Kverneland vann mot Tanco

Irske Tanco, som produserer kombipressa som Gjerstad-Agma i si tid presenterte, har tapt eit søksmål mot Kverneland. Taarup Bio er ingen kopi av den gule kombipressa, slår retten fast.

Publisert

Eigarane av Tanco, Moorings Holdings Ltd. kravde 20 millionar kroner av Kverneland ASA, men må i staden betale Kverneland ein halv million i sakskostnader. Moorings vurderer no om dommen skal ankast.

Det irske selskapet meiner at Kverneland Taarup Bio bortimot er ein kopi av pressa dei produserer, mens Kverneland meiner at Bio er oppfunnen omlag på same tid som Tanco si utgåve. Kverneland meiner vidare at dei to maskinene har vidt ulike konstruksjonsløysingar. Til dømes har Bio ein roterande ring med plaststrekkarane, mens Tanco har satellittarmar.

Tanco hadde håpa å selje 350 maskiner på den norske marknaden. Til no har dei selt fem. På same tid er det selt 450 Bio.

Powered by Labrador CMS