Lena maskin, HCP Norge og A-K maskiner stiller med kvar sin tur i premie til årets nøtteknekkarar.

Tre turar trekte

Fjærland, Rennebu og Trondheim/Hitra her avreiseadressene til nøtteknekkarane som skal på tur.

Publisert

Denne gongen låg det tre fabrikkturar i premiesekken, til Krone, New Holland og McCormick. Turane blir gjennomførte i løpet av 2016.

Oddbjørg vann over mannen

Heime hos Oddbjørg og Arnold Berge i Fjærland i Sogn og Fjordane har det vore fast tradisjon gjennom mange år å sende svar på BG-nøttene – i Arnold sitt namn. Svara som dei kan utan å slå opp blir kryssa av direkte, men er der noko som må slåast opp eller søkast fram, har Oddbjørg tatt jobben. Men denne gongen ville ho ikkje lenger berre vere sekretær. Ho bestemte seg for å svare i eige namn, så fekk mannen sende i sitt namn. Og resultatet: Oddbjørg vann tur til Krone-fabrikken, gitt av HCP Norge.

– Så stas! Og eg som aldri vinn noko! Dette må eg fortelje han med ein gong, flirer ho på telefonen. – Håpar berre at turen ikkje er i lamminga, ber ho. Dei to driv nemleg med sau. Sjølv var Oddbjørg ivrig på å skru i yngre år, mens interessa no er meir retta mot husdyrproduksjonen. Arnold er derimot meir aktiv på det tekniske, med eige firma som importør av Caron transportarar og ymse andre maskiner.

Frå Rennebu til New Holland

Arnt Haugen frå Rennebu i Sør-Trøndelag er trekt ut til å reise på tur for to med A-K maskiner til ein av New Holland sine fabrikkar. Han driv det som for litt sidan var eit bra gjennomsnittsbruk med 20 årskyr i båsfjøs frå 1980, men er no meir i stuss om framtida.

– Det er jo tre val. Legge ned, drive som i dag eller satse. Eg har valt å halde fram som i dag, så får vi sjå det an etter kvart, konstaterer Arnt. Som peikar på at om han skal satse og utvide, så må nokon andre legge ned, og det er ikkje rett det heller.

I løpet av året blir det iallfall eit avbrekk i ein elles travel arbeidskvardag med fabrikktur for to til New Holland, og det kan nok bli interessant.

Raudt kjøtt og raude traktorar

Lars Nordbotn arbeider til dagleg som rettleiar for ammekuprodusentar i Sør-Trøndelag, tilsett av Nortura. – Her er mange nyetableringar, så det gjeld å sikre at dei kjem seg på rett kjøl med ein gong, seier Lars. Han tilhøyrer den store gruppa Blæstad-kandidatar i landbruket, uteksaminert i 2014. Han er oppvaksen på Hitra, der faren driv med 180 tonn i mjølkekvote og full framfôring.

Lars er trekt ut som vinnar av tur for to til McCormick i Italia, sponsa av Lena Maskin. I tida på Blæstad var han med på studietur med stopp hos Claas i Tyskland, men dette blir første traktorfabrikkbesøket.

BG-nissane har trekt tre fabrikkturar mellom alle med minst 22 rette svar. Turane er sponsa av HCP Norge, A-K maskiner og Lena maskin. 

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS