Så enkelt: Ingen ekstra hydraulikk, berre enkel mekanikk, så har du ein trafikksikker ballegaffel.

Trafikksikkert rundballespyd

Debatten går etter at ein traktorførar vart stoppa nær Seljord med rundballekniven i frontlastaren. Der finst både pallegaflar og rundballespyd som lovleg kan vere på lastaren langs veg. 

Publisert

Fleire leverandørar tilbyr slike trafikksikre reiskapar. Vi har sett nærare på Dalen sitt spyd. Veldig praktisk i all si enkelheit.

Trygt rundballespyd

Er dette nytt, spør vi uvitande.

– Neida, det har vore på marknaden i ei tid, svarer Dalen. 

Så då er verkeleg tida inne til å løfte det fram i lyset, konstaterer vi.

Rundballespydet, med tre piggar på ein bjelke, er slik at du lovleg kan ta det med deg på frontlastaren i trafikken. Vanlege faste spyd har du ikkje lov å køyre med langs offentleg veg. Det gjeld forresten også pallegaflar som peikar framover.

Det å køyre med kvass, utstikkande eller på anna vis farleg reiskap framme er ikkje spesifikt omtalt i lovverket, men handheving av regelverket, kombinert med kunnskap om alvorlege ulukker, tilseier at slik reiskap ikkje skal vere framme på traktoren. 

Lovparagrafen som vert brukt er å finne i Vegtrafikklova:

§ 3.Grunnregler for trafikk.

Enhver skal ferdes hensynsfullt og være aktpågivende og varsom så det ikke kan oppstå fare eller voldes skade og slik at annen trafikk ikke unødig blir hindret eller forstyrret.

Vegfarende skal også vise hensyn mot dem som bor eller oppholder seg ved vegen.

Fascinerande løysing

Dalen er ikkje åleine om å levere eit spyd som ikkje er spyd i trafikken. Men løysinga for å felle opp og ned tindane er beint ut fasinerande. Ein heilt enkel metallkloss, opphengsla i ein bolt, er heile løyndomen. 

Klossen låser bjelken med spyda om dei står i loddrett posisjon. Om du då tiltar reiskapsramma bakover, vil låseklossen også bikke bakover, så bjelken med spyda blir frikopla og ramlar fram til vassrett posisjon. Heile den jobben ordnar tyngdekrafta vederlagsfritt.

Står spyda vassrett, er det berre å legge an mot bakken eller ein ball eller noko anna passeleg, så tippe fram reiskapsramma til den ligg parallelt med spyda, og då vippar låseklossen inn i låseposisjonen sin att. Du kan sjølvsagt også vippe opp og ned spydet manuelt.

Låses med ein bolt

Om du vil vere ekstra sikker, kan du også låse spydet i posisjon med ein bolt. Heile mekanismen er så enkel at det nesten er vanskeleg å forklare den med få nok ord.

Det vi derimot kan seie er at om du skal ha med deg rundballespyd framme når du køyrer langs veg, kan vi tilrå Dalen si løysing. Då køyrer du lovleg – og ikkje minst trygt.

Powered by Labrador CMS