Med førarkort frå utlandet kan du køyre traktor på åkeren når som helst, men for å køyre langs offentleg veg må du bu her fast i minst eit halvt år først. Foto: Colourbox.

(Nesten) ulovleg å køyre traktor for utlendingar

Eit for dei aller fleste ukjent regelverk hindrar folk med førarkort frå utlandet i å køyre traktor i Noreg.

Publisert

I reglane som regulerer dei internasjonale førarkortklassane fell traktorane utanfor. Dette kan du lese meir om i Bedre Gardsdrift nr. 7/2016. Teksten under er eit samandrag derifrå.

Mens førarkort for bil, lastebil og motorsykkel er gyldig både i alle EU/EØS-land og i fleire andre land, er der inga plikt til å godkjenne førarrett for traktor frå andre land. I det norske regelverket er det ikkje lagt opp til noko lettvindt slik godkjenning gjennom nasjonale reglar heller.

Må bu her minst 185 dagar

For å få utanlandsk førarkort som er gyldig for traktor godkjent av norske styresmakter, må du ha fast bustad i Noreg. Vil du ta norsk førarkort, må du også ha fast bustad her.

For å bli rekna som fastbuande, må du bu her i landet i minst 185 dagar i kalenderåret. Detaljar kring det kan du lese meir om i BG 7/16.

Full stopp for sesongarbeidarane

Vegdirektoratet slår fast at sesongarbeidarar med seks månaders arbeids- og opphaldsløyve ikkje er kvalifiserte for å få godkjent sitt utanlandske førarkort, og dei får heller ikkje ta norsk førarkort. Utanlandske studentar får heller ikkje køyre traktor lovleg langs veg. Om ein utanlandsk produktspesialist køyrer frå Svinesund til Kirkenes med tre traktorar på semitraileren sin er det heilt OK, men han får ikkje køyre av traktorane så dei får offentleg veg under hjula.

Heilt ukjent

Regelen er slett ikkje ny, men ingen i Vegdirektoratet har sett behovet for å informere folk om den. Kunnskapen internt i Statens Vegvesen er også noko brokete.

Norske Landbrukstenester: Svært ugreitt

Harald Lie, leiar i Norske Landbrukstenester, seier at dette regelverket var ukjent for dei inntil Bedre Gardsdrift informerte om det.

– Dette er dramatisk. Skal regelverket praktiserast slik vil det få store konsekvensar, seier styreleiaren for landets største formidlar av arbeidskraft til jordbruket.

Mange av dei som er innleigde til å arbeide kringom på gardane, særleg som sesonghjelper, har førarkort frå utlandet.

– Vi har støtt trudd at utanlandske førarkort har vore likestilte med norske, og vi har aldri fått informasjon om noko anna. Situasjonen er svært ugrei, seier Lie.

Bondelaget: Dette må fiksast!

Bondelagsleiar Lars Petter Bartnes slær fast at reglane som Bedre Gardsdrift har avslørt på ingen måte er verken tenelege eller i takt med det landbruket vi har fått. Han er samd i det Harald Lie seier, og konkluderer med at dette må ryddast opp i.

– Vi skal ta opp saka med Samferdsledepartementet. Dette er dramatisk for landbruket. Det er også uryddig at du lovleg kan køyre bil eller vogntog frå det sekundet du kryssar riksgrensa, mens du må bu her i landet i over eit halvt år før du lovleg kan køyre traktor.

Departementet: Vi spør direktoratet

Bedre Gardsdrift har kontakta Samferdsledepartementet om saka. Det einaste svaret vi har fått derifrå, er at dei vil undersøke kva Vegdirektoratet meiner. For ein månad sidan sende departementet eit brev til direktoratet med ønske om snarleg svar.

Førarrett for traktor er regulert gjennom nasjonale reglar, til skilnad frå førarrett for bilar, lastebilar og liknande. 

Bedre Gardsdrift har gjennom svært mange år arbeidd grundig med trafikkreglar for landbruksmaskiner, og har ein unik kunnskap på dette området. Det viser seg gong etter gong at reglane som omfattar traktor er utdaterte eller forbigått av det moderne landbruket. 

Bedre Gardsdrift er Norges klart største landbruksblad, med over 17 500 betalande abonnentar. BG er også landets einaste frittståande landbruksblad. Vi har ti utgåver kvart år, med vekt på artiklar av praktisk nytte for deg som driv gard eller er interessert i landbruksmaskiner. 

Powered by Labrador CMS