Stabilt i Sverige

Den svenske traktormarknaden ligg stabilt kring 3750 traktorar, og Valtra er som vanleg i tet. På dei neste plassane kjem NewHolland, John Deere, MF og CaseIH.

Publisert

I 2002 hadde dei fem nesten 90 prosent av marknaden. I fjor gjekk dei samla tilbake til 88,6 prosent. MF har stabil marknadsandel. CaseIH og John Deere går litt fram, mens New Holland og særleg Valtra går tilbake. Valtra er ned heile ti prosent, utan at nokon kan true den suverene førsteplassen. CaseIH er knappe ti prosent fram. NewHolland er ned knappe fem prosent, mens John Deere går tilsvarande fram.

Elles har Fendt og McCormick framgang. Desse, og alle andre merke frå sjetteplass og nedover, har frå 2,2 til nær null prosent i marknadsandel. Slik sett er den svenske traktormarknaden enda meir todelt enn den norske. Her er spennet større, både mellom dei fem største, og mellom alle som er mindre.

Framleis er den mest selde modellen TL 90 frå NewHolland. Nest mest seld er Valtra A 75 (tidlegare 700), men TL 90 aukar forspranget. Det er verd å merke seg at tvillingbroren til TL 90, CaseIH JX 90 U, i sitt første år på den svenske marknaden selde 103 traktorar. Ser vi bort frå panser og hyttetak, vart det altså selt 337 slike. Det er 10 prosent av marknaden. Vi merkar oss også at alle dei mest selde modellane i Sverige er små og mellomstore.

Dei mest selde modellane

1. New Holland TL 90 - 234 selde traktorar 2. Valtra A75 - 173

3. Massey Ferguson 4335 - 1364. Massey Ferguson 4355 - 112

5. Case IH JX90U - 1036. John Deere 6320 - 77

7. John Deere 6420 - 768. New Holland TS115 - 75

8. Valtra 6400 - 7510. Valtra A85 - 66

Sjå også ATLs artikkel om traktorsalet i Sverige.

Powered by Labrador CMS