Ailin Skårland overlevde den alvorlege traktorulukka. Ho brukte setebelte. Foto: Privat
Ingen forventar å køyre av vegen her. Likevel skjer sånne ulukker. Legg merke til framhjula, som peikar rett framover. Foto: Privat
Bedre Gardsdrift har ført statistikk over alvorlege traktorulukker sidan 2008. Det normale utfallet av ei ulukke som dette er at føraren døyr, om ikkje føraren brukar setebelte. Foto: Privat
Ailin Skårland var mest oppteken av at traktoren var øydelagt. Tor Gudmestad prisar seg lukkeleg over at ho overlevde. Foto: Privat
Åtte sting. Etter forholda er det eit minne til å leve med. Foto: Privat

"I dag trur eg belte redda liv."

​Ailin skulle berre ein liten tur. Så låste styringa seg, traktoren skar over vegen i 40 km/h, utfor ein kant. Ailin takkar beltet for at ho lever.

Publisert

Tor Gudmestad eig traktoren. Den dagen dette skjedde sende han ei kort men sterk melding til oss: "I dag trur eg belte redda liv."

Bileta som følgde meldinga treng ingen bildetekst. Dei viktigase orda er desse: Føraren overlevde. Ho brukte belte.

– Lag ei sak dersom det kan berge andre

Når vi pratar saman dagen etter ulukka, slær Tor Gudmestad det fast klart og tydeleg: Om ein omtale av denne ulukka kan føre til at andre også brukar beltet, bidrar han med både historia om det som skjedde og bilete. For han er ikkje i tvil: Utan setebelte ville det gått alvorleg gale med Ailin som køyrde då styringa svikta.

Styringa låste seg

Ailin Skårland, som arbeider for Tor Gudmestad, fortel til oss at ho køyrde langs vegen som vanleg, på veg for å hente ein container, før ho skulle kople om og ta til å køyre husdyrgjødsel. Når arbeidsdagen var omme, skulle ho hente ungane i barnehagen og reise heim til ein roleg kveld. Slik gjekk det ikkje.

Brått, mens ho ligg langs vegen i litt over 40 km/h, kjenner ho at styringa låser seg. Ho rekk å sleppe gassen. Kva meir ho får gjort hugsar ho ikkje, anna enn at ho forstår at traktoren går utfor vegen, så ho held seg fast og knip att augene.

Rakk ikkje tenkje

– I det traktoren er i ferd med å velte rundt opnar eg augene, men eg knip dei att igjen. Eg trur eg skiftar grep så eg held rundt armlenet med høgrehanda. Eg trur ikkje at eg vart borte, men når traktoren har stoppa, høyrer eg at dieselen renn ut. Traktoren ligg opp-ned. Så spenner eg meg laus. Alt av glas, unntatt døra til høgre, er knust. Eg hugsar ikkje kor eg kryp ut. Taket er delvis slått av og hytta er skadd, men der er god plass til meg inni der likevel.

Nabo forventa det verste

Ein bonde på ein gard like ved ser at traktoren køyrer av vegen, og kjem springande til. Han fryktar det verste, og har varsla 113. Han forventar slett ikkje at der skal kome nokon ut frå traktorhytta, men er sjeleglad når han ser Ailin kjem krypande ut.

Ho er derimot mest av alt frustrert over å ha øydelagt traktoren. Men i ettertid forstår ho at hovudet ikkje var heilt med. Ho vert overraska over posen ho får med seg heim frå sjukehuset neste dag. Nedi der ligg blåtann-hørselsverna, solbrillene, kundeheftet og dieselboka der drivstoffyllingane blir noterte. Kundeheftet hugsar ho at ho fann fram, for det måtte ho få med så Tor kunne fakturere kundane. Dei andre tinga hugsar ho ikkje at ho tok med.

Berre lettare skader

Ailin blir henta av ambulanse. På sjukehuset må ho sy åtte sting på venstre hofte. Ho er forslått og har hjerneristing, og blir liggande på sjukehuset over natta til observasjon. Alt i alt er tilstanden ganske grei etter den brutale bråstoppen.

– Eg trur ikkje det ville gått like bra om eg ikkje brukte belte, seier ho forsiktig. – Eg trur ikkje alvoret heilt har gått opp for meg, men det stemmer nok at beltet berga meg.

Alltid belte langs veg

Heldigvis har Ailin for vane å bruke belte når ho køyrer traktor langs veg. Det har ho sjølv bestemt seg for, men også arbeidsgivar Tor Gudmestad har klare meiningar her. Han brukar belte sjølv, og oppmodar dei som køyrer for han til å gjere det same.

– Det er ikkje støtt eg er like flink til å ta det på om eg er mykje ut og inn av traktoren midt ute på jordet. Men på veg brukar eg alltid beltet. Det er eg glad for.

Rysta men glad traktoreigar

Då Ailin ringde Tor etter ulukka, var ho mest opptatt av at traktoren var øydelagt. Den er underordna.

– Å skaffe ny traktor lar seg løyse. Det viktige er at ho som køyrde som såpass bra ifrå det, seier ein rysta men letta Tor Gudmestad til Bedre Gardsdrift.

– Eg har sagt det til alle eg har snakka med etter ulukka: Det er ei lukke at ho brukte beltet. Det berga livet hennar. Sjølv brukar eg nesten alltid belte når eg køyrer langs veg. Eg ferdast ein del langs dårlege vegar med svake skuldrer, og bestemte meg for fire-fem år sidan for at eg skulle bruke belte. Så har eg følgt med på det som har stått om beltebruk hos Bedre Gardsdrift. Slike ulukker skjer jo utan at du veit det på førehand. Du kan aldri klare å halde deg fast i ein slik bråstopp. Då blir du kasta ut, og då er det uråd å vite korleis det går.

Gir ros til hjelpemannskapa og forsikringa

Både Tor og Ailin er fulle av lovord til alle som har vore involverte etter ulukka. Ailin skryter av ambulansefolka og oppfølginga på sjukehuset. Dagen etter ulukka vart ho oppringt frå Gjensidige med spørsmål om det gjekk bra med ho, om ho hadde hatt noko utlegg og om der elles var noko dei kunne stille opp med.

Tor kan fortelje at der fort kom takstmann til staden. Ulukka skjedde på føremiddagen. På ettermiddagen var traktoren borte, og ei gravemaskin hadde fjerna jorda som var blitt ureina av diesel.

– Det er godt å sjå at systema rundt oss fungerer så godt. Verken Ailin som køyrde traktoren, eller eg som eig den, trengde å tenkje på kva som måtte gjerast.

– Det var ikkje min tur

For Ailin vart ikkje dagen heilt som ho hadde tenkt. Men ho får nye dagar.

– Det var ikkje min tur denne gongen, seier ho stille.

Men du må ta litt av æra for det sjølv. Det var du som tok på deg beltet.

– Ja. Eg er glad for det.

Powered by Labrador CMS