Du er her

Tyskland tilbake 3,8 prosent

Den store tyske traktormarknaden går litt tilbake. Fendt held førsteplassen med betre margin enn førre runde til John Deere, mens CaseIH er den store vinnaren.
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 16.01.2015 10:15

Fendt er på topp i Tyskland.

Med 28 555 registrerte traktorar totalt er Tyskland eit av dei største traktorlanda i Europa. For oss er dessutan Tyskland spesielt interessant. Norske og tyske traktorkundar har på visse område nokre fellestrekk, mellom anna ønsket om høgt spesifiserte maskiner. I fleire område i Tyskland er dessutan bruksstruktur og dermed også traktormarknad ganske lik heimlege forhold, sjølv om andre område er ganske så annleis. Samla går den tyske traktormarknaden tilbake med 1120 traktorar, som svarer til 3,8 prosent.


Fendt litt tilbake, John Deere mykje

Den tyske registreringsstatistikken omfattar berre traktorar med meir enn 50 hk. På denne lista ligg Fendt eit knepp framom John Deere. I 2014 vart det nesten 500 traktorar mellom desse to, mens det i 2013 var drygt 150 som skilde dei. John Deere går dobbelt så mykje tilbake som Fendt frå 2013 til 2014.


CaseIH sitt år

Frå dei to kamphanane i tet er det langt ned til tredjeplassen, der CaseIH/Steyr har dytta ned Deutz-Fahr til fjerde. Einaste praktiske skilnaden mellom CaseIH og Steyr er lakk, for volumseriane her er bygde på same fabrikken i Austerrike. Også New Holland har mykje til felles med desse, men er bygd i England og Italia.


Unimog=traktor (i Tyskland)

Norske vegstyresmakter meiner bestemt at Unimog ikkje er traktor, fordi den "liknar på ein lastebil". I Tyskland er det i 2014 registrert 400 Merceddes-Benz som traktor, altså Unimog. Nesten like mange som det vart registrert Valtra i Noreg. Det kan nemnast at typegodkjenningsreglane i begge land er ganske like, til skilnad frå tolkinga av dei.


Fellestrekk med Noreg?

Vi kjenner ikkje modellstatistikken for Tyskland, og veit dermed ikkje kva traktorar som går fram eller tilbake. Like fullt er det interessant å spekulere litt. Både her i landet og i Tyskland er traktorar i overkant av 100 hk eit viktig segment. Der har John Deere fjerna sin høgspesifiserte og populære 5R-serie, og her i landet har ikkje alternativa i gult og grønt slått an. Samstundes har CaseIH og New Holland presentert nye modellar i same segment. CNH har også fått nye trinnlause i dei lågare effektklassane på same tid som Fendt har eit vakuum mellom utfasinga av 400 Vario og innføringa av nye 300 Vario. Hos oss har MF 5600 slått svært godt an, mens Massey Ferguson ikkje har same posisjonen i Tyskland.