Gardsdrift.no-debatten løyser striden
I ei samdrift ein ukjent plass i landet er dei ikkje einige om kva retning spaken for toppstaget skal brukast. Du kan hjelpe dei.
Om du ikkje har følgt med på debattforumet dei siste dagane: Signaturen Samdrift har lagt inn dette spørsmålet:
Hei. Vi er en nystartet samdrift med et lite, men veldig irriterende problem. Vi har ulike vaner om hvilken veg hydraulikkspaken inne i traktoren skal gå.Når det hydrauliske toppstaget skal inn, tar man spaken frem eller bak i forhold til traktoren da? Håper vi kan få et svar fra dere på dette lille problemet så vi slipper å krangle om det, og bytte om slangene hver gang en annen skal kjøre.
Joda, problemstillinga kan likestillast med om dorullen skal henge med papiret inn mot veggen eller ut i fri luft. Eller vi kan spørje oss - dersom det blir problem av så enkle ting som dette, korleis skal det då gå?Men våre vener i samdrifta har løyst si vesle usemje på ein grei måte: Den hydraulikkspak-retningen som flest tilrår inne på forumet på gardsdrift.no, det blir løysinga.Smart, vil vi seie. Samdrifta spør ekspertpanelet, og ekspertane - altså brukarane av gardsdrift.no - svarer. Vil du henge deg på, finn du tråden her. Lurer du på noko heilt anna, kan du søke her eller opprette ein ny tråd her.
"