MF-traktoren til Oppdalstraktene

Erik Tilset frå Rennebu vinn fire veker med MFs nye 4700. Erik er elles mellom dei aller mest trufaste BG-abonnentane: Han har vore med frå første blad.

Publisert

Erik Tilset driv med nokre ammekyr, og arbeider elles i eit entreprenørfirma. 24 rette i årets BG-nøtter, og mangeårig nøtteknekking med meir eller mindre alt rett, betaler seg no.

– Men det kan hende at traktoren vil gjere meir nytte for meg hos sonen min, nemner Erik. Sonen Arnt Tilset har overtatt garden Erik dreiv tidlegare, berre like over kommunegrensa til Oppdal. Også Arnt har ammekyr, men med 60 til 70 kalvingar i året, og 150 oksar i ein nabofjøs. Mens Erik reknar seg som deltidsbonde, driv sonen på heiltid.

Tilset-karane er ikkje framande for Agco-traktorar, men har til no satsa mest på Valtra. Fire veker i 2017 blir ein enkel, snerten MF nyaste traktoren her.

BG-nissane gratulerer!

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS