Du er her

Liten lettdumper

Weckman tilbyr ein einaksla lettdumper med sju tonn nyttelast og 4,4 kubikkmeter volum.
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 17.03.2017 13:37

Hengaren heiter WS70M. Indre karmmål er 368 x 221 cm, og eigenvekta er 1360 kg.

– Denne passar fint til hjulgravarar og mindre traktorar. Med sju tonn nyttelast er dette den største einaksla lettdumperen på marknaden, melder Sisu Produkter.

Du kan også få kornkarmar, og med det ha ein allsidig fleirbrukshengar. Hydraulisk baklem er standardutstyr, mens strølem er ekstrautstyr. Einaste tilgjengelege dekkdimensjon er 400/60-15,5. Mindre dekk har ikkje nok bæreevne, mens større hjul ikkje vil få plass.