Du er her

Kvar fjerde er JD, kvar femte er MF...

...og Valtra tar tredjeplassen. 2016 vart hårfint betre enn 2015, men er likevel eit skikkeleg svakt traktorår med 3085 nyregistrerte.
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 02.01.2017 21:05

John Deere er, tradisjonen tru, vinnaren på den norske traktormarknaden med kvar fjerde nyregistrering. Denne gongen etter eit år der det har butta litt. Det er typisk for John Deere: Etter eit godt år, som 2015 var, kjem eit svakare år. Slik sett er ikkje 2016 så gale som tabellen kan sjå ut til. Marknadsandelen er faktisk ørlite høgare enn gjennomsnittet for dei siste 10 åra. Samstundes er talet traktorar omlag 120 lågare enn snittet for 2006 til 2015. Julemånaden vart heller ingen opptur for JD, med ein tredjeplass bak MF og Valtra.

Det må nemnast at mange kundar nok sit på gjerdet og ventar på nye 5R, ein traktor det knyter seg særs store forventningar til mellom dei gul-grøne. Så alt no må det vere lov å tippe at John Deere får ein opptur att i 2017. Men høgare enn førsteplass er det ikkje råd å kome.

Godt gjort av MF

Mens felleskjøpa har hatt eit stabilt år, har Eik-kjeda gått gjennom store endringar, der mykje av merksemda har vore knytt til å integrere Valtra og Akershus Traktor. Difor meiner vi Eik viser styrke ved at MF ikkje berre har klart seg godt, men til og med styrka seg. Opp 26 traktorar i ein krevjande marknad og fram nesten eitt prosentpoeng. Marknadsandelen er faktisk MFs tredje beste dette årtusenet. Som vanleg for MF er sluttspurten i desember solid. Slik har det alltid vore, og i alle statistikkar som omfattar 12 månader blir dette jamna ut.

Sterkt Valtra-år

Også Valtra har gjort det svært godt i 2015, ikkje minst når vi tar omsyn til situasjonen med skifte av importør og endringar i forhandlarnettet. Faktisk må vi tilbake til 2009 for å finne høgare marknadsandel.

Varsam framgang for A-K

Om du hugsar 2015, noko dei fleste i A-K helst ynskjer at dei ikkje gjer, var det ein annus horribilis for CaseIH og New Holland. Marknadsandelen fall til to tredelar av normalt nivå, og totalt passerte der ut 434 nye traktorar gjennom porten på Kløfta. Gjennomsnittet for dei ti føregåande åra var over 800.

Ser vi historisk på det, er heller ikkje 2016 noko godt år, men målt mot 2015 er det framgang å spore. Særleg CaseIH har ein pen oppgang, men begge merka har langt att til der dei var før.

No har A-K ny leiing. Det uttalte målet derifrå er ikkje først og fremst auka marknadsandel, men betre inntening. Vi ser likevel ikkje bort frå at A-K vil legge seg i selen for å ha ein større del av marknaden enn dei har i 2016.

Tidenes beste for Fendt – igjen!

Fendt har auka marknadsandelen sin kvar av dei siste seks åra. Resultatet for 2016 er 50 prosent fleire nyregistrerte enn i 2013 og 2014. Når vi også veit at dette er traktorar som bidrar til stor omsetnad, og i høge effektklassar, har verkeleg Eik lov å vere nøgde.

Opp og ned og opp for Deutz-Fahr

Sjølv om resultatet for 2016 er godt mot 2015, må vi hugse at 2015 var eit uvanleg dårleg år for den lysegrøne. Dei fem føregåande åra var snittet 163 traktorar årleg, mens marknadsandelen låg på 4,6 prosent. Med andre ord: Det går litt fram, men der er meir å gå på.

Claas kan berre gå opp

Fire månader i 2016 har Claas hatt 10 eller fleire nyregistreringar. Desember er årsbeste, med 15. I juli var talet null. Totalt 88 traktorar på eitt år er ikkje mykje å skryte av for eit merke som vil leike med dei store. Det er ingen tvil om at turbulensen på importørsida har gitt utslag her. No er eit nytt forhandlarnett på plass, og importøren har solid kapital i ryggen. Vi ventar spent på 2017.

Vi du sjå 2016 i perspektiv, sjekk desse tala: Gjennomsnitt siste ti år er 161 traktorar. Sist år enda på nesten halvparten, med 88. Claas hadde sitt beste år det andre året på den norske marknaden, i 2007 med 245 traktorar.

Kubota klatrar roleg

Mange er spente på Kubota. Enno er ikkje japanaren større enn omlag ein tidel av Valtra, og auken har gått seint til no, men samstundes har den oransje gjennomført sitt beste år i nyare tid. Vi forventar vidare vekst i 2017.

Bremsen på for Zetor og McCormick

Mens Zetor går tilbake til to tredelar av nivået i 2015, er McCormick halvert. For Zetor skuldast mykje av tilbakegangen at dei større merka har rimelege alternativ i eigne fargar, samstundes som prispresset reint generelt er sterkt. Zetor har hatt kontinuerleg tilbakegang sidan 2011.

For McCormick er det ingen tvil om at bortfallet av den største importøren, med tilhøyrande forhandlarstruktur, er merkbart. McCormick fekk ein knekk i 2008/2009, og har etter det aldri klart å kome tilbake på gamle høgder. Nivået var likevel ganske stabilt til og med i fjor.

Faktaboks

Månaden desember og året 2016

Normalt er registreringstala høge i desember. Typisk vert over 12 prosent av traktorane gjennom året registrerte i julemånaden. Det er tilfellet også i 2016. Det som er mindre typisk, er året under eitt. 3085 traktorar er ikkje noko minneverdig tal. Litt betre enn 2015, men samla sett det tredje svakaste av dei ti siste traktoråra.

Full gjennomgang i BG 1/2017

I årets første papirutgåve av Bedre Gardsdrift kjem vår komplette og detaljerte statistikk med dei mest populære modellane og traktorseriane, basert på nøye kontrollerte tal. Registreringsstatistikken i Bedre Gardsdrift byggjer på informasjon frå Opplysningsrådet for veitrafikken (OFV). Talmaterialet vert kontrollert av Bedre Gardsdrifts redaksjon før vi lagar vår heilt eigne statistikk.

Bedre Gardsdrift nr. 1 2017 kjem ut i slutten av januar.

Om du ikkje abonnerer på Norges største landbruksblad frå før, kan du gjer det her.