Du er her

Tvillinghjul er lov...

...også med breidder over 2,55 meter, om du har brei reiskap kopla på traktoren. Samferdsledepartementet forventar ei fleksibel og fornuftig praktisering av regelverket fram til nye reglar er på plass.
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 02.04.2009 15:56

Dette seier statssekretær Geir Pollestad til Bedre Gardsdrift.

Med andre ord kan du trygt køyre med tvillinghjul på traktoren, med totalbreidde over 2,55 meter, så sant køyringa er knytt til bruk av brei reiskap i samband med gardsdrift. Kort sagt kan du vel eigentleg køyre som du har gjort før. Kravet er sjølvsagt at du køyrer med vett og tenkjer gjennom kva du gjer før du svingar ut på vegen.

Også greitt der det er bratt- Kva med bruk av tvillinghjul med totalbreidde over 2,55 meter der dette er naudsynt av omsyn til tryggleiken der det er bratt?

- Eg kan ikkje seie anna enn at vi forventar at regelverket blir praktisert på ein fornuftig og fleksibel måte fram til nye reglar er på plass, svarer Pollestad.

Uklart regelverk
Pollestad seier at departementet ser at problemet knytt til bruk av tvillinghjul dukka opp som eit nytt problem i kjølvatnet av presiseringa av kor langt du kan køyre med breitt landbruksutstyr. - Dette viser at regelverket er for uklart, og at det er behov for å rydde. Den ryddejobben er vi i gang med. Inntil vidare må reglane handhevast fleksibelt og fornuftig, seier Pollestad.

Breidekk

Denne pressiseringa frå departementet betyr at også traktorar med breidekk som gjer traktoren breiare enn 2,55 meter er godtatt, om køyringa er knytt til bruk av breitt landbruksutstyr.