Du er her

Silojamning med gravemaskin...

... 1200 meter gjødselslange og ikkje minst snitting i svært bratt sidehelling. Her kan du sjå video av alt, filma hos Neteland Samdrift som vi hadde gardsanalyse frå i BG 7/15.
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 21.10.2015 10:15

Då vi var på besøk, var det verken tid for gjødselkøyring eller slått, men Nils og John Magnar Neteland forklarte litt om korleis drifta er lagt opp. Artikkelen frå besøket vårt kan du lese i Bedre Gardsdrift nr. 7 2015, som du eventuelt kan laste ned herifrå. 

Deira gode nabo Arnstein Neteland har filma litt av onnearbeidet, slik at du med sjølvsyn får sjå korleis dei gjer det. 

Bratt snitting

Snitting i bratt terreng går fint, berre vi har tvillinghjul og køyrer pent, forklarer Nils Neteland. På denne teigen er hellinga opp mot 37 grader. 

Effektiv jamning

Er du lei av å jamne silo med gaffel? John Magnar Neteland er absolutt det, men å jamne med gravemaskin er noko han trivst med. Fram til det finsnitta graset er oppunder golvnivå blir det berre tippa i siloen. Deretter blir gravemaskina sett i arbeid, og med rotortilt og puss-skuffe er det berre kos å jamne og trakke silo. 

65 kubikkmeter pr. time i 1,2 kilometer

Samdrifta har ein gjødselkum ved noko leigejord 1,2 kilometer frå fjøsen. Å frakte gjødsla dit er ikkje noko problem med 1200 meter slange. 650 kubikkmeter på 10 timar må kunne seiast å vere grei effektivitet, særleg når tilgjengeleg mannskap i mellomtida strengt tatt kunne sett seg i ein campingstol for å drikke kaffi. Det er ikkje til ulempe at delar av strekninga går i nedoverbakke.