Du er her

Smart ballestropp

Trevland Maskin AS har utvikla ei stropp spesielt for sikring av rundballar. Utgangspunktet er eigen frustrasjon ved sikring med ordinær stropp. No er ein av verdas største stroppeprodusentar med på laget.
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 23.10.2013 17:45
Ei dobbel stropp med tverrband over ballane held lasset langt betre på plass enn klassiske lastestropper.

Det unike med stroppa er at den sikrar ballane både sidelengs og i køyreretninga. Som du ser av biletet består stroppa av ei dobbelt-stropp som går over framsida/baksida av ballane. Mellom desse langsgåande stroppene er der påsydd to tverrstropper, som blir liggande midt over kvar sin ball. Stroppene går saman til ein Y på kvar side, med fri tamp i enden. Dermed treng kvar stropp to strammarar, noko som også lar deg rette opp lasset litt, og sikre god stramming på begge sider. 

Utvikla heime, satsar på verdsmarknaden

Hans Arne Trevland fortel at han fekk ideen til stroppa etter å sjølv ha erfart kor ugreitt det er å sikre rundballar med surfôr eller halm på lastebil og traktorhengar. Etter litt spekulasjon heime vart ei prøvestropp testa ut, med så godt resultat at den no er design-registrert i EU og fleire andre land, og det er gjort avtale med ein av største produsentane av lastsikringsstropper i verda om å stå for produksjonen.

Femtonns stropp

Rundballestroppen er solid. I bandet er der fem langsgåande svarte striper, som betyr at den har strekkfastheit på 5000 daN (fem tonn).

Biltilsynet: "Veldig god"

– TM stroppen er vist til Biltilsynet i Vestfold og Telemark, som meiner at løysinga er veldig god, seier Hans Arne Trevland. 

Trevland Maskin AS satsar på å selje stroppen sjølv, gjennom nettsida TMstroppen.no, og prisen pr. stropp er 400 kroner. Strammarar kjem i tillegg. Er du storkunde, blir du lova rabatt. 

Stropp mot dårleg rykte

Så er det jo lov å håpe at stroppene slær såpass bra an at vi slepp fleire oppslag i media med særs ufornuftige rundballelass, og at vi slepp historiene om alle nestenulukkene og ulukkene med ballar som meir eller mindre fell av, som potensielle dødsfeller. Ei slik stropp ser ut til å vere ei god forsikring i så måte.