Kor godt den nedste rada med rundballar er sikra kan sjølvsagt diskuterast, men at dei seks ballane på toppen ligg usikra, det er det ingen tvil om. Regelverket er ganske enkelt, og det er der av gode grunnar: All last skal sikrast, alltid. Foto: Statens Vegvesen.

Usikra rundballar – igjen!

For n'te gong: Ein tankelaus traktorførar er stoppa med usikra rundballar. Men nokre meiner at det blir masa for mykje om lastsikring av rundballar.

Publisert

Denne gongen var det nær Trondheim at traktoren med 20 rundballar på tilhengaren vart vinka til sides av Statens Vegvesen, etter at ein trafikkant hadde tipsa dei. Føraren er sjølvsagt meldt til Politiet, og sjølvsagt har saka fått store oppslag i media. I går ettermiddag låg den til dømes som ei av toppsakene på nrk.no og på fleire andre nettaviser. Og sjølvsagt er bileta som vegvesenet la ut på Twitter spreidde til alle kantar på sosiale medium.

På Facebook kjem ytringar som nyanserer saka litt, som desse:
- Eg har køyrd tusenvis av rundballar på den måten der, utan at nokon har ramla av. Har begynt å stroppe no.
- Helt klart ikke forskriftsmessig festa dette, på ei anna side så trur eg du skal slite med å kjøre slik att nokon av ballene faller av...

Men vi finn også kommentarar som desse:
- Kan ikke sammenligne med lastebil og minst dobbel fart !
- Det evege norske sikkerhetsmase :)) Nokon sku tatt seg ein tur rundt om i verda å sett korkeis ein gjer det i andre land. Som ein skriv lenger oppi her, "har kjøyrd fleire tusen ballar slik, aldri nokon så har falt av".

Og det er jo like sakleg som å seie at eg har støtt køyrd bil utan å bruke belte, og eg er aldri blitt drepen.

Det som elles er å seie om dette, står i denne leiarartikkelen frå Bedre Gardsdrift.

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS