colourbox is vatn-n.jpg

Traktor gjennom isen

Denne vinteren har uvanleg mange traktorar gått gjennom isen. På det meste har tre traktorar gått gjennom same dagen. Heldigvis har det så langt gått bra med førarane.

Publisert

Styr unna! (foto: colourbox)

Med isdekte vatn over heile landet er det freistande å svinge utpå med traktoren, både til nyttekøyring og til meir lystprega sysler. Å bruke isen som køyreveg er ikkje støtt like trygt.

Gravemaskinførar omkom

Til no denne vinteren har seks traktorar gått gjennom isen, etter kva vi har oversikt over. Til alt hell har ingen av dei som sat på med traktorane fått alvorlege skader. Derimot døydde ein mann i 60-åra då gravemaskina han køyrde gjekk gjennom isen på Homstjønna i Kvinesdal.

Ulukkene

29. desember: Traktor gjennom isen på Paradisfjorden i Nord-Aurdal. 29. desember: Traktor gjennom isen på Bantjønna ved Levanger. 29. desember: Traktor gjennom isen i Hauka i Midtre Gauldal, Sør-Trøndelag. 6. januar: Traktor gjennom isen i Barsetvannet i Bjugn, Sør-Trøndelag. 12. januar: Traktor gjennom isen i Barsetvannet i Bjugn, Sør-Trøndelag. Traktoren skulle hente opp traktoren som hadde gått gjennom isen veka før.24. januar: Traktor gjennom isen i Veitastrondsvatnet, Sogn og Fjordane.

Skummel oppleving

Kjell Egil Nes køyrde over isen på Veitastrondsvatnet for å gjere skogsarbeid eine dagen. Då var alt trygt. Neste dag oppdaga sonen Robert, som var passasjer på traktoren, at det var blautt i eine sporet. Då kjende Kjell Egil at bakenden på traktoren tok til å søkke. Robert kom seg ut før traktoren gjekk under, mens Kjell Egil hamna i vatnet og måtte ta nokre symjetak for å kome seg opp, fortel han til NRK Sogn og Fjordane. No åtvarar han andre mot å køyre på isen.

Forsikring: Dekkjer kanskje

Bilkøyring på isen er ikkje dekt av forsikringa. Terrengkøyrety som traktor, ATV og snøscooter har derimot ordinær kaskodekning ved iskøyring. Islagte elvar og vatn er rekna som utmark. Altså snakkar vi om nyttekøyring som del av næring, eksempelvis tømmerkøyring. – Villmannskøyring dekkjer vi ikkje, seier Kurt Isak Undereidet i If Skadeforsikring til nyheitsbyrået Newswire. – Når eit motorkøyrety går gjennom isen, vil selskapet vurdere om føraren har opptredd aktlaust, understrekar Undereidet.

Ansvarsforsikringa gjeld

Ansvarsforsikringa gjeld på islagt vann, om køyringa er lovleg eller ikkje. Køyring på isen kan til dømes vere farleg for folk som går tur eller fiskar, men dei vil i så fall vere fullt dekte av ansvarsforsikringa. Det er i utgangspunktet også føraren. – Men for føraren kan det bli snakk om avslag eller stor avkortning ved grov aktløyse. Føraren kan også bli ansvarleg for kostnadene med å få køyretyet opp av isen, pluss eventuell forureiningsskade av vatn og vassdrag.– Vedkomande kan også få krav mot seg om å betale tilbake delar av erstatninga selskapet har betalt til andre som er påført skader under slik kjøring, seier Kurt Isak Undereidet i If Skadeforsikring.

Powered by Labrador CMS