Caron FS

Caron - ein uvant farkost

Berge Traktor i Fjærland vil kapre nye og gamle kundar med italienske transportarmerket Caron. 

Publisert

Bedre Gardsdrift har sett nærare på toppmodellen i Caron 900-serien og på Caron 800-serien som Berge Traktor ventar vil bli den mest populære.

Trekkraft og bæreevne

Generelt har ein transportar mange gode eigenskapar som landbrukskøyretøy i grasproduksjon. Her har du trekkraft og bæreevne i ei smidig eining. Låg vekt og bratt veltevinkel er viktige fordelar. 

Billedgalleri av Caron

Du klatrar kjapt inn og ut av hytta, har god oversikt og størsteparten av energien frå motoren går til å få gjort noko anna enn berre å drive seg sjølv. På transportaren kan du få med deg mangt og mykje på ryggen samstundes som du har reiskap i trepunkten.

Førarkomforten ikkje av dei beste

Ulempene finst også: Førarmiljøet er ikkje som vi bør vente oss det i dag. Her er støynivået såpass at hørselsvern gjerne kunne vore med som standardutstyr. Ventilasjonsanlegget er av enklaste type. Det same gjeld transmisjonen.

 Transportaren er heller ikkje særleg eigna til å dra plog eller slodd, særleg ikkje om det finst fukt i jorda, på grunn av liten diameter på hjula.

Powered by Labrador CMS