Du er her

Nye runde med Agri Nordvest

For tredje gong på rad inviterer fire forhandlarar i Ørsta og Volda til landbruksmesse på Nordvestlandet.
Av Redaksjonen
Publisert 03.02.2017 13:57

Agri Nordvest er eit samarbeid mellom Eiksenteret, A-K Maskiner A/S, Felleskjøpet Agri SA og Øye Maskin, og messa ble arrangert for fyrste gong i 2015

– Det er få plassar i landet ein finn ein slik konsentrasjon av utstyr, service og maskiner innan denne næringa. Vi vil her vise fram det tradisjonelle utstyr og tilbehør, men også dei siste nyvinningane innan landbruk- og skogsmaskiner, les vi i pressemeldinga.

Nytt i år er at ein kombinerer messa med ein politisk og yrkesmessig landbrukskonferanse med foredrag frå bransjen, frå kommune og fylkeskommune og politikarar. 

– Som i fjor ynskjer vi også i år at dette blir ein festdag og ein god sosial møteplass for bransjen der ein diskuterer og treff kollegaer og bygdefolk.

Messa skal haldast på utstillingsplassen i Ørsta fredag og laurdag 21. og 22. april 2017.