Du er her

Maskinleigeprislista 2012

Versågod, her er Bedre Gardsdrifts prisliste for maskinleige og leigekøyring til fri nedlasting. Vel å merke 2012-versjonen.
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 20.03.2013 08:30

Når noko er gratis, må det ha ein god grunn. Vi i Bedre Gardsdrift har det prinsippet at det aller mest verdifulle stoffet vårt er å finne i bladet, som jo over 15 000 dyktige bønder betaler for å få i postkassen 10 gongar i året. Maskinleigeprislista vår er av dei sakene som har så høg verdi at vi ikkje gir den bort gratis. Vel å merke så lenge den er ferskvare. No er den snart så gammal at den blir erstatta av ei ny, og då lar vi den sleppe fri. Du kan laste den ned her!

Vil du sikre deg dei aller ferskaste prisane i landets i særklasse grundigaste prisliste, kan du slappe heilt av om du er abonnent. Vi har full kontroll på det du ventar på. Er du ikkje abonnent, må du vere kjapp til å kontakte oss. Eit årsabonnement kostar mindre enn middelprisen på traktor og førar med toskjærs vendeplog i ein time.  

"