Du er her

Kontrakt for brukt traktor

Det er alltid lurt å vere trygg. Handlar du brukt traktor, er du tryggast om du brukar Bedre Gardsdrifts kontrakt. Du får den heilt gratis her.
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 24.10.2012 00:15

Her kan du laste ned kontrakten for kjøp av brukt traktor.

Våre mest trufaste lesarar veit at vi har hatt ein kontrakt liggande til fri nedlasting i mange år. I samband med at vi også har lansert eit avtaleformular for brukt reiskap, har vi revidert heile traktor-avtalen. Etter kva vi veit, er dette den einaste kjøpekontrakten for traktor som finst fritt tilgjengeleg, og den einaste kjøpekontrakten som er tilpassa akkurat slik handel.

" Alt på to siderDei viktigaste endringane frå førre generasjonen av BGs kjøpekontrakt er at vi har flytta dei viktigaste tinga så langt fram som råd, og stokka dei ulike elementa betre. No kjem alt det viktige inn på to sider. Vil du vere meir detaljert, er der eit vedlegg på ei side som du også kan skrive ut, i tillegg til at du sjølvsagt står fritt til å føye til så mange andre vedlegg du ynskjer elles.

Det som er viktig for degPoenget er at avtalen skal vere enkel og grei, lett å fylle ut og lett å forstå. Vil du vere detaljert og nøye kan du vere det. Vil du gjere det kjapt og enkelt: Versågod. Her fyller du ut det som er viktig for deg, så enkelt er det. Kjøper du usett, tilrår vi likevel at du er litt nøye. Det same om du handlar for det du opplever som store pengar.

Under "Dokumenter"Om du les dette no, men ikkje har behov for kontrakten enno, kan du hugse at du finn den under "Dokumenter" i menyen til venstre. Der er også mykje anna rart, så det kan vere vel verd å ta seg ein titt av og til i alle fall.

Innspel er velkomne!Den nye versjonen av kjøpekontrakten er oppgradert etter innspel frå Bedre Gardsdrift sine lesarar. Du skal ikkje ta det for gitt at andre seier kva dei meiner, og for oss er det heilt avgjerande å få innspel. Berre då kan vi klare å bli enda betre. Difor skal du ha låg terskel for å melde tilbake om der er ting du vil ha endra, eller om der er andre typar dokument eller hjelpemiddel du trur vi kan hjelpe deg med. Du er sjølvsagt også velkomen til å gi oss eit pip om du likar det vi gir deg...

God handel!