New Holland Union Jack

Stabilt i Storbritannia

Britiske bønder brukte drygt 18 milliardar kroner på maskiner og utstyr i 2014. Det er ned fem prosent frå året før. Traktormarknaden ligg stabilt, mens storleiken går litt opp.

Publisert

Ingen får vite kva traktor som var mest populær i 2014, men at desse er bygde i Storbriannia er det liten tvil om.

Styresmaktene i øyriket skuldar på EU når dei nektar å oppgi kor mange av kvart traktormerke som vart registrert. Desse tala må av konkurranseomsyn vente eitt år på å bli publiserte. Sånn funkar EU der, altså.

Sterkare traktorar der også

Det som er sikkert, er at totalmarknaden enda på 12433 traktorar over 50 hk, som berre er 65 traktorar tilbake frå resultatet i 2013. Dette melder Farmers Weekly. Gjennomsnittstraktoren er no 155 hk, noko som bidrar til at den totale effekten som er levert ut i form av nye traktorar aukar med 2,4 prosent.

Treskar og snittar

" Organisasjonen som gjer litt av same oppgåvene som norske TLIF kan vidare fortelje til FW at treskarmarknaden har gått opp fire prosent til 800 maskiner. Treskaråret i Storbritannia er som i Noreg, med teljedato på hausten. Inneverande treskarår er dermed fleire månader gammalt og ser ut til å ha starta uvanleg dårleg. Marknaden for sjølvgåande snittarar enda på 160 maskiner i 2014. Det talet er sju prosent betre enn 2013.

Powered by Labrador CMS