Du er her

Tohjuls beitepussar

Den er meir effektiv enn du skulle tru, Østerbø Maskins sjølvgåande beitepussar. Bedre Gardsdrift har prøvekøyrd, og gir deg tekniske data og videoar her.
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 19.06.2013 07:30

Du kan lese kva vi meiner etter prøvekøyringa vår i Bedre Gardsdrift nr. 5 2013, som vert postlagt i slutten av juni. Om du ikkje er abonnent, kan du kjøpe bladet som pdf her, så snart det er publisert.

Bla nedover i saka for videoar.

Maskina vi har prøvekøyrd, er marknadsført som 870 ØM Beitepussar, importert av Østerbø Maskin. Det finst også ei mindre utgåve med 60 cm arbeidsbreidde og i prinsippet ganske like funksjonar.

" Tekniske data
Produksjonsland: Italia
Motor: Honda GX 390, Bensin
Motoreffekt: 8,2 kW (11 HK)
Arbeidsbreidde: 87 cm
Kuttehøgd: 20 til 80 mm
Kuttesystem: Rotor med 48 Y-knivar
Gir: 2 hovudgir, 1 revers, to seriar. Totalt 4 F,  2 R
Hastigheit framover: 1,3–4,8 km/h
Transmisjon: Mekanisk girkasse. Overføring frå motor til girkasse/pussar: Kilereim. Maskina har ikkje kløtsj, men koplar inn framdrift og drift av pussar ved stramming av kilereimene. Framdrift og drift av pussar er uavhengig av kvarandre. Høgre og/eller venstre hjul kan frikoplast og bremsast med styrebrems.
Hjul: Tvillinghjul, traktormønster 4.00x8.
Styrehandtak: Vibrasjonsdempa. Høgdejusterbart. Kan stillast ut til høgre eller venstre.
Betjening: Daudmannsgrep på innkopling av framdrift og pussar. Handgass. Styrebrems til høgre og venstre. Kombispak for å justere høgde og sideretning på styret. To girspakar bak motoren. Eigen spak for hurtig regulering av kuttehøgda i seks trinn.
Dimensjonar l x b x h (mm): 1780x940x1040Vekt: 187 kg

På jobb i beite med fullt av ospe-renningar:

Her knuser vi ein teig som er attgrodd med gammalt, grovt bringebærris:

Så tar vi litt sølvbunke-pussing:

Og til sist: Sølvbunke-tuve før og etter...