Traktoren sluker diesel langs veg

Transport med traktor med tilhengar er langt frå konkurransedyktig med lastebil, dersom økonomien betyr noko. Det viser ei engelsk undersøking.

Publisert

Traktoren brukar heile fem gongar så mykje diesel som lastebilen, er ein av konklusjonane. Dieselforbruket er målt ved køyring på veg med ein nyare traktor på 200 hk med 12 tonn på tilhengaren. Totalvekta er 24,4 tonn.

Denne ekvipasjen kan køyre 1,24 km pr. liter diesel. Til samanlikning køyrer ein lastebil 2,55 kilometer pr. liter. Sagt med andre tal: Traktoren har eit forbruk på 8,1 liter pr. mil, mens lastebilen nøyer seg med 3,9 liter.

Denne lastebilen har 29,5 tonn nyttelast, 44 tonn totalvekt, og ein motor på 430 hk. Altså er det ikkje nok at den dobbelt så motorsterke lastebilen kan køyre dobbelt så langt pr. liter. Den får også med seg meir enn dobbelt så stort lass.

Omrekna til liter diesel pr. tonn pr. kilometer får traktoren ein forbruk på 0,067 liter. Lastebilen brukar ein femtedel så mykje, nemleg 0,013 liter pr. tonn pr. kilometer.

Tar vi med farten, blir det enda verre. Den engelske undersøkinga viser at lastebilen har ein snittfart på 51 km/h, mens traktoren endar på 29 km/h. Om traktoren har 40 eller 50 km/h som toppfart er vi ikkje sikker på, men i alle høve klarer den på langt nær same fart som lastebilen.

I tillegg kjem slikt som at traktoren slit meir på dekka, og at traktordekk er vesentleg dyrare enn lastebildekk.

Farmers Weekly har formidla resultata frå undersøkinga. Den starta med at maskinstasjonseigaren Simon Chiles lurte på kor det vart av all dieselen. Han monterte forbruksmålar på traktorane sine, og oppdaga fort at vegkøyringa som var den store syndaren.

Med kundar som gjerne ligg ein time unna, er det lite å gjere med dette, for traktoren må jo ut til kunden. Å bruke traktor til massetransport ser han i alle fall som uaktuelt.

Dette er tal som bør gravlegge påstandane om at traktoren stel transportoppdrag frå lastebilane. Skulle det vore noko meining i å halde fram den debatten, måtte avgiftsfri diesel hatt ein pris på under to kroner pr. liter. Det er langt frå tilfelle. Diesel til traktoren kostar omtrent 70 prosent av vanleg diesel, eksempelvis 7,68 kr/l mot 10,95. Det monnar lite å spare drygt tre kroner literen når fem gongar så mange liter renn tvers gjennom motoren.

Powered by Labrador CMS