1504reg-graf

Hanglar vidare

Mars var eit blaff. Berre ein gong tidlegare har tala for siste 12 månader i statistikken vår vore dårlegare. Fordelinga mellom merka er omlag som sist månad. 

Publisert

Ser du på tabellane våre, kan det sjå sånn omlag greitt ut. Vi er i praksis på akkurat same nivå som i fjor på denne tida. Hugsar du godt veit du at fjoråret vart heller stusseleg, og året under eitt vart eit av dei dårlegaste i nyare norsk traktorhistorie. Så det er da ikkje blitt verre.

Om vi derimot fortel noko tabellane ikkje viser, er konklusjonen litt verre. Traktorregistreringane siste 12 månader er 510 traktorar (14 prosent) bakom tilsvarande periode fram til og med april i fjor. Berre perioden mai 2009 til april 2010 ser verre ut enn dei tolv månadane vi no har bak oss. Tala er så si sak, men dette betyr at det gjer vondt ymse stader i maskinbransjen for tida, og fornyingstakta i traktorparken er dårleg.

Hjorten, den raude og Fendten

John Deere er i ferd med å hente seg inn etter fjorårets nedtur. Så langt i år har hjorten plukka eitt til to prosentpoeng i marknadsandel for kvar månad, og er straks oppe og snusar på 30-prosenten.

Massey Ferguson hadde ein formidabel april i 2014, mens årets månad ligg på normalt nivå. Dermed har MF tilsynelatande stor tilbakegang frå i fjor, utan at vi vil trekke store konklusjonar på tal frå ein månad til ein annan. Søstermerke Fendt held veldig stø kurs, og kan markere sin andre månad oppe på femteplass.

Normalisert Valtra

Enno er der ingen T4-effekt å lese ut av registreringsstatistikken, men Valtra ligg i alle høve greitt an på tredjeplass etter ein litt slakk månad. Triveleg for Valtra etter det begredelege fjoråret. Saman med ein brukbart stabil Claas blir også Lantmännen sitt resultat ok.

Harde tak i A-K

New Holland har ein svakare månad enn Fendt, og har til no i år gjort det dårlegare og dårlegare månad for månad. Den blå er nede på ein tydeleg fjerdeplass, med to tredelar av volumet frå i fjor. Enda verre er det for CaseIH, som har måtta sleppe femteplassen til Fendt og no også er forbigått av Claas. 40 traktorar til no i år mot 73 på same tid i fjor, det er ikkje gode tal å skrive heim om.

I sum gir dette A-K 146 traktorar til no i år, halvparten av kva John Deere og Felleskjøpa har. Eikmaskin ligg knappe to prosentpoeng bak FK.

Nedover også for Deutz-Fahr

Det siste merket vi nemner i dag, med store endringar, er Deutz-Fahr. Saldo no er 29, mens fjoråret viste 46. Til samanlikning ligg McCormick ein traktor bakom Deutz-Fahr, og Kubota er for tida nesten halvparten så stor.

Powered by Labrador CMS