Jente (17) omkom i traktorulukke

ROGALAND/NÆRBØ: Den eine av tre tenåringar i traktoren omkom då ein traktor truleg kom ut av kontroll laurdag.

Publisert

Ulukka skjedde kring klokka 14.30 laurdag, i eit bustadområde på Nærbø.

Jenta som omkom var den eine av to passasjerar i traktoren. Ho har falle ut og blitt klemt under hjulet, seier Politiet til Bedre Gardsdrift. Politiet fortel vidare at alle redningsetatane rykte ut og kom fort til staden, men jenta døydde på staden.

Køyringa hadde ikkje samband med arbeid. Traktoren, ein tohjulsdriven MF 390T, var ikkje utstyrt med reiskap.

Usikkert kva som skjedde

– Det var tre personar i traktoren. I og med at den ikkje var godkjent for to passasjerar, er det mykje som tyder på at den omkomne ikkje var sikra med belte. Dette er av tinga vi skal klarlegge. Etter ulukka sto bakruta opa. Om den gjorde det under ulukka vil vi også undersøke. Vi veit ikkje sikkert korleis den omkomne ramla ut, og heller ikkje korleis ho kom under hjulet. Dei to andre i traktoren er naturleg nok i ein tilstand slik at dei har vanskar med å kome med klare svar no, seier politiet.

Politiet og  ulukkesgruppa i Statens vegvesen på ulukkesplassen. Foto: Magnus Østby

Undersøkingane så langt kan tyde på at traktoren kan ha kome ut av balanse. På ulukkesstaden er der både ein sving og ein fortauskant. Ulukkesgruppa i Statens Vegvesen er på plassen for å klarlege om noko knytt til vegen kan ha påverka ulukka. Den nær 20 år gamle traktoren vil også bli tatt inn for kontroll, for å avdekke om tekniske feil kan ha medverka.

16 år gammal førar

Føraren av traktoren var ein 16 år gamal gut frå nærområdet. Det er ikkje mistanke om at føraren var rusa. Den tredje personen i traktoren var ein annan gut på 16 år. Alle dei tre kjende kvarandre frå før.

Førarkortet til føraren er beslaglagt. Politiet vil vurdere om han har køyrd aktlaust. Samstundes understrekar Politiet at også føraren er å rekne som pårørande i denne situasjonen, og at også han får oppfølging og hjelp.

Kriseteam på plass

Dei pårørande er i ferd med å bli varsla. Ved slike ungdomsulukker femnar definisjonen av pårørande ganske vidt. Ulukka har sett eit sterkt preg på nærmiljøet. Det kommunale kriseteamet er kopla inn. Kyrkja er opna for alle som vil samlast. Ordførar, sokneprest og kriseteamet er til stades.

Jenta er frå ein kommune lengre nord i fylket, men har gått på skule i nærområdet. Kva tiltak som eventuelt skal settast i verk i jenta sin heimkommune er til vurdering.

Den tredje liknande ulukka sidan 2009

Dette er tredje ulukka av denne typen sidan 2009. Dei tre ulukkene har til felles har der har vore tre personar i hytta i alderen 16 til 17 år. Traktorane har ikkje vore brukt i samband med arbeid når ulukkene har skjedd. Den eine av dei tre har ramla ut, etter at noko uventa har skjedd under køyringa. I eine ulukka kom traktoren utfor vegen. I den andre hoppa den på ein fortauskant. I denne tredje er det truleg at noko liknande har skjedd.

Powered by Labrador CMS