Flyttbart kalvehus

Publisert

Åmund og Ola Eikeland frå Ålgård på Jæren er i gang med å lage seg eit mobilt kalvehus. Tanken er at kalvane som blir fødde om sommaren skal få sleppe ut på beite, men samstundes få seg litt ly.

Reisverket i stål skal kledast med sprekkpanel, som har gode ventilasjonseigenskapar. Taket skal vere av stålplater.

Huset er tre meter langt, to meter breitt og 2,2 meter oppunder mønet. På eine kortsida sit det ei hurtigkopling, slik at det skal vere lett å kople på traktoren og flytte til ein annan plass. På den andre sida skal veggen vere open. Det skal ikkje vere golv i kalvehuset. Når liggeplassen ikkje er rein nok lenger, kan dei berre flytte huset til ein annan plass.

Sperrene er av 100 mm IPE-stål, mens skråstivarane og ståla oppe og nede er 50 mm vinkelstål med 5 mm godstjukn. Tvers over «golvet» går det eit rundstål for å halde veggane saman. Til feste for treverket er det påsveisa øyre av vinkelstål både på veggane og på takstolane. Desse har oppbora hol til treskruar. Hurtigkoplingsramma sit fastsveisa i to IPE-stål på 160 mm.

Huset vil vege 5-600 kg når det er ferdig, så det vil vere uproblematisk å frakte det på traktoren. Konstruksjonen er slik at kreftene skal overførast som strekkpåkjenning. Dermed blir huset lettare, for det trengst ikkje like grove dimensjonar for å ta opp strekk som du må ha ved trykkpåkjenning.

Men ein bør hugse å late att bakvindauget på traktoren når huset skal flyttast...

Powered by Labrador CMS