Gunnar Thorud
Gunnar Thorud tar over topplederjobben i A-K maskiner.

Gunnar Thorud blir ny adm.dir. i A-K

For ei veke sidan kunne vi melde at Gunnar Thorud slutta som sjef i Eikmaskin, for å starte i ny stilling hos Bertel O. Steen. I dag kjem meldinga om at han overtar som ny adm.dir. i A-K maskiner.

Publisert

35 år gamle Thorud tar til i jobben måndag 23. juni. Han har gjort ei rask karriere i Eikmaskin, etter at han var ferdig med landbruksteknikkutdanninga si frå Blæstad i 1996. 

Han starta først som produktspesialist traktor, deretter produktsjef traktor, så marknadssjef for heile Eikmaskin i 2001. Frå 2003 har Thorud vore administrerende direktør i Eikmaskin.

Ein handlekraftig sjef 

Han har i denne perioden vist seg som ein av de mest markante sjefane i norsk landbruksmaskinbransje, og han har vore med på å gjennomføre store endringar i Eik-kjeden. Thorud blir av enkelte oppfatta som ein tøff sjef, som ikkje alltid har mottatt unison jubel frå alle avdelingane i Eik-kjeden.

Bertel O. Steens sjef Marius Steen grunngir tilsettinga av Thorud med selskapets behov for sterk landbrukskompetanse innanfor si nysatsing.

- Gunnar Thorud har inngåande bransjekunnskap om landbrukssektoren og i tillegg personlege eigenskapar som gjer han godt skikka for å lukkast som leiar av A-K maskiner. Vi er difor særs godt nøgde med å få Thorud med på laget. Han vil kunne tilføre A-K maskiner verdifull kompetanse og erfaring, seier konsernsjef i Bertel O. Steen, Marius Steen.

Formalitetane på plass i går

Bertel O. Steen overtaking av A-K maskiner kom formelt på plass i går, gjennom registrering i Brønnøysund og alt det andre som høyrer med av jus-prega papirarbeid. Dermed står Bertel O. Steen no fritt til å drive sitt nye selskap som dei ynskjer. 

– Landbruksbransjen har mange fellestrekk med bilbransjen, mellom anna agenturforvalting, forhandlardrift og ettermarknad. Samstundes har landbruket sin eigenart, og det er viktig for oss å ha ein administrerande direktør meg solid bransjekunnskap, skriv Bertel O. Steen i pressemeldinga om direktørskiftet.

Godt likt sjef må gå

Thoruds jobbskifte betyr at Ole Grønvold, som i 2006 kom kom nettopp frå Bertel O. Steen, og i eit knapt år har hatt jobben som adm.dir. for Aage Bryns A-K maskiner, må finne seg noko anna å gjere. 

I løpet av denne tida har Grønvold sett i gang ei rekke tiltak for å betre A-K maskiners konkurransekraft og posisjon, etter ein periode med noko svak utvikling. Grønvold har omorganisert mykje av arbeidet på importkontoret, men er trass dei store endringane blitt ein svært godt likt sjef, som tydeleg har trivdest i landbruksbransjen.

Aktuell for Eikmaskin?

Bedre Gardsdrift har spurd Ole Grønvold om han er aktuell for den ledige jobben som adm.dir. i Eikmaskin.

– Det har eg ikkje tatt stilling til. Om nokon spør, skal eg tenkje over det, svarer Grønvold.

Powered by Labrador CMS