Den nye A-serien blir ein viktig traktor for Valta i Noreg. Den offisielle avdukinga skjer måndag på Sima-utstillinga.
Motor og transmisjon blir som på MF 4700 og 5700 (må ikkje forvekslast med 5700 SL). Hytte, panser og enkelte detaljar får Valtra-særpreg.
Her er stamfaren til dagens A-serie: 502, lansert i 1971/72. Mykje er endra sidan den gongen, men du skal ikkje leite lenge før du kjenner att nokre særtrekk.

Heilt ny Valtra A4-serie

Valtra viser ein splitter ny A-serie på Sima-utstillinga, den største endringa på denne serien nokon gong.

Publisert

Dette skjer ikkje ofte: Valtra kjem med ein fullstendig ny A-serie, den såkalla A4-serien. Her er alt nytt, ikkje berre motor og ein og annan ny detalj.

Valtra A4 har sju modellar med namn frå A74 til A134, og effekt mellom 70 og 130 hk. Dei minste med 3,3-liters tresylindra motorar, og dei største med ein 4,4-liters firar. Alle oppfyller Tier4-krava, einast med bruk av SCR.

Dei nye modellane byggjer på Agcos nye globale plattformkonstruksjon for denne storleiken, der Massey Ferguson frå før har rulla ut 4700 og 5700-seriane i same effektklasse. Motor, transmisjon og det meste du elles finn under skalet er likt mellom MF og Valtra, men Valtra-versjonen vert levert med ei anna hytte. Denne er kort sagt ein nedskalert versjon av det du finn på Valtra N-serien.

Den offisielle presentasjonen av A4-serien finn stad midt på dagen måndag på Sima-utstillinga i Paris.
Bedre Gardsdrift er der og kjem tilbake med meir info.

Valtra A-serien

Sjølve grunnfjellet i Valtra-familien, rotfestet som alt har starta ut frå, er det som no heiter A-serien. Trass stadige oppgraderingar og endringar, kan vi følgje grunnkonstruksjonen tilbake til dei minste modellane i den legendariske 05-serien frå midt på 1980-talet, og frå den trekkje linjene heilt tilbake til modellen 502 som kom i 1972. Den gongen ein revolusjonerande traktormodell med støydempa hytte, flatt golv, høgremontterte girspakar og ergonomisk betjening, og stamfar til ein traktorkonstruksjon som har stått seg i heile 45 år.

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS