Reprisekonkurranse med dobbeltsjanse

Prøv deg på dei to første bastardtraktorane på gardsdrift.no! Det er altså dobbel sjanse til å vinne i desember.

Publisert

Toralf Grøtting frå Alvdal vann den førre konkurransen vår. Rett svar på den finn du her.

Den første samansette traktoren på gardsdrift.no vart lagt ut i februar 2002. Konkurransen vår vart ein suksess. No har du sjansen til å bryne deg på dei to første igjen, for her kjem vi med ei etterlengta reprise. Svaradressa finn du på botnen av sida.

Den første bastarden kan vere litt seig. Difor får du nokre hint:Ein blå frå KviteXXXXland, mens annan raud slett ikkje frå Lappland.Totalt er her fem, men ingen Fendt.Derimot ein trinnlaus raud, bygd i slalomlandet Aus. Dei to siste er bygde her: Blå i -lia og raud i -kia.

Om den første er kryssa av litt sjeldne fuglar her i landet, er den andre kryssa av traktorar som har gjort det godt i Noreg. Også her spør vi om fem traktormerke.

Du kan svare på berre den eine, eller begge traktorane. Svarer du på to, har du sjølvsagt dobbel vinnarsjanse. I alle høve treng vi berre å få dei fem rette traktormerka.

Svarfristen er første veka i 2004.

Ein vinnar pr. traktor får krus frå Bedre Gardsdrift i premie. I tillegg trekkjer vi ut ei mini MagLite lommelykt frå Bedre Gardsdrift mellom alle som har svart.

Send svaret til jogeir@vanebo.no. Hugs namn og postadresse.

Lukke til!

Powered by Labrador CMS