Logoene til Bertel O. steen og A-K maskiner
A-K maskiner blir en del av Bertel O. Steen.

Bertel O. Steen kjøper A-K maskiner

Det største oppkjøpet i norsk landbruksmaskinbransje, og Bertel O. Steens største kjøp nokon gong. Ein av dei aller største aktørane i landbruksmaskinbransjen skiftar eigar i dag.

Publisert

Med ei årsomsetning på over ein milliard kroner er A-K maskiner ein svært vesentleg aktør i det norske landbruket. Bertel O. Steen er heller ingen smågut, med nærare ti milliardar i årsomsetning.

Blir blant topp 50

Med oppkjøpet blir Bertel O. Steen mellom dei 50 største selskapa i Noreg. Basert på rekneskapstal for 2006 er firmaet nummer 54. Største reine landbruksmaskinselskap er nettopp A-K maskiners morselskap, på plass nummer 357. Dette året eksisterte framleis Felleskjøpet Maskin, som nummer 421 av landets største selskap. Eikmaskin er neste maskinselskap, fire plassar frå botnen på Dagens Næringslivs topp 500-liste.

A-K maskiner strevar litt

Den mest brukte målestokken på korleis det står til med ein traktorimportør, er registreringsstatistikken. Der har det sett dystert ut for A-K dei siste åra. Siste 12 månader er marknadsandelen 18,5 prosent. I 2006 vart resultatet 22,8 prosent.

Då A-K overtok CaseIH, i tillegg til New Holland, sommaren 2005, var ambisjonen å vekse kraftig. Målet for New Holland var 20 prosent marknadsandel det tredje året, mens CaseIH skulle ligge på det halve. Deretter skulle A-Ks totale del av den norske marknaden ligge på kring 35 prosent. Seinare er målet moderert til 25 prosent. Med andre ord ligg A-K ein liten stubb bak eigne ambisjonar.

For å strø meir salt i såret: På den tida A-K hadde berre New Holland, låg marknadsandelen stabilt mellom 18,4 og 23,7 prosent, i alle år frå 1996 til 2004.

Frå overskot til underskot

På same tid har selskapet gått frå å ha stabile overskot til å levere raude tal i 2006. I tidlegare år har driftsresultatet ligge mellom 10 og 30 millionar kroner, mens 2006 enda opp på minus 4,4 millionar. I same periode har konkurrenten Eikmaskin vore langt nede i 2002, for å få eit rekordgodt resultat i 2006. Det skal seiast at 2006 var det beste traktoråret på svært lang tid. Internt i A-K blir det negative resultatet omtalt som aldeles unødvendig.

Ny sjef frå Bertel O. Steen

For eit drygt år sidan, 1. april 2007, overtok Ole Grønvold som adm. dir. i A-K maskiner. Han har mellom anna arbeidd i Bertel O. Steen tidlegare, men på denne tida var det framleis svært usikkert kva som kom til å skje med eigarskapen i selskapet. I alle tilfelle er det i Grønvold si tid gjennomført store endringar på importkontoret, og det vert arbeidd aktivt med å få ein sunnare økonomi.

Aage Bryn

Forretningsmannen Aage Bryn kom inn i A-K maskiner i 1984. Han sat i mange år som adm.dir., men har dei seinare åra trekt seg ut frå den daglege drifta for å konsentrere seg om eigarselskapet A-K Holding Auctus as. Aage Bryns A-K maskiner har vore eit reint familieselskap. Det har ikkje vore aktuelt å vidareføre eigarskapen i familien, og 62 år gamle Bryn har difor arbeidd ei tid med å finne ei god ordning for å vidareføre sitt viktigaste selskap.

Bertel O. Steen i landbruket

Mercedesimportøren har hatt jord under dekka også tidlegare. Framleis har Bertel O. Steen importen av Unimog terrengkøyrety. Unimog er i praksis ikkje lenger i bruk i landbruket, sjølv om køyretyet i si tid vart utvikla som ein liten traktor. Frå 1972 til produksjonen vart innstilt i 1991 vart også MB-trac importert, og her gjekk ein mykje større andel til landbruket.

Powered by Labrador CMS