Du er her

Info og ordforklaring

Her får du forklaring på kva som er meint med forkortingane og uttrykka våre.
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 12.02.2008 09:55

Dei aller fleste vil nok forstå det aller meste. Likevel har vi valt å forklare skikkeleg kva vi meiner med alle eigenskapane du finn i oversikten, slik at det ikkje skal vere rom for tvil.


Årsmodell

For alle oppført som 2006-modell eller tidlegare, er data henta inn tidleg på hausten det aktuelle året. For alle oppført som 2008-modell eller seinare, er prisar og data innhenta på tampen av føregåande år. Dette er grunnen til at året 2007 ikkje er eit alternativ, avdi vi dette året endra frå å presentere data for utgåande modellar til å be om data for komande modellar.


Pris

Den oppgitte prisen er gjeldande listepris ved innhenting av data, eksklusive MVA, og med det utstyret og dei dekka som er opplista i tabellen. Dei aller fleste traktorar har eit breitt utval av alternativt utstyr, som kan påverke prisen.


Pris pr. hk

Dette gir ein indikasjon på traktorens prisnivå, men du skal vere litt varsam med å bruke det talet. Her er nemleg fleire feilkjelder: To tilsynelatande samanliknbare traktorar kan vere noko ulikt spesifisert i prislistene, og bruk av ulike effektstandardar kan gi ganske store utslag på hk-prisen. Tar du omsyn til desse detaljane, er hk-prisen ganske interessant.


Effektstandard

Vi har i mange år prøvd å få importørane til å melde inn effekt etter ein bestemt standard, men det har vi aldri lukkast med. Difor har vi no bede om å få oppgitt kva standard oppgitt effekt er målt etter.

Trass i at det no er standarden 97/68 EC som skal brukast ved EU-typegodkjenning, får vi oppgitt både ISO 14396 og ECE R24 i tillegg. Ver klar over at 97/68 EC gir høgare effekt enn dei to andre. Det er ikkje mogeleg å seie at den eine gir X prosent høgare eller lågare verdi enn den andre, fordi dette i stor grad blir avgjort av korleis motoren er konstruert og kor kraftkrevjande til dømes kjølevifta er.


Nominell og maksimal effekt

Nominell effekt er kva traktoren normalt yter ved fullt turtal.
Maksimal effekt oppstår når motoren er belasta såpass at turtalet fell litt.
I tillegg har mange motorar det vi kallar ekstraeffekt. Også her er ein verdi ved maksimalt turtal, og ein verdi ved litt turtalsfall. Vi har spurd etter den høgaste effekten motoren er oppgitt til å kunne yte.
Skal du rekne på kva traktoren lovleg kan dra av tilhengarvekt, er det effekten i vognkortet du må gå ut frå. Den er ikkje oppgitt her, så til slik bruk er våre tal einast rettleiande.
På motorar med ekstraeffekt er desse kodane brukt for å fortelje når ekstraeffekten er tilgjengeleg:
- km/h: Ekstraeffekt når farten er over eit visst nivå
- gir: Ekstraeffekt i visse gir
- pto: Ekstraeffekt når kraftuttaket er innkopla - hydr.: Ekstraeffekt når hydraulikken er belasta over eit visst nivå


Dreiemoment

Dei aller fleste traktorar har eitt tal for maksimalt dreiemoment. Nokre har likevel to momentkurver: Ei når traktoren køyrer i normalt modus, og ei momentkurve når ekstraeffekten er innkopla. I så fall er momentet ved aktivert ekstraeffekt også oppgitt.


Transmisjon

Mekanisk transmisjon betyr at du må kløtsje ved alle girskift.
Hurtiggir betyr at traktoren har minst to gir du kan skifte mellom utan å kløtsje, og utan at momentet til drivhjula blir brote. Det finst transmisjonar med frå to til åtte hurtiggir. Du finn opplysningar om kor mange hurtiggir traktoren har.
Automatisk hurtiggir betyr at traktoren sjølv under visse forhold kan skifte hurtiggir. Det er også normalt at denne automatikken er programmerbar, slik at du sjølv kan velje når automatikken skal gire.
Powershift er ein transmisjon der alle gir framover kan skiftast kløtsjfritt, utan momentavbrot, og det same gjeld alle gir bakover. På enkelte utanlandske språk er ordet powershift også brukt om hurtiggir, men vi brukar omgrepet berre om såkalla full powershift.
På traktorar med powershift er alle gira ført opp i rubrikken for hurtiggir. Dei aller fleste her er automatiserte.
Hydrostat er ein trinnlaus transmisjon som er reint hydraulisk. Denne kan ha fleire arbeidsområde som vert skifta mekanisk. Slike mekaniske trinn kan vere oppført under "gruppegir".
Trinnlaus er eit omgrep vi brukar om mekanisk-hydrauliske transmisjonar der du kan endre farten frå null til full, der effekten i visse område er overført nesten 100 prosent hydraulisk, og der den ved aukande fart i stadig større grad blir overført nesten 100 prosent mekanisk. På engelsk er denne omtala som CVT (continuous variable transmission), mens mest kjente merkevarenamn på ein slik transmisjon er Vario frå Fendt. Eventuelt mekaniske trinn kan vere oppført under rubrikken for gruppegir.
Kan traktoren køyre med redusert motorturtal i toppfart, er dette markert i tabellen. Ein slik eigenskap sparer drivstoff og slitasje, og reduserer støyen.
Vendegir betyr at du har ein spak eller knapp som lar deg velje køyreretning, og at farten bakover vil vere omlag lik farten framover.
Kløtsjfritt vendegir er kort og godt eit gir som skiftar køyreretning utan at du treng å bruke kløtsjen.
Synkronisert vendegir betyr at du kan skifte retning utan å stå heilt stille, men du må kløtsje.
Usynkronisert vendegir er slik at traktoren må stå stille for å skifte køyreretning, og du må kløtsje. Traktorar utan vendegir har eige reversgir på hovud- eller gruppegirspaken, slik at du har færre gir bakover enn framover.


