Peltor_Workstyle_med_FM_radio_698

Peltor-DAB i 2016

I fjor hadde ikkje 3M Peltor planer for DAB+ i hørselsverna sine. No er planen å vere klar med digitalradio-øyreklokker i løpet av 2016. Univern seier framleis nei.

Publisert

Innan to år er det DAB+ inni her.

Norske radiokanalar er av dei første til å gå over til DAB, og planen er å stenge FM-nettet i 2017.

Kvart år blir det seld omlag 120 000 hørselsvern med radio, og kring halvparten av desse er frå 3M Peltor, melder Anleggsmagasinet. Dei har snakka med Stig Isaksen i 3M Peltor Norge. Han seier at hørselsvern med DAB+ vil vere klare i løpet av 2016.

- Til no har batterikapasiteten og straumforbruket vore utfordrande. Dette kjem vi til å løyse i god tid før FM-nettet blir skrudd av, seier han.

I fjor spurde Bedre Gardsdrift det same spørsmålet til 3M Peltor, men fekk tvert nei. No har altså pipa, og med det snart også radioen, fått ein annan låt. Univern, ein av dei større av dei små leverandørane av hørselsvern med radio, seier derimot framleis nei. - Grunnen er at det til no nesten ikkje har vore etterspurnad etter DAB-radioar i hørselsvern. Dermed blir etterspurnaden for liten og med det prisen for høg til at folk vil kjøpe, forklarer Trond Aasen hos Univern til vår kollega Anleggsmagasinet.

Radio.no melder at nesten halvparten av alle som lyttar til radio i dag her i landet, gjer det med ein digitalradio. Utviklinga elles i Europa er noko blanda, men alle store mellom- og nordeuropeiske marknader er i ferd med ei digital omlegging. Den europeiske kringkastingsunionen EBU tilrår DAB+ som standard, og fleire land har gått inn for den.

"
Powered by Labrador CMS