Forbode med to hengarar

I eit brev Vegdirektoratet har sent ut til vegkontora, pressiserer dei at det ikkje er lov å køyre med to hengarar bak ein traktor.

Publisert

Brevet er adressert til Rogaland vegkontor, og er truleg eit resultat av dei svært store traktorvogntoga på Jæren som har provosert både lastebilnæring og andre.

I brevet viser direktoratet til regelverket, der det heiter Motorvogn må ikke brukes til å trekke tilhenger eller tilhengerredskap uten at dens trekkdel er av type og størrelse som er tillatt for vedkommende tilhenger eller tilhengerredskap, eller uten at tilhengerens eller tilhengerredskapens dragdel passer til motorvognens trekkdel.

Både godkjent og nekta

Frå tidlegare veit vi at nokre trafikkstasjonar har godkjent køyring med fleire tilhengarar bak traktoren, mens andre har nekta. No meiner altså direktoratet at den siterte delen av regelverket peiker på tilhengar i eintal, og at dei siste orda viser at ein tilhengar berre kan vere kopla til motorvogn.

Det er likevel tydeleg at ingen har tenkt særleg grundig på om regelen gjeld ein eller to tilhengarar då regelverket vart skrive. Til så lenge er regelverket slik, men vi bør vente oss at spørsmålet blir tatt opp i samband med komande revisjonar av regelverket for traktorar.

Dei andre pressiseringane skulle vere kjende for deg som les Bedre Gardsdrift. Mellom anna blir det peika på vekt- og effektgrensa for traktorar som går over 30 km/h.

Powered by Labrador CMS