbrukspolitisk førebilete for enkelte norske politikarar, går gjennom nok eit hamskifte for tida. Dei danske familiebruka er økonomisk skakkøyrde.
Eit gjennomsnittleg dansk gardsbruk kostar no 40 millionar danske kroner, noko som er ein heller stiv pris å betale når neste generasjon står klar til å overta. Denne utviklinga gjer at andre aktørar no kastar eit blikk på landbruket, skriv deb danske storavisa.
Forpaktar mot fem-seks prosent av jordverdien
Pensjonsfondet AP Pension har det siste halvåret forsøksvis kjøpt opp fleire landbrukseigedomar. Dei ser no såpass inntektspotensiale i næringa at dei vurderer å sette av fleire milliardar til formålet.
Opplegget er som så: Pensjonsselskapet kjøper jord og bygningar. Bonden eig dyr og maskiner. For å drive garden betaler bonden 5,2 prosent av verdien på jorda årleg, og 6,5 prosent av prisen på bygningane. AP Pension tilbyr også at bonden etter 10 år får høve til å kjøpe ut jord og bygningar, eller vedkomande kan halde fram som forpaktar. Systemet ser ut til å vere meir lønsamt for pensjonsfondet enn ordinære investeringar i eigedom.
Regjeringa opnar for utanlandske kapitalfond
Den danske regjeringa vil endre landbrukslova, slik at det ikkje ligg restriksjonar i kven som kan kjøpe landbrukseigedomar. Det opnar også for utanlandske kapitalfond og bankar.
Til no har lova hatt eit krav om at bonden skal ha "bestemmende indflydelse" i selskap som driv landbruk. Leiaren for organisasjonen Landbrug & Fødevarer er skeptisk.
– Dette er ei ugrei utvikling, som opnar for at danske bønder endar opp som traktorførarar for utanlandske kapitalfond, seier han til Politiken.
Kva med Noreg?
Det er ingen løyndom at også den norske regjeringa vil opne for alternative eigarformer i landbruket. Enn så lenge er det berre regelverket for priskontroll som er på høyring, trass i at det ikkje er fleirtal i Stortinget for store endringar her. Men regjeringa vurderer også fleire andre grep.
– I regjeringsplattforma er det peika på endringar i eigedomslova, buplikta, driveplikta og konsesjonskravet. Dessutan vurderer regjeringa å opne for at AS kan eige landbrukseigedomar. I dag er kravet at eigar skal vere ein fysisk person. Ei slik endring kan føre oss nærare danske tilstandar, seier Arild Bustnes, næringspolitisk sjef i Norges Bondelag, til Bedre Gardsdrift.