A94 er den største av dei tresylindra modellane, her i ein raudnyanse.
Sekstrinns hovudgir, ingen hurtiggir, mekaniske hydraulikkspakar, mens det meste av anna betjening er elektrisk.
Analoge klokker for turtal, temperatur og dieseltank, og eit bittelite digitalt display.
A-serien har takluke i glas.
Det har vore eit mål å halde A-serien kompakt.
Her er modellen A 104, den minste av dei firesylindra, i ei Unlimited-utgåve, der nokon har tenkt at svarte felgar er kult.
Vendegir med justerbar agressivitet og parkbrems.

Meir om nye Valtra A4

Den første bildeserien vår av nye Valtra A4, og litt fleire detaljar.

Publisert

Klassiske Valtra-kjenneteikn som integrert dieseltank og motor langt framme er borte. Men den nye A4-serien kan gjerne ta turen innom Valtras Unlimited-studio for individuell tilpassing. Og du får den med fabrikkmontert frontlastar.

Som før nemnt: A4-serien frå Valtra kjem med to motorar: Ein tresylindra 3,3-liter, og ein firesylindra 4,4-liter. Begge med rein SCR eksosrensing, altså ikkje noko resirkulering eller liknande. Dei sju modellane i serien dekkjer effektområdet frå 70 til 130 hk.

Seks hovudgir, ingen hurtiggir

Transmisjonen er Agcos nye girkasse med seks hovudgir og to gruppegir, og krypegir om du vil ha. Du kan få enten mekanisk eller kløtsjfritt vendegir. Valtra stiller sjølvsagt ut traktorane med sin tradisjonelle vendegirspak med integrert park-brems. Vendegiret har ein liten skruknott der du kan justere agressiviteten i vendinga. Transmisjonen har ikkje hurtiggir.

Kraftuttaksturtalet vel du med ein skruknott, og sjølvsagt er både kraftuttakskløtsj og innkopling av firhjulstrekk og sperre elektrisk. Kraftuttaket kan berre leverast med 540 og 540E på dei tresylindra, mens du kan velje mellom 540/540E, 540/1000 eller 540/540E/1000.

Styr lastaren frå armlenet

Valtra A-serien

Sjølve grunnfjellet i Valtra-familien, rotfestet som alt har starta ut frå, er det som no heiter A-serien. Trass stadige oppgraderingar og endringar, kan vi følgje grunnkonstruksjonen tilbake til dei minste modellane i den legendariske 05-serien frå midt på 1980-talet, og frå den trekkje linjene heilt tilbake til modellen 502 som kom i 1972. Den gongen ein revolusjonerande traktormodell med støydempa hytte, flatt golv, høgremontterte girspakar og ergonomisk betjening, og stamfar til ein traktorkonstruksjon som har stått seg i heile 45 år.

Trepunkten kan leverast med EHR, og du kan få elektronisk joystick i armlenet til lastarbetjeninga. Traktoren har tre dobbeltvirkande hydraulikkuttak. Krysspaken i golvet er borte, erstatta av tre vanlege hydraulikkspakar oppe på høgre sidekonsoll.

Pumpa leverer 95 l/min på dei tresylindra modellane, og her er løftekrafta kring tre tonn. På dei firesylindra modellane kan du velje mellom 57 og 98 l/min, og løftekrafta er 4,3 tonn.

Traktoren kan leverast med takvindauge som kan opnast, med solskjerming og smal tverrstolpe mellom A-stolpane. Vindusviskaren har fått motor framom instrumentpanelet i staden for i taket, slik at pussarfeltet går mellom klokka ni og klokka tre.

Vi har enno ikkje fått stadfesta om traktoren kjem med Valtras spesialitet med dobbelt varmeapparat. Instrumentpanelet står fast, mens rattet har klassisk Valtra-justering med pedal. Her er også putta inn eit passasjersete i venstre døropning, og endeleg kan passasjeren spennast fast med setebelte!

Passeleg breiføtt

Den utstilte firesylindra modellen er utstyrt med dekkdimensjonane 440/65R28 og 540/65R38, mens den tresylindra er skodd med 440/65R24 og 540/65R34 der den står i Paris.

Fjernlyset er høgtmontert, i toppen av hyttetaket. Der er også eit sett arbeidslys, pluss at der er eit arbeidslampe på kvar side ved markeringslysa. Nye A-serien er ikkje tilrettelagt med 360-graders arbeidslys, anna enn om du vrir eine settet med bakovervendte arbeidslys mot sida.

Klar for skogen

A4-serien vil kome med skogspakke, altså vendbar førarplass og dieseltank i stål. Den kan også leverast med stålbøyre rundt hyttetaket, for deg som berre vil ha ein enkel kvistavleiar.

Dei minste modellane i N-serien går ut i løpet av 2017, og vert erstatta av dei største modellane i A4-serien. Grunnen til dette er skjerpa utsleppskrav.

Powered by Labrador CMS