Du er her

Stram opp vinsjen

Viss noko er gale med skogsvinsjen, kan både den og du bli skadd. Kristen Igland frå Igland AS har vist oss korleis du held vinsjen i sikker stand.
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 02.02.2001 12:00

Fra BG 10/98: På vinsjar med snor på kløtsjarmen, er det krav om at denne snora skal vere minst fem meter lang. Det er fordi du skal kunne stå i trygg avstand frå traktoren og fjernstyre vinsjen. Viss snora tek til å bli flisete, kan ho henge seg opp, og returen av kløtsjarmen blir dårleg.

Generelt bør du i sesongen sjå over alle skruar og mutrar, og stramme dei til.

Smørjing

Du må vere forsiktig og nøyaktig når du skal smørje kjeda. Smørjing som blir til overs, har lett for å smitte over på kløtsjen, og det er dyr sløsing med olje. Får kløtsjen olje på seg, er det berre å byte han ut. Ein kløtsj som har hatt olje på seg vil for alltid vere svekka.

Til å smørje kjeda, kan du bruke kjedeolje for motorsag, feitt eller liknande. Kristen Igland rår oss også til å ha på litt olje i ekspansjonen. Ekspansjonen er mekanismen som trykkjer kløtsjen inn. Litt olje vil hjelpe denne til å gå raskt tilbake.

Sjølvsagt må du også smørje dei to niplane i kryssa, og dei to på vernedekselet på kraftuttaksakslingen. Ha gjerne litt feitt på kraftuttakstappen. På Igland sine vinsjar er alle andre lager sjølvsmørjande, mens andre vinsjfabrikat kan ha smørjeniplar.

Kjedestraming

Trass i at det på svært mange vinsjar er lett å kome til kjedestramminga, er det mange som slurvar med det. Dermed blir slitasjen på kjedehjula unødig stor. Kjeda må strammast ofte når vinsjen er ny, til kjeda har gått seg til. Jobben er enkel å gjere. Du skrur skruen inn til fjøra er passeleg stram. Fjøra skal kunne ha litt vandring i begge retningar.

Kløtsj

For å etterjustere kløtsjen drar du ut nokre meter ståltau og lar kraftuttaket gå. Dra roleg ned kløtsjarmen. Viss det er meir enn to-tre cm dødgang på spaken målt i spalten inne ved trommelhuset, må du stramme justerskruen. Det kan vere lurt å kike i instruksjonsboka når du skal gjere dette.

Kristen Igland minner om at ein dårleg justert kløtsj kan redusere vinsjen si trekkraft til det halve. Er trekkrafta for svak med rett justert kløtsj kan det ha kome olje på kløtsjplata, eller den er rett og slett utsliten. Då er det berre å byte den.

Subbebremsa

Subbebremsa er noko ikkje alle kjenner til, meiner Igland. Den er ei enkel greie, laga av ei fjør med litt bremsebelegg i enden. Bremsebelegget subbar mot trommelen for å hindre ståltauet i å gå for fort ut.

Subbebremsa skal du justere slik at det ikkje blir for tungt å dra ut ståltauet, men heller ikke så laust at tauet slår seg på trommelen når du sluttar å dra.

Ståltauet

For å sikre at ståltauet held styrken og for å forlenge levetida på det, tilrår Kristen Igland at du kvar dag drar det heilt ut, festar det til eit tre eller liknande, og vinsjar traktoren inn. Lar du ståltauet leve sitt eige liv inne på trommelen, laust pårulla innarst og stramt ute, svekkjer du tauet nærast traktoren, samstundes som du kan vere sikker på at du om ikkje lenge må i butikken for å kjøpe nytt.

Etter kvart som tampen av ståltauet blir oppflisa, bør du klippe eller kutte den bort. Til det har Igland lagt inn ein hardmetallkant på vinsjane sine, slik du ser på biletet. Når du ikkje lenger klarer kutte ståltauet etter tre - fire slag med øksa, er det på tide å slipe denne kanten med vinkelsliparen.

Etter ei tid kan det løne seg å snu ståltauet, slik at det får jamn slitasje.

Kjøpe ståltau

I butikken bør du vere klar over kva du skal ha. Brotlasta på ståltauet skal vere minst 1,4 gongar trekkrafta til vinsjen.

Eit slikt ståltau er berre godkjent til slep. Ståltau til bruk i skogen er faktisk av dei med minst tryggleiksmargin av alle tau og stropper. Difor må du aldri finne på å bruke det til løfting. I tidlegare tider fanst det fleire typar ståltau som var meir eller mindre høvelege til skogsvinsjen. No er det ein standard som gjeld i skogen, og alle som sel skogsutstyr leverer denne. Igland har ikkje sansen for dei som trur dei skal spare pengar ved å handle ståltau i maritimbutikkar og den slags.

Radiofjernstyring

Mange av problema som oppstår med radiostyringa kjem av dårleg straumleiing i kontaktane. Spray desse med CRC 5-56 eller liknande. Gå over kontaktane mellom traktoren og radiostyringa, og kontroller særleg jordinga. Kontroller og eventuelt bytt batteriet i sendaren.

Antennepisken på traktordelen må ikkje stå for nær gods. Toppen av antenna må minst vere 10-15 cm frå hytteveggen. Igland rår til at mottakarboksen står i traktorhytta. Elles kan det vere mykje å hente på å finne fram att instruksjonsboka, og lese gjennom den ein gong til.