Du er her

Å skite i eige reir

LEDER: Den dagen styresmaktene ser seg leie på all den vitlause traktorkøyringa, har vi ikkje mykje å stille opp med.
Av Redaksjonen
Publisert 27.10.2016 02:59

Pappa, kvifor får eg ikkje lov, sutra femåringen.
– Fordi du har vist at du ikkje er moden for det.

Kvar haust må vi diverre stille oss det same spørsmålet: Er folk verkeleg modne nok til å få køyre traktor langs offentleg veg? Alt for ofte ser vi traktorar med usikra rundballar, lause potetkassar, stor overlast, last på frontlastaren, grønsakskassar som stengjer all sikt framover og så vidare.

Rett nok er det du som får straffa om noko går gale, eller om du i beste fall berre blir vinka inn til bot og køyreforbod. Men du er også til fare for andre. Det er inga privatsak. Ein usikra rundball er nok: Du kan bli ein drapsmann. Du kan råke uskuldige, snu livet til ein framand familie opp-ned.

Er ikkje tilhengaren i forsvarleg stand, kan du parkere til den er i orden. Gidd du ikkje sikre lasset ditt, har du ingenting på vegen å gjere. Vel du å køyre likevel, drar du med deg veldig mange andre ut i uføre.

I våre dagar har nær sagt alle kamera lett tilgjengeleg. Eit tankelaust lass på hengaren er spreidd til tusenvis på Facebook lenge før du har parkert for kvelden. Slike bilete er bensin på bålet til alle som vil stikke kjeppar i hjula for traktortransport langs vegen. Sånne folk finst det mange av.

I haust har Statens Vegvesen i mellom anna i Hedmark stoppa traktor etter traktor med dårleg sikra last. Tiltaket er prisverdig. Resultatet er nedslåande. Desse ekvipasjane er sjølvsagt fotograferte. Bileta kjem i lokalavisene og i publikasjonar retta mot lastebilnæringa. Nokre bilete vert publiserte hos dei store regionavisene, VG, Dagbladet og NRK.
For sjølvsagt å bli spreidd enda vidare att via sosiale medium.

Av og til kjem det opp saker om manglande skilt på slept reiskap eller andre diskutable handhevingar av omdiskuterte traffikreglar. Det er plagsamt. Men at folk som køyrer traktor gir blaffen i tryggleiken, det er djupt alvorleg. Skal du ferdast i trafikken, må det gjerast slik at du ikkje er til fare for andre. Så enkelt. Du må ha bremser, lys og lastsikring i orden, og fornuftige lass. Ser du andre som ikkje har sitt på stell: Sei ifrå! Det er betre at du stoppar naboen, enn at ein rundball frå tilhengaren hans skal bråstoppe ein møtande bil.

Den dagen styresmaktene ser seg leie på all den vitlause traktorkøyringa, har vi ikkje mykje å stille opp med. Du kan ikkje la nokon få tillit når vedkomande ikkje er tilliten verdig. 
 

Se hva du kan lese om i Bedre Gardsdrift 8/2016 her

 

Faktaboks

Bedre gardsdrift kommer ut ti ganger i året, og er Norges eneste frittstående landbruksfagblad. Vi fokuserer på teknikk, økonomi og vedlikehold, og har reportasjer fra hele landet. Årlig har vi minst 30 sider traktortester og 25 sider gardsanalyser.

Vil du bli bedre kjent med bladet?

Last ned bladet elektronisk

Eller bestill abonnement

Her får du et innblikk i hva vi skriver om