stormfelt skog mann
stormfelt skog mann

Stormfelt skog er ekstremt farleg

Det er svært sjeldan at folk blir skadde eller drepne av uvêr i Noreg. I oppryddinga går det derimot verre. Søndag vart ein mann alvorleg skadd av stormfelt skog i Agder, etter uvêret laurdag.

Publisert Sist oppdatert

Mannen i byrjinga av 40-åra var ute åleine for å rydde etter stormen på ein fritidseigedom, då treet ramla over han. Det melder Agderposten. Han fekk varsla ein nabo via mobiltelefon, og vart henta med luftambulanse til Sørlandet sykehus i Arendal. Dei melder at mannen har alvorlege skader, men tilstanden er stabil.

Ekstremt risikabelt arbeid

Bedre Gardsdrift er ikkje kjent med korleis ulukka skjedde, eller om mannen i det heile arbeidde med skogen eller om han fekk treet over seg på anna vis. Erfaring frå vinterstormane frå først på 90-talet til i dag gir i alle høve grunn til å rope varsko. Etter nyttårsorkanen i 1992 var det ei alvorleg ulukke pr. veke den første tida.

Kunnskapskrevjande

"

Du bør absolutt ikkje prøve å rydde stormfelte tre utan solid kunnskap. Her frå eit kurs etter Dagmar.

Å arbeide med stormfelt skog er forferdeleg farleg og krev spesiell kunnskap. Tre som ligg i spenn kan sjå uskuldige ut, men straks du tar til å sage i dei kan enorme krefter bli utløyst, nok til å drepe deg. Difor skal du aldri gå laus på slik skog utan at du veit svært godt kva du driv med. Lang skogbrukserfaring er til god hjelp, men det er sterkt å tilrå at du også har deltatt på kurs i opprydding av vindfall. Ofte vert det arrangert slike kurs i etterkant av uvêr. Skogbrukets HMS-utvalg tilrår at du tar repetisjonskurs om det er lenge sidan sist du jobba med slikt.

Ta deg tid

Så sant skogen ikkje ligg så den er til direkte fare for liv og helse, er det altså ein god ide å la den ligge til du føler deg trygg på eigen kunnskap. Alternativet er å leige inn folk som kan slikt arbeid. Når treet først har ramla, vil skaden sjeldan bli verre av at det ligg ei stund, men området er å rekne som ei risikosone.

Sjå opp!

Ofte kan skogen sjå stabil ut, på sitt stundom skakke vis. Likevel skal du vere svært varsam med å gå under meir eller mindre nedfallen skog. Det kan vere att avknekte stammar som heng laust i andre trekroner, eller tre som ikkje er gått heilt i bakken kan ligge svært ustabilt, og ramle utan forvarsel. Tenk deg difor grundig om før du går nær slike tre. Vekta av ein avknekt tretopp kan fort vere nok til å drepe om du får den i hovudet. Det har skjedd.

Farleg i lang tid

Ofte kjem det skadelege uvêret vinterstid. Når våren kjem og jorda tinar, kan rotvelt og halvvegs velta tre ta til å røre på seg. Allskog oppmodar om å passe ekstra godt på borna om du har stormfelt skog i nærleiken, då ungane gjerne ser rotvelter som artige leikeplassar. Det er livsfarleg. '

" Her er det samla nokre råd om vindfallhogst - Skogbrukets HMS-utvalg - Husqvarnas råd for vidarekomne

"