Du er her

Kor mykje kostar eigentleg ein traktor?

FRA ARKIVET: Å samanlikne prisane frå år til år, eller traktor til traktor, er ikkje for sarte sjeler.
Av Redaksjonen
Publisert 27.02.2019 09:30

Denne teksten er hentet fra Bedre Gardsdrift nr. 10/2017:

Her går det opp, ned og sidelengs på nivå med det du vanlegvis finn i store fornøyelsesparkar. Dessutan må du halde tunga rett i munnen for å navigere mellom listepris, rettleiande pris og reell pris.

Enkelte snakkar også om tilbodsprisar, og dei fleste opererer med kampanjeprisar. Og så har du Dong Feng, som du kan handle i nettbutikk til fastpris. Listeprisen, som er den du finn i traktoroversikten, er ofte diktert av produsenten, medan dei andre prisane har importøren meir kontroll over.

Styrt frå utlandet

Hos merke som John Deere, Fendt og Valtra står listeprisane i praksis stille i høve til i fjor. Tredjemann i Agco-stallen, derimot, har blitt pålagt å følgje den same prisstrukturen som gjeld for Massey Ferguson i heile Europa, noko som på papiret har relativt store konsekvensar for prisane.

Her har fabrikken pålagt importøren ein prisstruktur som fører til at listeprisen på enkelte modellar har auka med over 30 prosent, noko importøren må innfinne seg med sjølv om dei ser det som både beklageleg og uheldig. Men dette betyr ikkje nødvendigvis at tilbodsprisen til kunde har auka så mykje, om den har auka i det heile.

Mindre luftig

Hos A-K maskiner er det motsett. Her har dei lagt om prissystemet sitt for New Holland og CaseIH slik at listeprisen er ein rettleiande pris som skal vere ein betre refleksjon av den reelle prisen på traktoren.

Samanliknar du prisar frå tidlegare år med dei i årets oversikt, vil du sjå at prisane på traktorane i A-K-stallen er frå 13 til 37 prosent lågare. Så der har det forsvunne mykje luft i prisane.

Nøkkelord