reform T10_X_LW_02

Kraftfull høgteknologi i bratta

Reform har lansert ein ny transportar, med døypenamnet Muli T10 X. No er det rett nok mange tiår sidan denne traktortypen selde i bøtter og spann her i landet, men la oss drøyme litt likevel.

Publisert


For folk som ikkje er vant med slike bratt-bakke-køyrety, framstår traktoren som temmeleg eksotisk. Prisen gjer dessutan at den må reknast som heller eksklusiv. Grovt rekna ein million kostar denne. Då har du valet mellom to firesylindra motorar på litt over eller litt under 100 hk, alt etter om du vil ha Euro 3B eller Euro5-godkjenning. EGR og sjølvrensande partikkelfilter er på plass i begge høve, og elektronisk motorstyring og common rail er sjølvsagt.Kasse for bratta Transmisjonen er ein trykksmurd synkronisert 8/8 kasse med totrinns splittgir. Altså ein transmisjon som held godt i nedoverbakkane.Med portalakslingar og sperrer framme og bak, og permanent firehjulstrekk med låsbar senterdifferensial skal framdrifta vere godt ivaretatt.Fjøring framme og bak Transportaren blir levert med uavhengig hydraulisk fjøring framme, evt. også bak, med automatisk nivåregulering og høve for låsing. Du kan også velje styring på både framaksling og bakaksling med elektrohydraulisk val av styremodus.Origian Telma-brems Bremsene er hydrauliske på alle fire hjul, med ventilerte skiver framme og bak. Har du fjøring bak, følgjer det med lastavhengig bremsekraftregulator. Du kan også krysse av for Telma firetrinns retarder, altså elektrisk driftsbrems som lar deg spare det ordinære bremsesystemet i tunge utforkøyringar. Park-bremsa på mellomakslingen er betjent med ein vippebrytar, kopla inn av ei kraftig fjør og kopla ut elektrohydraulisk.Mykje hydraulikk Du har valet mellom lastkjennande hydraulikkpumper som gir 42 eller 73 liter i minuttet. Disponibelt oljevolum i den separate hydraulikkoljetanken er 60 liter, og betjeninga er proporsjonal elektrohydraulisk for inntil fire dobbeltverkande uttak framme og bak.Oppvarma hanskerom Førarhytta kan tippast til sida for å kome til motor og tilhøyrande herlegheiter. I tillegg til likeverdig sete for førar og passasjer, er her hanskerom med oppvarming eller kjøling, og du kan velje trepunktsbelte.Lastar nær to gongar eigenvekta Eigenvekta er tre tonn, og tillatt totalvekt er åtte tonn. Breidda er så vidt over to meter, og høgda 2,35 meter. Har du lyst på ein sånn, og kanskje attpå alt nok pengar, er det Østerbø Maskin i Sogn som importerer Reform.

Powered by Labrador CMS