Du er her

Skeptisk til leasing i landbruket

Mange vurderer leasing ved kjøp av traktor og større maskiner. Arnfinn Gjerdåker i Landbruksdata Voss as er skeptisk.
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 26.02.2014 08:30

Det finst fleire måtar å finansiere ei ny maskin på. Det er slett ikkje sikkert at leasing er den rette for deg, kommenterer Arnfinn Gjerdåker i Landbruksdata Voss.

Det spesielle med landbruket i ein slik samanheng er jordbruksfrådraget, kommenterer Gjerdåker. - Opp til eit driftsoverskot på kr 63 500 får du eit tilsvarande jordbruksfrådrag. Over denne summen får du jordbruksfrådrag for 38 prosent av overskotet inntil maks frådrag på kr 166 400.


Mistar sjansen til årlege justeringar

Konsekvensen av dette er at det i landbruket er gunstig å kunne tilpassa avskrivingar og kostnadsføring det enkelte året slik at du får optimalt med jordbruksfrådrag, elles sløsar du med avskrivingane.


Ingen fleksibilitet

Ved leasing er det faste summar som må kostnadsførast i form av leasingleige. På same måte med fordeling av ei forskotsleige over avtaletida; ingen fleksibilitet.Dersom du heller låner pengar i bank for å finansiera traktorkjøpet, så kan du tilpassa saldoavskrivinga mellom 0 og 20 prosent for å få maks ut av jordbruksfrådraget.


Meir ugunstig etter 1.1.2014

Endringane frå nyttår gjer leasing enda meir ugunstig ved eigedomsoverdraging. Ny brukar overtar tidlegare brukar sin skatteposisjon. Verdiar kan ikkje oppskrivast gjennom takst, av di kontinuitetsprinsippet skal gjelde. – Sløsing med avskrivingar og kostnadsføring vil dermed gi ny brukar lågare avskrivingsgrunnlag, eit grunnlag den nye brukaren kunne hatt god bruk for, poengterer Gjerdåker.


– Ikkje veldedigheit

Dei fleste leasingfirma kan også tilby ordinære lån, minner Gjerdåker om, før han listar opp andre moment som han også har erfart gjennom mange år med landbruksrekneskap:
   -  Rekneskapsmessig er det meir å passa på ved leasing. 
   -  Innbyte/opphøyr av leasingavtale kan by på utfordringar og risiko for tap.     -  Leasingfirma driv ikkje veldedigheit.


OK ved stor omsetning

Heilt svart-kvitt er det likevel ikkje. - Dersom du har stor omsetning og uansett nyttar jordbruksfrådraget fullt ut, og andre finansieringsformer vert dyrare, kan leasing vera det rette for deg. Det må du sjølv vurdera, konkluderer Arnfinn Gjerdåker i Landbruksdata Voss.