Du er her

Krev opprydding i trafikkreglane

Bedre Gardsdrift, Norges Bondelag og Traktor- og landbruksmaskinimportørenes forening har sendt eit ope brev til samferdsleministeren og landbruksministeren, med krav om opprydding i trafikkreglane.
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 08.02.2013 13:15

Brevet tar for seg eit breitt utval av problema som du møter om du skal ut på vegen med ei landbruksmaskin: Førarkortreglar, breiddereglar, kjettingkrav, vektreglar, typegodkjenningsrutiner, forbodsskilt mot traktor og mykje meir.

I innleiinga på brevet, som har tittelen "Rydd i trafikkreglane – no!", står dette:

Stadige innspel frå heile landet viser at trafikkreglane i den praktiske kvardagen er eit svært viktig rammevilkår for norske bønder, ofte med utslag som ingen politikar har meint slik.

" Regelverket for traktor har knappast vore oppdatert sidan den gongen ein vanleg landbrukstraktor hadde 60 hestekrefter og gjekk i 30 km/h, med vekt som ein litt stor personbil. Etter som andre reglar er blitt endra, og traktorane er blitt større og større, har traktorane vakse seg inn i andre regelverk enn dei er meinte å vere underlagt. Samstundes har landbruket endra seg svært mykje, og traktorbruken deretter. Det å kunne bruke traktoren på trygt vis, utan unødige hinder, er ein føresetnad for å kunne drive landbruk som i dag.

I korte trekk er dette innhaldet i det fire sider lange brevet:
1: Krav om snarleg endring av reglane for førarkort/føraropplæring, breiddereglane og kjettingreglane
a) Vi ber om at føraropplæringa til klasse T blir gjort vesentleg betre, at alle som har hatt klasse T i meir enn to år automatisk får rett til å køyre 50 km/h-traktor, og at dei som treng høgare hastigheit gjennom eit kurs får høve til det.
b) Samstundes som at opplæringa til klasse T blir skjerpa, må den mellombelse orndinga for breiddereglane erstattast av eit permanent regelverk slik landbruket gjekk inn for i 2009. c) Traktorar må få unntak frå regelen om å alltid ha med kjettingar i "piggdekkperioden".

2: Vi ber om at alt av reglar knytt til landbruksmaskiner i trafikken blir revidert, og nemner desse døma:
- Definisjonen av traktor
- Skiltet "Forbode for traktor"
- Køyring med frontreiskap
- Vektreglane for tilhengar
- Krav til skrivar
- Registreringskrav brei reiskap
- Frakt av brei last
- Meir enn ein tilhengar
- Bruk av traktor som følgekøyrety- Typegodkjenningsrutinar

Brevet er sendt 8. februar, og er signert av Nils T. Bjørke, leiar i Norges Bondelag, Gunnar Thorud, leiar i TLIF, og Jogeir M. Agjeld frå Bedre Gardsdrift.

Her kan du lese heile brevet.

Innspel, kommentarar og ytringar er sjølvsagt velkomne i kommentarfeltet under og på debattforumet vårt, og du kan også sende oss epost ved å klikke på namnet øvst i artikkelen.

"