Du er her

Listhaug heldt seg unna Agroteknikk

Agroteknikk er viktigaste møteplassen for det norske landbruket, med nær 35 000 besøkande. Landbruksministeren var ikkje mellom desse. Heller ingen andre frå regjeringa. Til skilnad frå når andre næringar samlast.
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 04.12.2015 15:15
34 677 bønder og landbruksinteresserte sette av tid til å besøke Agroteknikk. Landbruksministeren var ikkje mellom desse.

Landbruket er grunnlaget for den nest største fastlandsindustrien i Noreg. Agroteknikk, arrangert kvart tredje år, er utan diskusjon den største og viktigaste samlingsplassen for det norske landbruket. Agroteknikk er både i areal og besøkstal mellom dei aller største messene som vert arrangert i Norges Varemesse sine lokale på Lillestrøm. Årets utgåve utmerka seg med uvanleg engasjerte besøkande, og sette ny besøksrekord. 

Agroteknikk er likevel ikkje av interesse for landbruksministeren. 

– Nei, nei, nei

Landbruksminister Sylvi Listhaug fekk omlag eit halvt år på førehand invitasjon til å opne utstillinga. Ein medarbeidar i departementet svarte nei. Listhaug vart også invitert til å delta i ein paneldebatt om landbruket. Eller for den del berre kome og vere til stades på messa. Ein medarbeidar i departementet svarte nei. Nei til alt. Dei baud seg ikkje ein gong å sende statssekretæren i Listhaug sin stad. Listhaug var opptatt, det var svaret. 

Opptatt mange timar torsdag

Listhaug var litt opptatt. Torsdag føremiddag var det regjeringskonferanse. Frå klokka 11 til 15 behandla Stortinget ein proposisjon om jordskiftelova. Der møtte naturleg nok ministeren og statssekretæren. Etter klokka 15.00 torsdag hadde ikkje Listhaug noko fastlåst program. Agroteknikk heldt ope frå klokka 09.00 til 18.00. 

Opptatt nesten to timar fredag

På fredag deltok Listhaug på statsråd og lunsj på slottet, frå klokka 10.45 til 12.00. Elles hadde ho ikkje noko fastlåst program, etter det vi får opplyst frå departementet. Det tar ein knapp halvtime å køyre frå slottet til messehallane på Lillestrøm. Men i juni vart det bestemt at ho var opptatt denne dagen også. Så ho kom ikkje. Statssekretæren hadde "privat opphald" i sin kalender. 

Velkomen også i helga

Listhaug var elles velkomen både laurdag og søndag, om det passa betre. – Er det vanleg at statsrådane deltar på arrangement i helgene, spør vi departementet. – Ja, det hender av og til, svarer pressevakta i departementet. Men det skjede ikkje denne helga. 

Regjeringa bryr seg om fiskerinæringa

Fiskeri er ei viktig næring for Noreg. Kvart år blir messa Nor-Fishing arrangert. Den samlar kring 15 000 besøkande, og skil seg frå Agroteknikk med at der også er utanlandske besøkande og stort innslag av seminar. Begge er dei fremste møteplassane for si næring. Nor-Fishing er ofte blitt opna av Kong Harald eller Dronning Sonja. Statsminister Erna Solberg deltok på Nor-Fishing i 2013 og 2015. I 2014 deltok fiskeriminister Elisabeth Aspaker og ein statssekretær i tre dagar på messa. Ministeren hadde totalt 22 timar offisielt program. Ho bryr seg om fiskerinæringa. 

Regjeringa bryr seg om transportnæringa

Transportbransjen er viktig for Noreg. Transportmessa er ein viktig samlingsplass for dei. I år var besøkstalet omlag 6400. Tidlegare har det vore opp mot 10 000. I samband med messa går ein lastebilkonvoi frå Oslo til Gardermoen. I år sat samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen sjølv bak lastebilrattet i konvoien. Han tok seg god tid til langt utpå kvelden i trailercampen for å prate med folk. Han bryr seg om transportnæringa. 

La oss bli tatt på alvor

Til komande landbruksministrar har vi dette å seie: Meiner du alvor med jobben din, vis at du tar landbruket på alvor. Då kjem du til Agroteknikk. Neste sjanse er om tre år. På Agroteknikk får du samstundes oppleve mykje glede. Tar du deg tid, kan du få mange gode innspel frå engasjerte bønder. Frå folk som bryr seg om landbruksnæringa. Men bryr Listhaug seg?