mlp11fs q.jpg

Maskinleigeprislista 2011

2011-versjonen av Norges mest komplette prisliste over maskinleige og leigekøyring kan du no laste ned, heilt gratis.

Publisert

Når noko er gratis, har det sin grunn.

Prislista som blir publisert i Bedre Gardsdrift kvar vår er å rekne som eit verdipapir, som noko av det våre kjære abonnentar betaler for. Ei så omfattande og gjennomarbeidd liste er ikkje noko du får gratis, og det er langt frå gratis å lage den. Difor er vår prisliste over leigekøyring og maskinleige einast å finne i papirutgåva av bladet, heilt til ei ny liste er eit par månader unna. Derimot legg vi ut fjorårslista aldeles gratis, til deg som ikkje er så veldig nøye på å halde seg heilt oppdatert, og som ikkje tar det så tungt om du går glipp av ein eventuell prisauke. Om du ikkje har årets liste tilgjengeleg, er trass alt fjorårslista frå Bedre Gardsdrift det beste alternativet.

" Du finn alltid førre liste, og andre artiklar om maskinleige og leigekøyring, under "Leiekjøringspriser" i menyen til venstre på gardsdrift.no.

Powered by Labrador CMS