Toppfart

Datainnsamlinga for 2008 er delvis gjort før det vart opna for 50 km/h, men leverandørane har fått høve til å korrigere datamaterialet i etterkant

I og med at alle ikkje er klare med prisar og kva spesifikasjonar dei ynskjer å ha på sine 50 km/h-traktorar, står nokre oppgitt i merknadsrubrikken som "kan også leverast som 50 km/h", mens andre er lagt inn slik at du får treff på dei om du sorterer spesifikt etter 50 km/h.


Kraftuttaket

Kraftuttakseffekten er den mest interessante effekten i tabellen vår, fordi den viser kva effekt du faktisk har tilgang på til å få utført eit arbeid. Diverre er det framleis svært få som oppgir kraftuttakseffekt.
Kraftuttaksturtal
Tabellen viser kor mange og kva turtal som er standard. For nokre svært få traktorar kan det finnast turtal som ikkje stemmer med standardalternativa, slik at traktoren kan stå oppført med fleire hastigheiter enn det som er kryssa av som standard. I så fall skal det vere markert i merknadsrubrikken. For kraftuttak framme har vi berre oppgitt om det er standard, ekstra eller ikkje tilgjengeleg.


Trepunkt

Løftekraft i daN (tilsvarer ca. løftekraft i kg) bak og på eventuelt frontløft, og betjening av dette, kan du finne når du kjem djupt nok inn i traktoroversikten. På betjening ser du om EHR (elektronisk hydraulikkregulering) er standard eller ekstrautstyr, eller om du må klare deg med mekanisk hydraulikkregulering. Løftekraft og betjening framme kan stå i tabellen sjølv om frontløftet er ekstrautstyr.


Hydraulikk

Type hydraulisk system kan vere lastkjennande, lukka senter eller ope senter.
Hydraulikkapasiteten i liter pr. minutt skal vere det du har tilgjengeleg til utvendig hydraulikk. Det traktoren treng til å drive eigne funksjonar skal ikkje vere medrekna her.
Standard tal doble uttak viser, for å seie det enkelt, kor mange dobbeltverkande toppstag du kan kople til.
Tal el-betjente ventilar seier kor mange av ventilane som har el-hydraulisk betjening som standard. Ant. v. reg tid/mengde betyr "kor mange ventilar har regulering av tid og mengde". Eit svar av typen 4m, 2t betyr at fire ventilar har mengderegulering, mens to har tidsregulering. Står der "alt", har alle ventilane full tids- og mengderegulering.


Vendeteigsautomatikk

Med vendeteigsautomatikk meiner vi at ein knapp skal kunne programmerast til å utføre slikt som løft av trepunkt, innkopling av kraftuttak, kopling av firhjulstrekk og sperre, og ymse andre funksjonar. Føraren skal sjølv kunne legge inn kva som blir gjort når, og køyre sekvensen enten steg for steg eller alt saman fortløpande, berre ved å trykke på knappen.


Vekt

Oppgitt eigenvekt er kva leverandøren meiner at traktoren veg i standardversjon. Endrar du utstyret, endrar du også eigenvekt og følgjeleg nyttelast. Tillatt totalvekt er den verdien som kjem i vognkortet, på kva traktoren maksimalt kan vege med rett fordelt last.


Dimensjonar og dekk

Alle verdiar her er for den oppgitte standardutgåva. Fleire traktormodellar finst med lågprofiltak. Høgde og/eller svingradius kan endrast ved anna val av dekk, ved bruk av svingbare skjermar framme og så vidare. På ein del traktorar kan du velje større dieseltank. Ofte er dette oppgitt i merknadsrubrikken.


Klimaanlegg

Svaralternativet nei er greitt: Då kan ikkje traktoren leverast med anna enn ordinær ventilasjon.
Ekstra betyr at ei eller anna form for klimaanlegg kan leverast.
Manuell betyr at ventilasjonsanlegget har ein eigen knapp der du slær av og på aircondition (AC). Auto betyr at ventilasjonsanlegget har aircondition, og at det automatisk kan regulere temperatur, vifte og luftstraum.


Fjøring

Fortel rett og slett om fjøring er standard- eller ekstrautstyr på denne modellen, eller om det er utilgjengeleg.


Merknader

Her kan leverandøren fritt gi relevante tilleggsopplysningar ut over det som kjem fram av tabellen elles.


Manglande data

Før 2008 er utvalet av data begrensa, avdi vi ikkje spurde like omfattande den gongen. Etter 2008 har vi etterspurd langt fleire data, og det har vore opp til importøren å levere utfylt skjema.

Søkjer du etter traktorar med kløtsjfritt vendegir, og ein leverandør ikkje har oppgitt kva type vendegir traktoren har, får du ingen treff sjølv om traktoren kan ha det du søkjer etter. Søkjer du etter traktorar i området 600 000 til 800 000, får du ikkje opp aktuelle modellar der det ikkje er oppgitt pris.

Blanke felt vil også kome nedst når du sorterer etter størst/minst.