Finn Kristian Tokvam slær fast at for Tokvam er det eit viktig steg å gå i samarbeid med FKA.

Tokvam: Vemodig men riktig

Vi likar å ha langsiktige perspektiv. Difor er det rett for Tokvam å samarbeide med FKA framover, men trist å seie farvel til eksisterande forhandlarar, seier Finn Kristian Tokvam.

Publisert

Frå no vert Tokvams reiskapar selde av Felleskjøpet Agri i FKA sitt område. Avtalen viser ei retningsendring for reiskapsprodusenten.

– Vi kan ikkje stå stille og berre sjå på det som skjer kring føtene våre. Denne endringa er heilt klart utløyst av endringane i maskinbransjen. For oss er FKA ein interessant partner for eit langsiktig samarbeid. Vi likar stabile forhold, noko det mangeårige samarbeidet med forhandlarane våre fram til i dag viser.

Vanskeleg reint menneskeleg

Finn Kristian Tokvam fortel ope om at avgjerda om å skifte forhandlarstruktur har vore vanskeleg. Det forretningsmessige er så si sak, for tal og estimat er ganske enkelt å forholde seg til. Dei menneskelege sidene er annleis.

– Det gjer litt vondt. Vi har hatt eit verkeleg langt og godt samarbeid med mange flinke folk. Likevel, min jobb som sjef i Tokvam er å sikre dei 32 arbeidsplassane her på huset, og framtida for firmaet. Med det som mål, er eg trygg på at vi har gjort rett.

Tokvam eig seg og sitt

Eigarskapen i Tokvam er ikkje påverka av avtalen. Tokvam er og blir eit familiefirma.

– Vi er familie-eigd, vi eig produktrettane og vi eig merkevara. Det står fast. Sal av firmaet er ikkje noko tema, og eg kan heller ikkje sjå at det kan bli det, understrekar Finn Kristian Tokvam til BG.

FKA i FKA-områda, tidlegare forhandlarar elles

Avtalen som er gjort med Felleskjøpet Agri gir dei gul-grøne rett til å vere eineforhandlar av Tokvams traktorutstyr i sitt område. Utanom FKA sine merkesteinar er det framleis Tokvams eksisterande nettverk som står som forhandlarnett. Skilnaden er at Tokvam til no har hatt fellesavtale med forhandlarsamanslutninga Redskapsringen. Heretter er det direkteavtaler med kvar enkelt forhandlar utanom FKA-området.

– FKA har hatt ønske om å få med seg FK Rogaland Agder på laget. Så lenge FKRA ikkje har meldt seg på, er det ingen endringar der. Kven vi vel som forhandlarar utanom FKA sitt område er vårt val, seier Finn Kristian Tokvam.

Avtalen påverkar heller ikkje Tokvams eksport.

Omfattar også produktutvikling og heva servicenivå

Utanom det reint forhandlarmessige inneheld avtalen eit par spesielle punkt. Det eine er at FKA og Tokvam skal samarbeide om idear og produktutvikling. Produkta som kjem ut av dette fellesarbeidet vil vere Tokvam sine, som Tokvam har rett til å selje på andre marknader, mens FKA har einerett i sitt område.

Eit anna spesielt punkt er at servicenivået i snøsesongen skal hevast.

– For kunden spelar det ingen rolle om det er snøfresen til 70 000 kroner som havarerer, eller traktoren til 1,2 millionar. Stopp er stopp, og då må hjelpa kunne kome fort. FKA skal prøve ut ei utvida serviceordning vinterstid i dei viktigaste brøyteområda, som ein konsekvens av avtalen vår, med sikte på å heve servicenivået for brøyteentreprenørane.

FKA i mål etter lang ørkenvandring

Det er ingen løyndom at FKA i mange år har ønska ein av dei norske leverandørane av snøutstyr i sin produktkatalog. Når både Dalen, Duun og Tokvam har vore godt gift med sine forhandlarnett, har det ikkje vore lett å vere FKA. Ønsket om norskaktige snøfresar var ei tid så sterkt at finske Nokka produserte noko som – for å seie det enkelt – førte til annonsekampanjen Kjøp originalen fra Dalen.

Dei tre norske produsentane har alle godt ry og gode produkt. Tokvam er den som har målretta satsinga mest, med utstyr for traktorbasert vegvedlikehald som det sentrale stikkordet.

Hos FKA betyr Tokvam-avtalen at alle snøfresar, sandstrøarar, og U og V-plogar av andre merke forsvinn ut. Dette gjeld særleg Nokka og Igland, der sistnemnde sine produkt for vegvedlikehald ikkje kan seiest å vere norske anna enn i merkenamnet.

Tokvam AS

Tokvam AS har i dag 33 tilsette. I 2015 produserte selskapet over 1100 maskiner, og omsette for kring 60 millionar kroner. Historisk har Tokvam vore knytt til den tidlegare CaseIH-forhandlernes Innkjøpsring (CIFI), seinare Redskapsringen, og gjennom det vore forhandla av Lantmännen Maskin og Lena Maskin.

Tokvam forventar auka omsetning som følgje av den nye avtalen med FKA. Tokvam AS er familieeigd.

 

Felleskjøpet Agri SA

Felleskjøpet Agri omsette i 2015 for 13,4 milliardar og har 2500 tilsette. Forutan maskinsal, som det ikkje blir oppgitt omsetningstal for, omfattar drifta leveransar av driftsmiddel til landbruket, kornhandel, eigedomsdrift, brød og bakevarer, og utstyr til park, anlegg og kjeledyr, og FKA er marknadsregulator på korn.

FKA er eit samvirke eigd av 44 000 bønder.

Powered by Labrador CMS