Akershus Traktor Vinstra_2

Ingen EU-kontroll av traktor

EU har trekt sitt framlegg om periodisk køyretykontroll av traktor, ei ordning samferdsledepartementet har vore svært skeptiske til.

Publisert

EU har funne ut at det ikkje er så mykje å vinne på å sende traktorane som går over 40 km/h lange vegar for å sjekke at alt er i orden på ein periodisk kontroll.

I september gjorde EU framlegg om periodisk kontroll av traktorar med konstruktiv hastigheit over 40 km/h, og dessutan mopedar og motorsyklar. Dessutan vart det foreslått at køyrety som i dag blir kontrollerte kvart andre år skulle til kontroll kvart år.

Samferdsleminister Marit Arnstad (Sp) meinte at framlegget ikkje ville ha tilstrekkeleg stor nytteverdi til at det var meining i å innføre det, og har stritta imot.

Frå landbruket har mellom anna Bondelaget ytra seg som skeptiske til framlegget om periodisk kontroll av traktor, rett og slett fordi det vil vere svært vanskeleg å gjennomføre i praksis. Seinast i går sa bondelagsleiar Nils T. Bjørke til Bedre Gardsdrift at organisasjonen er svært opptatt av trafikktryggleik, men at tiltaka som blir innført må stå i stil til nytteverdien.

No har EU på eit rådsmøte i Brussel trekt framlegget frå september, og dermed kan du berre finne fram trompeten og blåse faren-over-signalet i denne saka.

Powered by Labrador CMS