Meir om trafikkreglar
Etter siste utgåve av Bedre Gardsdrift, der vi har ein repetisjon på førarkortreglane for traktor, har det ramla inn ei lang rekkje spørsmål om emnet. Her er snarvegen til fleire svar.
Kva treng du for å køyre stor eller liten traktor? Og kva med motorreiskap?
Pågangen hos Opplysningskontoret for trafikkreglar for landbruksmaskiner, som ser ut til å ha c/o-adresse hos Bedre Gardsdrifts vestlegaste avdelingskontor, har hatt jamn pågang siste tida. Litt etter same prinsippet som i eventyra: Høgg du eine hovudet av trollet, veks der ut to nye.
Når det er sagt: For å vite kva vi bør skrive om, er vi veldig glade for innspel, tilbakemeldingar og spørsmål, og vi merkar oss også med stor interesse diskusjonar kring trafikkreglar på debattforumet.
Her er nokre standardsvar på ofte stilte spørsmål, eller FAQ om vi skal vere veldig internasjonale.
Yrkessjåførkompetanse
Dette kravet gjeld deg som har tatt førarkort etter 1.1.2005 dersom du treng høgare klasse enn T eller BE for å køyre den aktuelle traktoren. I tillegg må du frakte noko der det at du transporterer noko er ein vesentleg del av jobben, og at dette medfører noko form for godtgjersle for transporten. Det er nok at det ville vore naturleg med godtgjersle, som at det at vara blir transportert tilfører vara ein ekstra verdi.
Bruk av motorreiskap
Det vi har omtalt i artikkelen i BG 9/12, og det som er knytt opp mot kodar for førarrett, gjeld kva du må ha for å køyre motorreiskapen på veg, etter vegstyresmaktene sine krav. For å bruke maskina i arbeid, har Arbeidstilsynet sine krav. Minstekravet er at du for maskiner "som krever særlig forsiktighet ved bruk", minimum må ha dokumentert opplæring.
Opplæringsattest kan du laste ned her, og du kan lese meir i BG 2/2010.
Dersom maskina er ei såkalla masseforflytningsmaskin (gravemaskin, minilastar, dumper osv) og motoreffekten er over 15 kW (20,4 hk), eller om maskina er truck, tårnkran, mobilkran eller anna kran med kapasitet over to tonnmeter, må du ha sertifisert opplæring, altså kurs hos nokon som er godkjent til slikt. Meir om det i BG 2/2010.
Traktor inntil 3500 kg
Traktorar med tillatt totalvekt inntil 3500 kg kan køyrast med klasse B tatt etter 1. januar 2005. Ikkje at det har noko å bety i praksis, men akkurat i dette høvet gjeld heller inga fartsgrense. Der er ikkje mange av dei, men for dei det gjeld er jo dette kjekt.