Traktorer og landbruksmaskiner må ha god nok plass til å komme fram når nye veier planlegges.

Gi plass til landbruket

«Over alt i landet ser vi det same. Nye vegar blir planlagt utan tanke på at der skal ferdast landbruksmaskiner.»

Publisert

Lederartikkelen er hentet fra Bedre Gardsdrift 6/2017.

- La vere å køyre der, eller sett traktoren på lastebil!

Slik lydde det arrogante svaret frå ein seksjonsleiar i Statens vegvesen i Sogn og Fjordane, då ein traktorførar gjennom lokalavisa åtvara mot farlege situasjonar. 

Langs den aktuelle vegen er det ikkje plass til å svinge ut for å sleppe forbi trafikken som samlar seg bakom. Situasjonen vart forverra då Vegvesenet sette opp støyperekkverk for å redusere risikoen for utforkøyringar.

  • I 2008 kommenterte Bedre Gardsdrift det paradoksale i at all traktortrafikk forbi Levanger må gjennom bykjernen for å unngå risiko for ulukker på E6 som går utanom sentrum. 
  • Frå Rogaland høyrer vi om autovern der opningane ut mot jordet er så tronge at det ikkje er plass til å få med seg normalt breie reiskapar. 
  • I Sogn og Fjordane har vi opplevd at Vegvesenet ville bygge om avkøyrsla på gardsvegen til å bli nærast som ein sykkelveg, slett ikkje tilpassa traktor med tvillinghjul og slept reiskap. 
  • Frå Austlandet får vi forteljingar om vegar med midtdelar der busslommene er akkurat store nok til at skurtreskaren kan sleppe forbi personbilar, men ikkje lastebilane. Dermed blir det lang hale med bilar likevel. 
  • Og nyss fortalde vi om Fryasletta i Gudbrandsdalen, der landbruket er tvinga til å køyre E6 fordi det manglar 700 meter lokalveg til omkøyring, etter at 6,5 milliardar kroner er brukt opp.

Over alt i landet ser vi det same. Nye vegar blir planlagt utan tanke på at der skal ferdast landbruksmaskiner. Eksisterande vegar blir utbetra, får rekkverk, midtdelar eller noko anna som i utgangspunktet er bra, også det utan tanke på at der skal ferdast landbruksmaskiner. 

For å minske skaden må det til ein unødig og intens lokal kamp, ofte frå enkeltbønder. Det å endre på noko som alt er utført viser seg som regel å vere uråd.

Statens vegvesen må erkjenne at vi i all framtid vil ha behov for at landbruksmaskinene ferdast langs veg.

Det som skal til, er at Statens vegvesen, i samråd med bondeorganisasjonane og maskinbransjen, ser på kva som skal til for å lage vegane slik at dei også er tilpassa ferdsel med landbruksmaskiner. Ofte er det enkle tiltak. Ein meter breiare opning i autovernet. Utkøyringslommer med litt større breidde. Eit spørsmål til det lokale bondelaget om her er noko særskilt å ta omsyn til.

Statens vegvesen må erkjenne at vi i all framtid vil ha behov for at landbruksmaskinene ferdast langs veg. Slik har det vore frå dei første traktorane kom til landet, og slik må det vere for at bonden skal kunne gjere jobben sin. Den erkjenninga må inn i vegnormalane, og inn i bevisstheita til dei som jobbar i Vegvesenet.

Powered by Labrador CMS