MFs europasjef Richard Markwell saman med Agco-sjef Martin Richenhagen. Richenhagen seier at Agco no vil legge ned Europakontoret sitt i Coventry.

Brexit: Agco kuttar Coventry

​Til no har Agco hatt sitt europeiske hovudkontor i MFs heimby Coventry. Etter Brexit-avrøystinga vil Agco flytte Europakontoret til eit sikrare EU-land, truleg Tyskland.

Publisert

Agco eig mellom anna Fendt og Valtra, men i denne samanhengen er det Massey Ferguson si historie vi må nemne. For det følast naturleg å starte med litt MF-nostalgi her.

Få stader i verda har eit like landbruksteknisk historisk sterkt namn som Coventry. Der var hit Harry Ferguson la sin europeiske traktorfabrikk straks andre verdskrigen var slutt. Mens Ford skulle forsyne verda vest for Atlanterhavet med traktorar, skulle den omgjorte og nykjøpte flyfabrikken i Coventry levere traktorar til alle andre. Det var i Coventry Gråtassen vart fødd, og her var hovudbølet for Massey Ferguson så lenge der vart produsert MF på britisk jord.

Då mekaniseringa av det norske landbruket skaut fart for fullt, var det ofte med ein Ferguson eller Massey Ferguson, bygd nettopp i Coventry. Det må vere lov å seie at denne engelske traktorfabrikken ei lang tid var ein av dei viktigaste i vår del av verda.

57 år produksjon, deretter administrasjon

Produksjonen i Coventry vart lagt ned etter 57 år, då 4300-serien vart erstatta av den franskbygde 5400-serien i 2003. Men framleis heldt MFs nye eigar Agco fast på Europakontoret sitt i den traktor-tradisjonsrike byen, og med det ein stor andel engelskmenn til å styre over det Agco gjer i Europa.

No går også den delen av historia mot ein ende. Agco vil ha Europakontoret sitt i EU. Dermed fører Brexit-avrøystinga til at ein plass mellom 250 og 500 medarbeidarar mistar jobben sin, og Agco sitt hovudkontor blir mest truleg flytta til Tyskland.

Agco vil vere i EU

– Kontoret i Coventry kan ta seg av den britiske marknaden, men med langt færre tilsette enn i dag. Europakontoret vil vi flytte til eit land som vi er trygge på blir verande i EU, seier Agco-sjef Martin Richenhagen til Frankfurter Allgemeine Zeitung. Då tenkjer han helst på Tyskland, der Agco står svært sterkt med Fendt sitt hovudkvarter.

– Det gir inga meining å ha sentrale funksjonar som økonomi, juss og marknadsansvar for EU i eit land som er på veg ut av EU, konstaterer Richenhagen, som elles er skeptisk til folkeavrøystingar av dette slaget. – Der kan populistar øse opp stemninga, slik einkvar idiot kan stemme mot noko utan å innsjå kva verdiar det eksisterande samfunnet faktisk har, seier den frittalande Agco-sjefen.

Følgjer CNH ut av GB

Frå før har mellom andre CHN-konsernet sagt at produksjonen den britiske produksjonen av New Holland kan bli flytta til Austerrike etter Brexit-avrøystinga.

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS